Jump to content
Arkivverket

Kjempeutfordring i Nordfjord/Sunnmøre/Romsdalen på 1700-talet - kvar vart det av søstrene Ragnhild (1732) og Steinor (1736) Olsdøttrer frå Jostedalen, som på 1750-talet flytte til Stryn og sidan truleg vidare til Sunnmøre/Romsdalen?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

På 1750-talet var det fleire personar som flytte frå Jostedalen over breen via Stryn i Nordfjord og vidare til Sunnmøre (mellom anna til Haram) og Romsdalen.  Eg trur dette var ei av dei aktuelle ættene, særleg av di kona døydde i Oppstryn i 1758!  Då eg første gongen jobba med denne huslyden på 1980-talet fanst det knapt nok kjelder å leita i der oppe, men kanskje det i dag er vorte enklare?  Ikkje minst av di den eine dotteri hadde det svært uvanlege namnet Steinor?  Eg finn to gode «kandidatar» til denne Steinor, ei i Norddalen og ei i Grytten (sjå under)!!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Knutson Garen, frå Nedreli, var f. kring 1692 og vart gravlagd frå Garen 10.9.1741.  Han gifte seg kring 1730 med Synneva Johannesdotter frå Mjelvær, f. kring 1708.  Ole og Synneva fekk visstnok hand om plassen her på Garen under Sperle då dei gifte seg kring 1730 og var truleg dei første som budde på denne staden.  Ole dreiv plassen so lenge han levde, og sidan vart visstnok Synneva buande her til kring 1750.

Som enkje flytte Synneva Johannesdotter i 1750-åri til Oppstryn i Nordfjord, og der vart ho gravlagd 6.8.1758.

Ole og Synneva på Garen fekk to døtrer i lag:

 1. Ragnhild Olsdotter, f. kring 1732, levde i 1741.

Ragnhild Olsdotter må vera fari frå bygdi i ung alder, truleg til Oppstryn i Nordfjord,

 

##### (lagnaden hennar? – kanskje til Haram, Nordalen eller Grytten?)

 

 2. Steinor Olsdotter, døypt 2.12.1736, levde òg i 1741.

Også Steinor Olsdotter må vera fari frå Jostedalen i ung alder, rimeligvis òg til Oppstryn i Nordfjord,

 

##### (lagnaden hennar? – kanskje til Haram, Nordalen eller Grytten?)

 

NB: Dødsfall i Norddalen 1804: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001627723

NB: Dødsfall i Grytten 1819: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002330017

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

17 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

For ordens skuld: Denne Steinor døydde på Frøysa i Sunnylven (Norddal prestegjeld).

ifl. gardssoga for Sunnylven og Geiranger var det ei Steinor Olsd på Frøysa, 15 år ved skifte i 1736,

og skal ha levd ugift på garden heile livet:

https://www.nb.no/items/fb470bead30f9714ca5ee76613cebed6?page=165&searchText=steinor

 

skiftet her:

SAT, Sunnmøre sorenskriveri, 3/3A/L0012: Skifteprotokoll 09B, 1735-1739, s. 351b-352a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090126630086

 

Truleg henne i FT1801:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058416002097

(originalen seier "Stenor": https://www.digitalarkivet.no/ft20090806340145 (husstand 9 Frøysa))

men det var ei på Gjørvad (Geiranger sokn)  også: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058416001674

Edited by Ivar S. Ertesvåg
Link to comment
Share on other sites

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Som enkje flytte Synneva Johannesdotter i 1750-åri til Oppstryn i Nordfjord, og der vart ho gravlagd 6.8.1758.

 

For ordens skyld:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000461230

Sogn og Fjordane fylke, Innvik, Olden, Utvik, Nedstryn, Loen, Oppstryn i Innvik, Ministerialbok nr. A 1 (1750-1816), Døde og begravede 1757-1759, Side 301: https://media.digitalarkivet.no/view/11506/225

Det står "Molverd af Jostedalen". 
 

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Ivar for eit spennande innlegg frå i aftes og til Grethe for nytt innlegg frå i stad!

 

Då er Steinor på Frøysa «eliminert» som «kandidat», men ho som var på Gjørvad i Geiranger sokn, kan vera like aktuell!  Er det mogeleg å finna ut noko meir der?

 

Det er ikkje lange stykket over frå Oppstryn til Norddalen!  No ser eg elles òg ei vigsle i Oppstryn (Innvik) frå 4.6.1754 mellom Nils Iverson Flo og Ragnhild Olsdottr Nesje.  Desse budde i alle fall fram til først på 1760-talet på Nesje i Oppstryn, men ser ut til å verta borte derifrå.  Dei hadde fleire døtrer, men diverre ingen Synneva (for oppkallingi sin del...).

 

Hadde me berre visst kvar i Oppstryn Synneva budde då ho døydde i 1758...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden.  Det hadde vore so kjekt å finna desse folki att, men noki enkel oppgåve vert det tydeleg ikkje...

Link to comment
Share on other sites

23 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Innlegg #4:

 

Då er Steinor på Frøysa «eliminert» som «kandidat», men ho som var på Gjørvad i Geiranger sokn, kan vera like aktuell!  Er det mogeleg å finna ut noko meir der?

Truleg ikkje så mykje. 

Bygdeboka veit ikkje noko meir om opphavet, korkje til henne eller husbonden (Ole Olsson) på garden.

https://www.nb.no/items/fb470bead30f9714ca5ee76613cebed6?page=645&searchText=stenor

 

Ho er der i 1762, men er ført i ein annan husstand:

https://www.digitalarkivet.no/view/125/gt00000000060002

(registreringa vart uryddig overført til nytt system i DA, og skanninga av originalen manglar akkurat denne sida (s. 43-44)

- så det er uklart kva status ho har (men truleg "andre hos sig havende personer");

RA, Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, Ol/L0019: [Gg 10]: Ekstraskatten, 23.09.1762. Sunnmøre, 1762-1763, s. 233
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk10041201041243

 

Kyrkjebøkene byrjar 1736, så ho er litt for gammal.

Det er konfirmert ei Stenord Olsd Høygielle i 1750 (Høyhjelle er den aller øvste garden i Valldalen).  Det kan vere henne - eller nokon annan.
https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001345327

 

for ordens skuld: 

https://forum.arkivverket.no/topic/275485-side-manglar-i-skanning-av-ekstraskattmanntalet-1762-sunnmøre/?tab=comments#comment-2295169

 

tillegg:

sida som mangla i ekstraskatt-manntalet 1762 med Gjørva m.fl. er komen på plass:

RA, Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, Ol/L0019: [Gg 10]: Ekstraskatten, 23.09.1762. Sunnmøre, 1762-1763, s. 241
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk10041201041244

Stenord er ført under "Piger over 12 aar".

Edited by Ivar S. Ertesvåg
Link to comment
Share on other sites

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Ivar for eit informativt og spennande innlegg!

 

Det høyrest ut som om lagnadane til desse søstrene frå Jostedalen vert ganske so vanskelege å prova.  Den beste «indikasjonen» hadde truleg vore om me hadde finne ei Steinor Olsdotter eller ei Ragnhild Olsdotter med dotter Synneva...

 

Me lyt vona at det før eller sidan vil dukka opp fleire gode «kandidatar», sjølv om Steinor Olsdotter frå Høygjelle (på Gjørvad?) til no er klart den beste.  Finst det kan henda ei Ragnhild Olsdotter i same nabolaget som kan høva som søster hennar?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne floka!

Link to comment
Share on other sites

Ein kan iallefall finne dødsfallet til ei Stenor Olsdtr. i Geiranger i 1803. Ho vert då nemnt med gardsnamnet Bruem (sjå høgre side): https://www.digitalarkivet.no/kb20070830640717

Denne dama høver bra med ho på Gjørva. Ho på Høghjelle er ei anna, med lokale røter. Korleis Bruem passar inn for deg veit eg ikkje, det er vel Bruheim fleire stader, som i Skjåk, men vel og i Jostedalen...

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til inge for eit svært so spennande innlegg!  Eg ser ho er skrivi 72 år gamal, so alderen er ikkje so langt unna.

 

Men eg reagerte òg på gardsnamnet BRUEM!  Finst dette namnet i Geiranger?  Eller kan Steinor Olsdotter ha teke med seg namnet frå Jostedalen der me har ein gard Bruheim, som på den tidi vart stava dels BRUEM og dels BREUM...!

 

Eg finn i alle fall ikkje nokon slik gard i Nordalen prestegjeld i 1801!! Og heller ikkje i Innvik prestegjeld!!

 

Kanskje tente Steinor på Bruheim i Jostedalen før ho flytte over bréen?

 

Kan me våga oss på å leita etter etter ei Ragnhild Olsdotter òg i Geiranger??

 

Ein ny kjempetakk for eit skikkeleg oppløftande og lovande bidrag!

Link to comment
Share on other sites

  • 3 months later...

Steinor Olsdtr Bruheim på Gjørva kan vere interessant. Eg har trudd ho var frå Bruheim i Skjåk, sidan der alltid har vore ein del ferdsel mellom Geiranger og Skjåk.

 

Men der er ei Ragnild Olsdtr Bruem også i Sunnylven. Ho giftar seg på Stranda i 1756 med Peder Andersen Furnes. Trulova 15. mai og gift 27. mai.
https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610640


Dei buset seg på garden Furnes i Sunnylvsfjorden og hadde borna Ole f. 1756, Brite f. 1758 d. 1758, Brite f. 1759 og Pernille f. 1762. Sidan forsvinn dei sporlaust. Det vil sei, dottera Pernille, kan vere ho som er gravfesta 22 veker gml i 1763 på nabogarden Matvik. Kan vere at Peder Andersen er død og at det er same Ragnild Olsdtr Bruem som i 1781 vert 3. kona til Jochum Eriksen Åsen (Festo Trinit): https://www.digitalarkivet.no/kb20070830640634

Dei er busett på Åseneset og i 1797 vert Ragnild Aasenæsset gravfesta 72 år gammal. (Venstre side nest siste linje): https://www.digitalarkivet.no/kb20070830640698

 

Eg har ikkje funne nokon kontakt mellom Steinor og Ragnild som viser slektskap mellom dei, men kanskje er dette eit interessant par likevel?

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.