Jump to content
Arkivverket

Johannes Johannesson Bolstad (1848-1920) utflytt frå Luster til Herøy på Helgeland - detaljar om opphavet til kona hans og alle borni deira?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars Johannessen har i dag gjort ei kjempeoppdaging i Herøy på Helgeland (hurra til Lars!) av ein person som me i alle år har trudd, både slekt i Amerika og eg, at utvandra til Buffalo Co., WI.  Dette har altso synt seg ikkje å vera tilfelle, og eg har no i kveld undersøkt ein del kjelder frå Herøy for å finna ut litt meir om Johannes og huslyden hans.  Ein del har eg finne, men eg står lite vetta fast på detaljar om opphavet til kona Elen Maria, og kvar det vart av alle borni?  Eg vil tru det må finnast etterkomarar i Herøy den dag i dag?

 

Her har eg sett opp eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Johannesson {Bolstad}, f. {i Luster} 15.5.1848,

Johannes J. Bolstad flytte i ung alder til Nordland og gifte seg i Herøy 1.10.1878 med Elen Maria Hansdotter frå Øxningen indre i Herøy.  Ho var dotter av husmann Hans Mathias Larsson på Gjæle under Øxningen indre, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen? - 1865: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1818&kenr=002&bnr=0027&lnr=00

1875: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1818&kenr=005&bnr=0045&lnr=00

 

og kona Gunnhild Erikka Iversdotter frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

og f. i Alstahaug 1.5.1858.  Johannes var fiskar, og han og Elen slo seg ned som strandsitjarar og sidan husmannsfolk på Lilleenget under Nordherø i Herøy der Johannes d. som husmann 5.5.1920.  Elen Bolstad d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1920!)

 

Dei fekk ti born i lag:

 

##### (sjekka at alle er medkomne?)

 

a. Anna Fredrine Emilie Johannesdotter Bolstad, f. i Herøy 11.4.1879,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

b. Helene Kristine Bergliot Johannesdotter Bolstad, f. i Herøy 27.1.1882,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

c. Paul Marius Hegler Johannesson Bolstad, f. i Herøy 9.2.1884,

 

     ##### (n. 1900 – lagnaden hans?)

 

d. Ludvig Alfore Sverre Johannesson Bolstad, f. i Herøy 29.9.1889,

 

     ##### (n. 1900 – lagnaden hans?)

 

e. Jenny Johannesdotter Bolstad, tvilling, f. i Herøy 4.3.1892, d. i Herøy 21.1.1895.

g. Elvida Johannesdotter Bolstad, likeins tviling og f. i Herøy 4.3.1892, d. i Herøy 10.10.1892.

h. Einar Johan Johannesson Bolstad, f. i Herøy 17.2.1895,

 

     ##### (n. 1900 – lagnaden hans?)

 

i. Gudrun Erikka Johannesdotter Bolstad, f. i Herøy 8.3.1897,

 

     ##### (n. 1900/1910 – lagnaden hennar?)

 

j. Harry Eleiften Johannesson Bolstad, f. i Herøy 14.10.1899,

 

     ##### (n. 1900/1910 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

  • Lars E. Øyane changed the title to Johannes Johannesson Bolstad (1848-1920) utflytt frå Luster til Herøy på Helgeland - detaljar om opphavet til kona hans og alle borni deira?
7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

c. Paul Marius Hegler Johannesson Bolstad, f. i Herøy 9.2.1884,

 

     ##### (n. 1900 – lagnaden hans?)

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000006527202

Nordland fylke, Sandnessjøen (Stamnes) i Alstahaug, Klokkerbok nr. 831C06 (1897-1936), Viede 1931, Side 200
https://media.digitalarkivet.no/view/2581/186

 

Pauls forlover ser ut til å være "Fiskers enke" Elen Bolstad, Sandessjøen. 

Link to comment
Share on other sites

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

j. Harry Eleiften Johannesson Bolstad, f. i Herøy 14.10.1899,

 

     ##### (n. 1900/1910 – lagnaden hans?)

Helgelands Blad 25.08.1922

 

Dødsfall 1922.jpg

Link to comment
Share on other sites

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

i. Gudrun Erikka Johannesdotter Bolstad, f. i Herøy 8.3.1897,

 

     ##### (n. 1900/1910 – lagnaden hennar?)

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000007882403

Nordland fylke, Sandnessjøen (Stamnes) i Alstahaug, Ministerialbok nr. 831A04 (1909-1934), Viede 1919, Side 68 - nr. 8
https://media.digitalarkivet.no/view/51977/73

 

Folketellingen 1920:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01074248001115

 

Gudrun døde i 1974 - bosted: Lillesand 

https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000002201921

Ingvald døde i 1964 - Alstadhaug:

https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000001955063

 

 

Link to comment
Share on other sites

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

d. Ludvig Alfore Sverre Johannesson Bolstad, f. i Herøy 29.9.1889,

 

     ##### (n. 1900 – lagnaden hans?)

 

Nr. 32

Nordland fylke, Herøy i Herøy, Klokkerbok nr. 834C06 (1902-1918), Konfirmerte 1904, Side 188-189
https://media.digitalarkivet.no/view/10013/97

 

Emigrasjonen fra Trondheim i 1906:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000170549

 

????

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XGM9-ZML

Navn: Ludvig Bolstad
Kjønn: Male
Alder: 16
Immigration Date: 31 Aug 1906
Immigration Place: Quebec, Hardin, Iowa, United States
Immigration Place (Original): Quebec
Previous Residence: Nor
Fødselsår (anslått): 1890
Rase: Scandinavian
Ship Name: Empress Of Ireland
 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QK3Y-4RH7

Navn: Ludvig Bolstad
Kjønn: Male
Alder: 16
Immigration Date: 1906
Immigration Place: Vermont, United States
Fødselsår (anslått): 1890
 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:K875-PTF

Type hendelse: Draft Registration
Navn: Ludvig Bolstad
Kjønn: Male
Hendelsesdato: 1917-1918
Sted for hendelse: Redwood, Minnesota, United States
Sted for hendelse: United States, Minnesota, Redwood County
Citizenship Place: Norway
Fødselsdato: 29 Sep 1889
Fødested: Helgeland, , Norway
 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QPTJ-S3D8

Navn: Ludwig A Bolstad
Death or Burial Date: 30 Oct 1956
Death or Burial Place: Mount Hope Cemetery, Edgeley, LaMoure, North Dakota, United States
Death or Burial Place (Original): Mt. Hope Cemetery, Edgley, LaMoure
Fødselsdato: 29 Sep 1889
Page Number: 32
 

Link to comment
Share on other sites

13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Elen Bolstad d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1920!)

Hun døde 7. mai 1937

 

elen bolstad.jpg

Edited by Sven Hjortland
  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

12 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Helene Kristine Bergliot Johannesdotter Bolstad, f. i Herøy 27.1.1882,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

helma madsen.jpg

Link to comment
Share on other sites

12 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Helene Kristine Bergliot Johannesdotter Bolstad, f. i Herøy 27.1.1882,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

? https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000143476

Helma Bolstad, født Herø, 20 år, emigrerte i 1902.

Gift 1903 med Christ Madsen https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939K-RPQ9-FP?i=174&cc=1803974

 

 1910 https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M2GB-T2G

 

 

Link to comment
Share on other sites

4 minutter siden, Lars Johannessen skrev:

Nummer 37

 

Nordland fylke, Herøy i Herøy, Ministerialbok nr. 834A07 (1878-1937), Utflyttede 1902, Side 40
Permanent bilde-ID: kb10051103112025
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051103112025
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb10051103112025.jpg
 

Link to comment
Share on other sites

6 timer siden, Grethe Flood skrev:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000006527202

Nordland fylke, Sandnessjøen (Stamnes) i Alstahaug, Klokkerbok nr. 831C06 (1897-1936), Viede 1931, Side 200
https://media.digitalarkivet.no/view/2581/186

 

Pauls forlover ser ut til å være "Fiskers enke" Elen Bolstad, Sandessjøen. 

 

Emigrasjon 1901:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000139718

 

Første ekteskap med Emma i USA:

https://www.familysearch.org/search/ark:/61903/1:1:Q2M5-3GGK

 

Familien på besøk i Norge, 1914;

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000207811

 

Emma død 1929:

https://www.familysearch.org/search/ark:/61903/1:1:CYKG-362M

https://www.findagrave.com/memorial/63946592/emma-c.-bolstad

 

Paul død 1956:

https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000001568381

 

 

FamilySearch-tre med mer info om søsknene Bolstad, har ikke sjekket detaljene:

https://www.familysearch.org/tree/person/details/L785-71F

Link to comment
Share on other sites

16 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Anna Fredrine Emilie Johannesdotter Bolstad, f. i Herøy 11.4.1879,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

Gift med Konrad Berteus Har Edvardsen 14.9.1902 i Ankenes:  https://www.digitalarkivet.no/kb10051103222024

 

Født 6.5.1879 i Ankenes:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070213620570

 

Døde 15.12.1971:  https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000002081001

 

145181624_Skjermbilde2021-07-09kl_16_19_41.png.814007ab9eed395369450917257d426b.png

 

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #18:

 

Eg vert stadig vekk imponert!  Hjarteleg takk til Grethe, Lars J., Carl, Sven og Lars W. for mange spennande og nyttige innlegg!  Det har teke litt tid for meg å studera desse opplysningane og samstundes freista supplera med nokre fleire, men no kjem eg ikkje lenger...

 

Det oppdaterte manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Johannesson, f. 15.5.1848,

Johannes J. Bolstad flytte i ung alder til Nordland og gifte seg i Herøy 1.10.1878 med Elen Maria Hansdotter frå Øxningen indre i Herøy.  Ho var dotter av husmann Hans Mathias Larsson på Gjæle under Øxningen indre, opphavleg frå

 

##### (1865: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1818&kenr=002&bnr=0027&lnr=00

1875: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1818&kenr=005&bnr=0045&lnr=00

 

og kona Gunnhild Erikka Iversdotter frå

 

##### (opphavleg hennar?)

 

og f. i Alstahaug 1.5.1858.  Johannes var fiskar, og han og Elen slo seg ned som strandsitjarar og sidan husmannsfolk på Lilleenget under Nordherø i Herøy der Johannes d. som husmann 5.5.1920.  Elen Bolstad flytte i 1925 til Sandnessjøen i Stamnes der ho d. som enkje 7.5.1937.  Dei fekk ti born i lag:

 

##### (sjekka at alle er medkomne?)

 

a. Anna Fredine Emilie Johannesdotter Bolstad, f. i Herøy 11.4.1879, d. i Beisfjord, Narvik

 

     ##### (sjekka dødsstaden?)

 

     22.8.1952.  Anna gifte seg i Ankenes 14.9.1902 med Konrad Berteus Har Edvardsen frå Beisfjord i Ankenes, f. i Ankenes 6.5.1879.  Han d. i Beisfjord, Narvik 15.12.1971.  Konrad var

 

     ##### (yrke og bustad? – 1902: jarnbanearbeidar Narvik – 1910: gardbr., jord- og steinarb. Beisfjord, Ankenes – vart buande der!?)

 

     Dei fekk seks born i lag.

 

     ##### (jamfør båe dødsannonser – fleire born som døydde før mori?)

 

b. Helene Kristine Bergliot Johannesdotter, kjend som Helma Bolstad, f. i Herøy 27.1.1882, utvandra til Amerika i 1902 og gifte seg i Marshall, Minn. 9.6.1903 med Ove Christian Madsen frå Vester Hassing i Kær, Aalborg amt i Danmark, i Amerika kjend som Christ Madson.  Han var son av gardbrukar Mads Christian Christensen i Vesterhassing, opphavleg frå Sønder Trander i Fleskum, Aalborg amt, og kona Ane Margrethe Jensen frå Ulsted i Kær og f. i Vester Hassing, Aalborg amt, Danmark 3.1.1868,

 

     ##### (to be verified this is the «right» person?)

 

     men utvandra til Amerika i

 

     ##### (year of his emigration? – 1892?)

 

     Christ Madson var ei tid meieriarbeidar («butter maker») i Brookville township, Redwood Co., Minn., men flytte kring 1919 til Exeland, Sawyer Co., Wis. der han og Helma var kolonialhandlarar («grocery merchants»).  Helma d. i Exeland, Wis.

 

     ##### (place of death to be verified – Radisson, Sawyer Co., WI?)

 

     18.4.1935, medan Christ Madson d.

 

     ##### (place of his death? – Eau Claire, WI? – bur. Hayward, Sawyer Co., WI!)

 

     19.6.1954.  Dei fekk seks born i lag.

 

     ##### (to be verified? – obituaries?)

 

c. Paul Marius Hegler Johannesson, kjend som Paul Bolstad, f. i Herøy 9.2.1884, utvandra til Amerika i 1901 og gifte seg første gongen i Lamberton, Minn. 19.8.1908 med Emma Caroline Erickson, f. i Fillmore Co., Minn. 4.1.1877.  Dei farma i Highwater township, Cottonwood Co., Minn., men var i 1914 ein tur på vitjing til Noreg.  Dei fór same året attende til Minnesota, og Emma d. i Cottonwood Co., Minn. 15.6.1929.  I 1930 kom so Paul heim att på vitjing, og han gifte seg att i Sandnessjøen 24.1.1931 med Ragnhild Olsdotter Knudsen frå Sandnessjøen i Stamnes, f. i Stamnes 15.8.1888.  Paul og andre kona Ragnhild utvandra i 1933 på ny til Amerika og  

 

     ##### (flytte sidan heimatt til Sandnessjøen?)

 

      der Paul d. 2.4.1956. 

 

     ##### (sjekka dødsstaden hans?)

 

     Ragnhild Bolstad d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Paul fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 

     ##### (sjekka om dette stemmer?)

 

d. Ludvig Alfon Sverre Johannesson, kjend som Ludwig A. Bolstad, f. i Herøy 29.9.1889, utvandra i 1906 til Amerika og gifte seg i Cottonwood Co., Minn. 8.11.1916 med Florence Maude Cossins, f. i Pottawattamie Co., Ia. 4.7.1897.  Ludwig var ei tid farmarbeidar («farm laborer») i Lamberton, Redwood Co., Minn. og frå 1922 i Becker, Sherburne Co., Minn.  I 1929 flytte parfolket til ein farm i Golden Glen township, LaMoure Co., N.D., men før 1935 flytte dei inn til Edgeley, LaMoure Co., N.D. der Ludwig sidan livnærte seg som arbeidar («laborer»).  Han d. i Bismarck, N.D. 30.10.1956, medan Florence Bolstad d. i Edgeley, N.D. 17.2.1979. 

 

     ##### (sjekka dødsstadane deira?)

 

     Dei fekk femten born i lag.

e. Jenny Johannesdotter Bolstad, tvilling, f. i Herøy 4.3.1892, d. i Herøy 21.1.1895.

g. Elvida Johannesdotter Bolstad, likeins tviling og f. i Herøy 4.3.1892, d. i Herøy 10.10.1892.

h. Einar Johan Johannesson, kjend som Einar Bolstad, f. i Herøy 17.2.1895, utvandra til Amerika i 1910, men d. i

 

     ##### (place of his death? – somewhere in Wisconsin, but was buried at Lamberton, MN!)

 

     22.11.1915, ugift.

i. Gudrun Erikka Johannesdotter Bolstad, f. i Herøy 8.3.1897, d. i Lillesand 31.12.1974.  Gudrun gifte seg i Sandnessjøen 6.12.1919 med Ingvald Hansson Vågønes frå Bodø, f. i Bodø 10.4.1887.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – bustadkomm. Alstahaug!)

 

     24.6.1964. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1919: maskinist Sandnessjøen, 1920 styrar av Sandnessjøen elektrisitetsverk – sidan kva?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

j. Harry Eleifton Johannesson Bolstad, f. i Herøy 14.10.1899, reiste i ung alder ut som sjømann, men gjekk i land i Amerika i 1921 og var ei tid farmarbeidar («farm laborer») nær Lamberton, Redwood Co., Minn., men etter eit ulukkeshende i Lake Okiboji, Emmet Co., Ia. d. han i Estherville, Ia. 25.7.1922, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

j. Harry Eleifton Johannesson Bolstad, f. i Herøy 14.10.1899, utvandra til Amerika i

 

 

 

     ##### (kva år?)

 

 

 

     og var farmarbeidar («farm laborer») nær Lamberton, Redwood Co., Minn., men d. etter eit ulukkeshende i Estherville, Ia. 25.7.1922, ugift.

New Ulm Review 2. august 1922

bilde.png.1370701765aa026bdfe7bd97f01ba2b1.png

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #22:

 

Hjarteleg takk til Lars J. og Sven for nye spennande innlegg!

 

Då har eg oppdatert avsnitti om Gudrun og Harry i Innlegg #18 over!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Link to comment
Share on other sites

På 9.7.2021 den 0.00, Lars E. Øyane skrev:

husmann Hans Mathias Larsson på Gjæle under Øxningen indre, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen? - 1865: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1818&kenr=002&bnr=0027&lnr=00

1875: https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1818&kenr=005&bnr=0045&lnr=00

 

og kona Gunnhild Erikka Iversdotter frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

Folketellingen 1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053148001498

 

Hans Larsen døde i 1901

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002236955

 

 

Link to comment
Share on other sites

5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Helene Kristine Bergliot Johannesdotter, kjend som Helma Bolstad, f. i Herøy 27.1.1882, utvandra til Amerika i 1902 og gifte seg i Marshall, Minn. 9.6.1903 med Ove

 

Jeg tror "Helene" er en skrivefeil i ministerialboken. I klokkerboken er hun kalt "Helma":  https://www.digitalarkivet.no/kb20070828630061

 

Ved konfirmasjonen i 1897 er hun også kalt "Helma" (nr. 20):

Ministerialboken:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070212670298

Klokkerboken:  https://www.digitalarkivet.no/kb20060524050068

 

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.