Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Opphavet til Mari(e) Andersdotter i Fanavika i Kinn prgj. (f. ca. 1739)


Torodd Kinn
 Del

Recommended Posts

Er det nokon som kjenner til eller klarar å finne opphavet til Mari Andersdotter?

 

Ho blei gift inn i ei temmeleg velhalden bondeslekt. Så ein skulle tru at ho hadde ein litt bemidla bakgrunn sjølv, og at det dermed kunne finnast eit skifte der ho var arving.

 

Fødselsåret 1739 er anslått ut frå FT1801, så det er temmeleg usikkert.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058405000788

("Tennevig" er feil avskrift av Fennevig.)

 

Den nærmaste registrerte dåpen i Kinn prgj. er Mari, dotter av Anders Brandsøya, i 1735.

Venstre side:

SAB, Kinn sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1729-1785, s. 144
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610213

Fadrar: Lars Haukåa, Anders Klauene, Anne Haukåa, Brite Brandsøya, Helge Terdalen.

Anders Brandsøya er truleg Anders Eriksson, gift 1735 med Margrete Sakariasdotter:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000480405

Kausjonistar: Jokum Høydalen og Lars Haukåa.

 

 

Mari Andersdotter blei forlova og gift i 1762.

Mannen var Aksel Larsson (frå Haukåa i Kinn prgj., son av Lars Eriksson og Anne Jakobsdotter).

Kausjonistar var Jakob Larsson (bror av Aksel) og Anders Henriksson.

Forlovinga, langt nede til høgre:

SAB, Kinn sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1729-1785, s. 314
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610377

(Det er ikkje fleire opplysningar ved vigsla.)

 

Aksel og Mari budde ei tid i Kvalvika ved Eikefjorden i Kinn prgj., iallfall ved skiftet etter foreldra hans i 1769. Faren hans eigde jord der.

Første kolonne til venstre:

SAB, Sunnfjord tingrett, H/Ha/Hac, 1763-1772, s. 538b-539a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127610243

 

Aksel drukna i 1790. Ved skiftet er arvingane:

-- enkja Mari Andersdotter med verje Johannes Andersson Seljeset

-- sonen Lars Akselsson Fanavika, myndig

-- sonen Peder Akselsson, 15 år, med broren Lars som formyndar

-- dottera Anne Akselsdotter, 20 år, med farbroren Anders Larsson Haukåa som formyndar

-- dottera Marte Akselsdotter, 12 år, med farbroren Erik Larsson Haukåa som formyndar

-- dottera Margrete Akselsdotter, 7 år, med Henrik Andersson Trettevika som formyndar

Andre kolonne til venstre:

SAB, Sunnfjord tingrett, H/Ha/Hac, 1779-1806, s. 187b-188a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127620191

 

Eg har markert tre personar som har Anders i namnet:

-- Anders Henriksson (kausjonist ved forlovinga i 1762, mogleg far til Mari)

-- Johannes Andersson Seljeset (verje ved skiftet i 1790, mogleg bror av Mari)

-- Henrik Andersson Trettevika (formyndar ved skiftet i 1790, mogleg bror av Mari)

Men Anders var jo eitt av dei vanlegaste mannsnamna her på denne tida, så det er ikkje mykje å byggje på.

 

 

 

Endret av Torodd Kinn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fantastisk, Toril!

Tusen takk for hjelpa!

Det står elles Marthe Jonasdr., men det er ingen tvil om at dette er mora til "mi" Mari.

😄

Endret av Torodd Kinn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I kyrkjeboka står det Martha Johansdtr. ved gravfestinga, til høgre her:

SAB, Kinn sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1729-1785, s. 403
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610465

 

Og ved vigsla (til Anders Andersson Sunnarvika i 1732) er det Marthe Johansdr., til venstre her:

SAB, Kinn sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1729-1785, s. 123
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610192

 

Så faren til Marte heitte nok Johannes (uttalt Joans).

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Torodd Kinn changed the title to LØYST: Opphavet til Mari(e) Andersdotter i Fanavika i Kinn prgj. (f. ca. 1739)

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.