Jump to content
Arkivverket

Erick Olson (1805) og Ingeborg (1810) med to born - farmarar i Gilmanton township, Buffalo Co., WI i 1870 - men kven var dei?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

I freistnadane på å kartleggja det norske folket i Gilmanton township, Buffalo Co., WI er eg komen over ein ny huslyd som skapar frustrasjon (frå FT1870):

 

Olson, Erick 65 farmer Nor

Olson, Ingeber 60 keeping house Nor

Olson, Julie 18 at home Nor

Olson, Edward 14 at home Nor

 

Dwelling 1761: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6Q67-63?i=2&cc=1438024&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMN93-PZY

 

Eg står fullstendig på «bar bakke» når det gjeld opphavet til denne huslyden og finn heller ikkje fødslene til dei to borni som skal vera fødde i Noreg.  Naboen Ole Iverson utvandra i 1858 frå Haugen i Meråker, om det kan vera til hjelp...(?)

 

Eg ville setja stor pris på hjelp og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Kan det være denne Erik Olsen Rongholt det er skifte etter i 1876

https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/9088/images/007708797_00043?pId=436088

 

Sønnen Edvard født 2/4 1857 dåp nr 74

Oppland fylke, Torpa, Nordsinni, Østsinni i Land, Ministerialbok nr. 10 (1847-1859), Fødte og døpte 1857, Side 51
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070206650393

 

 

https://www.findagrave.com/memorial/219985519/erik-olsen-rongholt

 

Edited by Anne Tonby
  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Innlegg #5:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Anne og Lars J. for nyttige og spennande innlegg om denne huslyden!

 

Spesielt spennande var det å slå fast at fleire av borni i denne huslyden gifte seg med andre emigrantar i nabolaget, Inger gift med Hans T(aralson) Hansson frå Jøranlien, Aletta gift med Ole Julson frå Bjørgum i Nord-Aurdal, og Clara gift med Christopher Arneson av ukjent opphav.

 

Eg har vanskar med å finna fødsli/dåpen til Erik Olson i Etnedal; elles ser huslyden hans slik ut (jmf. FT1870):

 

Olson, Erick 65 farmer Nor                                          Erik Olson Rognholt f. Etnedal (dato?) 1806 utv. 1861

Olson, Ingeber 60 keeping house Nor                        Ingeborg Andersdotter Hovde f. Nord-Aurdal 10.11.1814 utv. 1861

Olson, Julie 18 at home Nor                                         + Oleana f. Nordre Land 12.9.1853 utv. 1861

Olson, Edward 14 at home Nor                                    + Edvard f. Nordre Land 2.4.1857 utv. 1861

 

Her er svigersonen Ole Julson frå Bjørgum (her manglar berre utvandringsåret hans):

 

Julsen, Ole 22 farmer Nor                                            Ole Julson Bjørgum f. Nord-Aurdal 30.6.1848 utv. 186?

Julsen, Anne 18 keeping house Nor                            Aletta Eriksdotter Rognholt f. Land 20.2.1852 utv. 1861

 

Og svigersonen Christopher Arneson (der me framleis manglar opphavet...):

 

Arneson, Christ 29 farmer Nor                                    Christopher Arneson

Arneson, Clara 21 keeping house Nor                         Clara Eriksdotter Rognholt f. Nordre Land 20.9.1848 utv. 1861

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera desse emigrantbiografiane i Buffalo Co., WI!

Link to comment
Share on other sites

Det emigrerer en Christopher Arnesen fra Sør Aurdal i 1866

Oppland fylke, Reinli i Sør-Aurdal, Ministerialbok nr. 6 (1849-1876), Inn- og utflyttede 1866-1868, Side 135
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070207630239

 

ft 1865

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038073000214

 

 Konfirmert i 1852 nr 22

Oppland fylke, Bagn i Sør-Aurdal, Ministerialbok nr. 5 (1849-1876), Konfirmerte 1852, Side 105
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070207620475

 

Dåpen til Kristoffer finner jeg ikke, men jeg tror det må være han som er innført med navnet Ole født 12/3 1838,

se dåp nr 33

Oppland fylke, Bagn, Reinli, Hedalen, Bruflat i Sør-Aurdal, Ministerialbok nr. 3 (1825-1840), Fødte og døpte 1838, Side 306-307
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603960279

 

Legger inn gravminne for Christopher Arneson fødselsdato oppgitt til 12/3 1838

https://www.findagrave.com/memorial/49795649/christopher-c-arneson

 

 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Anne og Lars J. for ei perfekt løysing på opphavet til Christopher Arneson!  Eg hadde nok ein mistanke om at han var frå Valdres, men sikker var eg ikkje.

 

Ei av dei attståande utfordringane er fødsli/dåpen til Erik Olson.  Ifølgje vigsli hans i Sør-Aurdal 12.2.1846 var han fødd på Brændehaug av Nordre Hestekinn i Etnedal kring 1806: https://media.digitalarkivet.no/view/8989/197

men eg har ikkje finne han der..., eller er det denne: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005493441

eller denne: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005495434

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to comment
Share on other sites

21 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ei av dei attståande utfordringane er fødsli/dåpen til Erik Olson.  Ifølgje vigsli hans i Sør-Aurdal 12.2.1846 var han fødd på Brændehaug av Nordre Hestekinn i Etnedal kring 1806: https://media.digitalarkivet.no/view/8989/197

men eg har ikkje finne han der..., eller er det denne: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005493441

eller denne: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005495434

Ved utflyttingen i 1861 (se innlegg 4) står en dato ved siden av alder 57 år, for Erik 27.5.04. Dette kan stemme med denne : https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005493441

Edited by Lars Johannessen
Link to comment
Share on other sites

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for spennande innlegg!  Eg ser no at eg ikkje har lese innlegg #4 grundig nok og seier meg lei for dette...

 

Då er ogso opphavet til Erik Olson «på plass», og utvandringi til Ole Julson Bjørgum frå Nord-Aurdal (jmf. innlegg #5) er einaste detaljen som manglar i denne «bolken»...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i kartleggjingi av emigrantane til Buffalo Co., WI!

Link to comment
Share on other sites

3 hours ago, Lars E. Øyane said:

å er ogso opphavet til Erik Olson «på plass», og utvandringi til Ole Julson Bjørgum frå Nord-Aurdal (jmf. innlegg #5) er einaste detaljen som manglar i denne «bolken».

 

Kandidate? Utvandret i 1867.

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/291/pu00000000065604

 

Samme mann?

 

Nr. 112

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070206660495

 

 

Edited by Anton Hagelee
Link to comment
Share on other sites

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #14:

 

Hjarteleg takk til Anton for perfekte innlegg!

 

Eg ser passasjerlista har hatt vanskar med farsnamnet, men det står tydeleg Juelsen!

 

Soleis er dette problemet løyst, og eg er kjempenøgd!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.