Jump to content
Arkivverket

Nils Olson frå Kroken i Luster (1815-1890) - farmar i Freeman township, Crawford Co., WI - detaljar om huslyden hans, særleg borni Christopher, Andrew og Sophie samt svigersonen Peter Smith frå Luxembourg?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg jobba med for om lag 40 år sidan, men som eg aldri greidde å finna heilt ut av.  Nils og Anna utvandra i 1851 og var mellom dei alle første settlarane i Freeman township, Crawford Co., WI der dei flytte kring 1854, og det hadde vore supert om nokon kunne hjelpa meg skaffa fram fleire detaljar, særleg om borni Christopher, Andrew og Sophia samt om svigersonen Peter N. Smith frå Luxembourg!

 

Nokre nye detaljar har eg finne sjølv, men no står eg «bom fast».  Her følgjer ein fersk versjon av dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye opplysningar frå Dag Arne er dette manuskriptet no oppdatert og erstatta av eit nytt i innlegg #3 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Hei Lars.

 

Her har du et slektstre med Christopher Olson og konen Clara Maria Carlson:

https://www.ancestry.com/family-tree/tree/76172736/family/familyview?cfpid=42544669016

I dette treet er og lenker til en del kilder og opplysninger om deres 8 barn.

 

 

Svigersønnen Peter N. Smith fra Luxembourg sin grav finner du her:

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/27093961:60525

 

Edited by Dag Arne Danielsen
Link to comment
Share on other sites

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Dag Arne for eit spennande og nyttig innlegg!

 

Med dette er huslyden til sonen Christopher so komplett som eg kan ønskja meg, og noko tillegg er ogso kome til med omsyn til Peter Smith.  Men det som truleg vert den største utfordringi i denne huslyden, er dotteri Anna Sophie som ifølgje slekti (opplyst for 40 år sidan) skal ha vore gift og busett i Alaska.

 

Når det gjeld Andrew Olson, har eg finne ein «brukbar» kandidat, fiskaren Andrew Olson, fødd i Wisconsin 14.11.1867 og avliden i Anacortes, WA, ugift, 5.6.1933: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6DHQ-793

 

Utifrå yrke og alder KAN dette godt vera «vår» mann!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Olson {Krogen}, døypt {i Luster} 8.10.1815, gifte seg i Hafslo 10.7.1848 med Anna Olsdotter frå Sagi under Kroken i Hafslo, f. i Hafslo 18.6.1828.

Nels og Anna Olson utvandra til Amerika i 1851, og etter eit par år i Dane Co., Wis. slo dei seg kring 1854 ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der dei vart buande levetidi ut.  Nels d. i Crawford Co., Wis.

 

##### (exact date of his death?)

 

1890, medan Anna Olson d. same staden 20.1.1921.  Dei fekk ti born i lag:

a. Elizabeth Olson, f. i Dane Co., Wis. 26.1.1852, d.

 

     ##### (died shortly after – date and place of death?)

 

b. Ole N. Olson, f. i Dane Co., Wis. 16.6.1853, d. i Crawford Co., Wis. 21.11.1936.  Ole tok visstnok over heimefarmen etter foreldri i Freeman township, Crawford Co., Wis., men var ugift.­

c. Christopher N. Olson, f. i Crawford Co., Wis. 16.2.1855, d. i Glendive, Mont. 10.5.1949.  Christopher flytte sist i 1870-åri til Atlanta township, Becker Co., Minn. der han farma ei tid.  Han gifte seg i Milnor, N.D. 17.10.1893 med Clara Maria Carlson, f. i Renville Co., Minn. 8.5.1876.  Ho d. i Stanley, Wis. 4.5.1929.  Christopher og Clara farma nokre år nær Grafton, Walsh Co., N.D. og i Veblen township, Marshall Co., S.D., men tok 1905 «homestead» nær Lang, Qu’Appelle District, Sask.  Ei tid budde dei òg i Regina, Sask., men før 1920 flytte dei som pensjonistar til Stanley, Chippewa Co., Wis.  Dei fekk åtte born i lag.

d. Elizabeth N. Olson (1856-1935), vart gift med Thomas T. Sandy (1856-1934), son av gardbrukarsonen Thomas Torkildson frå Sande (1813-1874) (s.d.).

e. John Olson, f. i Crawford Co., Wis. 7.12.1858, d. i Crawford Co., Wis. 6.7.1860.

f. Olena Olson (1861-1947), vart tredje kona til gardbrukar­sonen Ole Torgerson frå Fortun (1836-1921) (s.d.).

g. John N. Olson, f. i Crawford Co., Wis. 3.5.1864, d. i Chippewa Falls, Wis. 10.7.1927.  Han gifte seg i La Crosse, Wis. 3.1.1899 med Christine Chose, dotter av husmannssonen Erik Nilsson frå Botnen i Kinserdalen under Urnes i Hafslo (1839-1928).  Ho var f. i Vernon Co., Wis. 17.2.1874 og d. i Chippewa Falls, Wis. 4.10.1969.  John Olson dreiv møbelforretning («fur­niture merchant») i Stanley, Chippewa Co., Wis. frå 1903 til John i 1921 tok til med gravferdsbyrå («mortician»), og parfolket flytte til Chippewa Falls, Chippewa Co., Wis.  John og Christine fekk fire born i lag.

h. Anders, kjend som Andrew N. Olson, f. i Crawford Co., Wis. 12.12.1866, d.

 

     ##### (exact date and place of his death? – Washington state about 1920? - d. Anacortes, WA 5.6.1933??)

 

     Andrew var trelasthandlar og laksefiskar («lumberyard owner and operator and a salmon fisherman»).  Han budde i

 

     ##### (places of his residence? – WA?)

 

     ugift.

i. Anna Sophie, kjend som Sophie Olson, f. i Crawford Co., Wis. 14.4.1869,

 

     ##### (was married and lived in Alaska, but died prior to 1927 – info?)

 

j. Bertina, kjend som Bessie N. Olson, f. i Crawford Co., Wis. 15.9.1871, d. i La Crosse, Wis. 21.8.1945.  Bessie gifte seg i Vernon Co., Wis. 3.7.1898 med Peter N. Smith. 

 

     ##### (full original name? – father John Smith)

 

     Han var f. i Luxembourg

 

     ##### (where in Luxembourg?)

 

     5.7.1865, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (year of his emigration? – 1869?)

 

     Han d. i Crawford Co., Wis. 22.1.1956.  Peter Smith var banemeister («railroad station agent»), og han og Bessie budde i Ferryville, Crawford Co., Wis.  Dei fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne bioografien!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.