Gå til innhold
Arkivverket

Baste Olsen Løtveit - fødd omlag 1760 i Bruvik (HO) - kvar er dåpen hans?


Jostein Stokke
 Del

Recommended Posts

Eg har leita etter dåpen til min 2 x tippoldefar Baste Olsen Løtveit – som ligg i Bruvik sokn.

I følgje bygdebøkene skal han vera fødd i 1760 – litt rar oppstilling her:

 

556867231_SkjermbildeBasteOlsenLtveit-1.thumb.PNG.af9ffa00eafe0a2a5a74d8240b832ee5.PNG

 

Og her har han gifta seg til Stokke – same fødselsår:

 

1348568123_SkjermbildeBasteOlsenLtveit-2.thumb.PNG.5c2d2058ab870899758c810cf86902cc.PNG

 

Her blir han gravlagd – død 17. nov 1844 – gravlagd 23 nov 1844 – alder 85 år – nr 45:

SAB, Haus sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 15, 1838-1847, s. 320

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070221670296

 

Men eg finn ikkje dåpen hans i åra rundt 1760 – og det sjølv om kyrkjeboka er ganske grei å lese (oi - den såg eg ikkje koma!)

Her er ho:

https://media.digitalarkivet.no/view/11479/47577/1

 

 

 

Endret av Jostein Stokke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk skal du ha!

 

Men nokså merkeleg når ein veit kor Løtveit ligg i høve til Bruvik kyrkje.

Og søstra Brita blei døypt i Bruvik kyrkje 4. november 1760.

Og broren Johannes blei døypt i Bruvik kyrkje 2. febr 1763.

 

Men igjken - tusen takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Jostein Stokke changed the title to Baste Olsen Løtveit - fødd omlag 1760 i Bruvik (HO) - kvar er dåpen hans?

 

1 hour ago, Åsbjørg Susort said:

Nr. 4 her

Hordaland fylke, Hosanger, Seim, Mo i Hosanger, Ministerialbok nr. A 1 /1 (1750-1766), Fødte og døpte 1762, Side 52
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070509610202

 

Men nå blei eg veldig i tvil - for denne Baste finn eg her - nr 26i:

https://www.nb.no/items/039f72c5a1d4420d9f984ca5c4c857e9?page=575&searchText="Ættebok for Hosanger : fram til omlag 1960"

 

641681232_SkjermbildeBasteOlsenLtveit-3.PNG.e0f218cc982d41921fdd00d887ec3f5d.PNG

 

Dette Løtveit er en heilt annan gard enn den eg synte til i mitt første innlegg.

Men det står at han gifta seg med Kari Simonsdtr Stokke - og at ho gifta seg med ein Baste Olsen Løtveit er i alle høve sikkert.

Nr 3 til venstre her:

SAB, Haus sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 10, 1782-1796, s. 127
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070508650579

 

Så kven har rett og kven tar feil?

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har du sjekka skiftene etter dei på "din" Løtveitgard om dei hadde ein Baste?

Eller det blei vel litt feil siden dette er din forfar 😄

Kanskje du har feil Løtveitgard i første innlegg her...? Det er jo litt rart at Baste er nevnt sist av barna...

 

Endret av Åsbjørg Susort
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei - kva veit eg?

Det er då slik at både Løtveit (i innlegg 1) og Stokke ligg i same kyrkjesokn.

Geografisk kan ein kanskje seia at Løtveit (Bruvik) og Løtveit (Hosanger) ligg i kvar sin ende av Austrevatnet.

 

Foreldra til Baste frå Bruvik heitter Olav og Brita - foreldra til Baste frå Hosanger heitte Olav og Marita -foreldra til kona Kari heitte Simon og Anna.

Borna til Baste og Kari heitte i rekkefølge:

Marta - Anna - Dortea - Brita - Simon - Olav......

 

Tyder det på Hosanger - med Marta (Marita) på topp?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Olav Monsen har ingen sønn som heter Baste ifølge skiftet 1783, hverken i "oppramsinga" i starten eller i fordelinga.

10 timer siden, Åsbjørg Susort skrev:

Etter det eg kan sjå er det ingen sønn Baste nevnt i skiftet etter Olav Monsen Løtveit i 1783

Bergen, Hordaland, Sogn og Fjordane fylke, Nordhordland, Skifteprotokoll nr. A 7a (1783-1786), Skifteprotokollside, Side 46b-47a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081114700535

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 hours ago, Åsbjørg Susort said:

Olav Monsen har ingen sønn som heter Baste ifølge skiftet 1783, hverken i "oppramsinga" i starten eller i fordelinga.

 

Då må eg berre akseptera at eg har fått meg "ny slekt" - og tusen takk.

Men det er vel dette som er slektsgransking - finna dei i bygdeboka utan å finna dei i kyrkjebøkene - leita vidare - og så be om hjelp på dette forumet. Framifrå kjekt!

 

Eg kan tenkja meg at bygdebokforfattaren har leita etter denne Baste Olsen Løtveit - som han nok har funne gift med Kari Simonsdotter og truleg død i 1844 - og koble han til Olav Løtveit frå garden i same kyrkjesoknet. Ei logisk kortslutning kanskje - men kva veit eg)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.