Gå til innhold
Arkivverket

LØYST - Død like etter fødsel - truleg heimedøypte - men finn dei ikkje i kyrkjeboka / Bruvik (HO)


Jostein Stokke
 Del

Recommended Posts

Mine tippoldeforeldre Mons Bastesen og Ingeborg Knutsdtr fekk mange born som døydde som speborn.

Men eg finn dei ikkje innførde i dåpsboka.

Nå lurer eg på om dette er vanleg - eller om nokon har tankar om kvifor det blei slik?

Og som vi ser - det var unntak:

 

Brita - død 31. januar 1842 - 5 dagar -  nr 8:

SAB, Haus sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 15, 1838-1847, s. 304
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070221670280

 

Anders - død 4 veker gamal - 16. sept 1848 - nr 79:

SAB, Haus sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 16 II, 1848-1857, s. 323
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050823010058

 

Kari - død 21. januar 1850 - 3 veker gamal - nr 2:

SAB, Haus sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 16 II, 1848-1857, s. 328
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050823010063

 

Mons - død 3. april 1851 - 9 dager - nr 30:

SAB, Haus sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 16 II, 1848-1857, s. 333
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050823010068

 

Men Knut er fødd 20. des 1839 - vert døypt 29. des i kyrkja og døyr 6. jan 1840:

nr 12 -

SAB, Haus sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 15, 1838-1847, s. 17
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070221670021

nr 14 -

SAB, Haus sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 15, 1838-1847, s. 295
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070221670271

 

Og frå eit tidlegare ekteskap  - med mor Brita Josefsdtr:

Baste (heime)døypt 17. juli 1832 - død 21. juli 1832

nr 109 -

SAB, Haus sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 14, 1827-1838, s. 42
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070508670228

nr 61 -

SAB, Haus sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 14, 1827-1838, s. 254
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070508670409

 

(Ja det kan hende eg les feil når det gjeld Dager / Uger)

 

 

 

 

 

 

Endret av Jostein Stokke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, Jostein Stokke skrev:

Mine tippoldeforeldre Mons Bastesen og Ingeborg Knutsdtr fekk mange born som døydde som speborn.

Men eg finn dei ikkje innførde i dåpsboka.

Nå lurer eg på om dette er vanleg - eller om nokon har tankar om kvifor det blei slik?

 

 

Det var nok fordi kyrkjeboka framleis vart rekna som eit register over embetshandlingane til presten.

For heimedøypte som døydde før stadfesting i kyrkja, vart det berre éi embetshandling: jordfestinga.

For dei som kom bort på sjøen, vart det ikkje noko embetshandling - og dei kan mangle i lista over døde.

(Samanlikning med skifte kan vise dette.)

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 hours ago, Ivar S. Ertesvåg said:

Det var nok fordi kyrkjeboka framleis vart rekna som eit register over embetshandlingane til presten.

 

Vil det då vera opp til kvar einskild prest korleis han gjer dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var rom for tolking, og det var langt på veg opp til presten - og den rettleiiga/pålegga han evt. fekk frå prost og biskop på visitas.

 

I Kristian Vs Norske Lov (2-8-7) heitte det at

"Hver Præst skal have en Bog at tegne ved Dag og Tid deris Navne udi, som hand trolover og vier

tilsammen, saa ogsaa de Børns, som hand døber i sit Sogn, Egte og U-egte tillige med Faddernis Navne."

 

Dette er nokså romsleg formulering. Eg veit ikkje om det kom nokon nærare føresegner før 1812.

Då fekk dei skjema som dei skulle følgje. Retningslinjene var nok framleis nokså upresise, men vart

stramma inn utover 1800-talet.

 

Retningslinjene kan vee tekne inn fremst i protokollane (kanskje ikkje alltid skanna),

til dømes her: https://www.digitalarkivet.no/kb20070221670003 (Haus , 1838-47)

Her står det at døypte og gravlagde skal førast inn. "Døbte" kan ein tolke som heimedøypte, men ein treng ikkje.

"Begravne" er det næliggande å lese bokstaveleg. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Jostein Stokke changed the title to LØYST - Død like etter fødsel - truleg heimedøypte - men finn dei ikkje i kyrkjeboka / Bruvik (HO)

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.