Gå til innhold
Arkivverket

Erik Halvorson Holmestad (1833-1906) - frå Luster til Crawford Co., WI - vanskar med å finna detaljar om borni hans - særleg sonen Andrew/Henry og svigerdotteri Christine frå Danmark!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Huslyden til Erik Halvorson Holmestad alias Erick Halverson frå Luster sleit eg med for om lag 40 år sidan utan at eg den gongen greidde å finna svar på alle spørsmåli mine.  Dette var ein haugianarhuslyd, og diverre er haugianarkyrkjebøkene i Wisconsin mangelfulle...

 

Eg har no greidd å finna svar på nokre av spørsmåli mine, men står «bom fast» på fleire detaljar.  Kanskje nokon kan hjelpa meg vidare?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #3:

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Christine Jensen/Hansen i et tre på Ancestry

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/88580217/person/270138017790/facts?_phsrc=XAm2615&_phstart=successSource

 

Da er vel dette hennes dåp Højst sogn Tønder Amt

https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=17216970#201818,38252142

Endret av Anne Tonby
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Anne for eit kjempemessig innlegg!

 

Då er hovudutfordringi med opphavet til «Mrs. Martin Hulverson» løyst, og so vidt eg kan sjå, er det no berre yrket og opphavi til foreldri hennar som manglar, attåt utvandringsǻret...

 

Kanskje vert det vanskelegare å finna ut meir om lagnaden til Andrew/Henry og kona hans med dotteri Katie?

 

Her følgjer eit manuskript som oppdaterer manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Erik Halvorson Holmestad, opphavleg frå Stein under Skagen, var f. {i Luster} 8.7.1833 og gifte seg 17.1.1858 med Britha Gautesdotter fra Svensøy.  Ho var f. på Bjortveit i Kinsarvik 17.2.1838, men kom til Luster med foreldri kring 1852.  Erik og Britha fekk ein plass under Holmestad i 1859, og det kan ikkje ha vore nokon annan stad enn på Bruhaugen dei kom.  Men dei vart ikkje lenger enn til 1861.  Plassen må ha vorte nedlagd på den tidi.

Erick og Betsy Halverson utvandra til Amerika i 1861 og busette seg på ein farm i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Betsy d. 22.12.1904.  Erick  Halverson d. same staden 2.11.1906.  Dei fekk elleve born i lag:

a. Halvor, kjend som Halver E. Halverson, f. i Luster 10.4.1858, utvandra med foreldri i 1861 og d. i Viroqua, Wis. 14.6.1942.  Halver var snikkar og målar («carpenter and painte­r») og budde først i Gays Mills, Crawford Co., Wis., men flytte sidan til Viroqua, Vernon Co., Wis.  Han var ugift.

b. Anders, kjend som Andrew E. Halverson, f. i Luster 18.3.1860, utvandra òg med foreldri i 1861, og d. i Vernon Co., Wis. 22.7.1909.  

 

     ##### (was married in the 1890’s, but wife died shortly after, leaving Andrew with a daughter Katie – info? – 1900 census shows him as Henry with marital status «unknown» (line 63): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DBGW-Q8S

 

     Dei budde i Franklin township, Vernon Co., Wis. der Andrew var farmarbeidar («farm laborer»).

c. Bertha Christina Halverson (1862‑1938), vart gift med Simon T. Simonson (1860-­1899), son av husmannen Tollef Simonson fra Yttrishaugen under Yttri (1833-1906) (s.d.).

d. Gabriel, kjend som Gilbert E. Halverson, f. i Crawford Co., Wis. 30.1.1864, d. i Florahome, Fla. 15.7.1954.  Gilbert gifte seg første gongen i Vernon Co., Wis. 20.7.1899 med Martha Olsdotter frå Grøte i Lærdal, i Amerika kjend som Martha Grothe, ei dotterstedotter av husmannssonen Torsten Johnson frå Reina under Nes (1814-1894).  Martha var f. i Lærdal 6.2.1876 og utvandra til Amerika i 1892, men d. i Viroqua, Wis. 15.4.1912.  Gilbert gifte seg so att i Vernon Co., Wis. 15.11.1915 med enkja Brita M. f. Gald, f. i Crawford Co., Wis. 18.3.1873.  Ho d. i Palatka, Fla. 3.9.1961.  Brita hadde før vore gift med Ole Christopher, kjend som Chris Christoferson (1861‑1909), son av gardbrukarsonen Anders Christopherson fra Øyene (1836-1906).  Gilbert Halverson var farmar og budde i Freeman township, Crawford Co., Wis. til han i 1921 med andre kona flytte til Florahome, Fla.  I Florida livnærte han seg som smed og skomakar («blacksmith and shoe repair man»).  Han fekk i alt seks born, som alle var frå første ekteskapet.

e. Martin Hulverson, f. i Crawford Co., Wis. 17.2.18­67, d. nær Bellingham, Wash. 15.9.1947.  Martin gifte seg i South Bellingham, Wash. 19.8.1907 med enkja Kirstine Sofie Christine Sophie Jensdotter Hansen f. Jensen, opphavleg frå Højst sokn i Tønder amt, Danmark, då i Amerika kjend som Christine S. Hansen.  Ho var dotter av Jens Christian Jensen på Klejnbjerg i Højst og kona Ellen Kirstine Sofie

 

     ##### (yrke og opphav til båe?)

 

     og f. i Højst 4.11.1860, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (1882 or 1883? - https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9VS-4X15?i=1673

 

     Ho d. nær Bellingham, Wash. 13.6.1948.  Martin var fotograf og målar («photographer and painter­»), og han og Christine budde i Bellingham, Whatcom Co., Wash.  Dei fekk ikkje born i lag, men Christine hadde tre born frå første ekteskapet sitt.

f. Christian Halverson, f. i Crawford Co., Wis.

 

     ##### (exact date of his birth? – early 1869?)

 

     og d. i Crawford Co., Wis.

 

     ##### (exact date of his death? – 1899 or 1900?)

 

     Han var farmarbeidar («farm laborer») og budde i Freeman township,. Crawford Co., Wis., ugift.

g. Edward E. Halverson, f. i Crawford Co., Wis. 16.11.1870, d. i La Crosse, Wis. 15.4.1943.  Edward gifte seg i Vernon Co., Wis. 14.10.1897 med Britha Maline, kjend som Betsy Mollie Berge, ei dotter av husmannssonen Peder Olson frå Haugen under Berge i Dale (1844-1930).  Ho var f. i Vernon Co., Wis. 30.12.1874 og d. i Richland Center, Wis. 20.8.1962.  Edward og Betsy farma i Utica township, Crawford Co., Wis. og fekk elleve born i lag.

h. Andrew Sivert, kjend som Selmer A. Halverson, f. i Crawford Co., Wis. 28.8.1872, d. i Crawford Co., Wis. 25.11.19­16.  Selmer gifte seg i Crawford Co., Wis. 22.12.1897 med Margaret Johnson, f. i Crawford Co., Wis. 19.12.1874.  Ho d. i Crawford Co., Wis. 22.12.1909.  Selmer var målar («painter»), og han og Margaret budde i Clayton township, Crawford Co., WI og sidan i Utica township, Crawford Co., Wis.  Dei fekk ei dotter i lag.

i. George Olaus Halvers­on, f. i Crawford Co., Wis. 11.5.18­74, d. ved eit drukningsuhende i Mississippi-elvi 8.9.1901.  George gifte seg i Vernon Co., Wis. 8.10.1898 med Larina M. Solem, f. i Crawford Co., Wis. 23.3.1878.  Ho d. i Mt. Sterling, Wis. 26.5.1969.  George var målar («painter»), og han og Larina budde i Clayton township, Crawford Co., Wis.  Dei fekk to døtrer i lag.

j. Anne Marie Halverson (1876-1898), vart gift med Gilbert E. Knutson (1870-1952), son av gardbrukardott­eri Anna Gautesdotter frå Svensøy (1850‑1919) (s.d.).

k. Lewis Theodore Halverson, f. i Crawford Co., Wis. 10.8.1878, d. i Crawford Co., Wis.

 

     ##### (exact date of his death? – about 1898!?)

 

     Lewis var farmarbeidar («farm laborer») og budde i Freeman township, Crawford Co., Wis., ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Foreldrenes vielse i Burkal sogn, Tønder amt 5.10.1851:  https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?bsid=201178#201178,38103380

 

Jens Christian Jensen, født 20.12.1829 i Burkal sogn:  https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?bsid=201172#201172,38101292

 

Ellen Kristine (Kjerstine) Sophie, født 15.11.1826 i Ådum sogn, Ringkøbing amt:  https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?bsid=388547#388547,74178961

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Anne, Lars W. og Dag Arne for nye spennande og nyttige innlegg!

 

Når det gjeld Christine Sophie, manglar me no berre utvandringsåret hennar, men dette vert kan henda vanskeleg å finna...

 

Med omsyn til Andrew Hans Halverson og gravi som Dag Arne refererer til, har eg studert nærare dei opplysningane som kjem fram om denne personen, og slik eg ser det, har «nokon» blanda to huslydar som ikkje har noko med kvarandre å gjera.  Dette skjer berre so altfor ofte når ein ikkje sjekkar kjeldene godt nok, so eg trur nok me lyt søkja etter Andrew på ein annan stad.  Opplysningane som eg i utgongspunktet hadde om denne huslyden, fekk eg av slektningar som framleis levde kring 1980, og hadde Andrew levd lenger, ville dei ha visst det...

 

Elles slit me framleis med dødsfalli til Christian og Lewis Theodore...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Erik Halvorson Holmestad, opphavleg frå Stein under Skagen, var f. 8.7.1833 og gifte seg 17.1.1858 med Britha Gautesdotter fra Svensøy.  Ho var f. på Bjortveit i Kinsarvik 17.2.1838, men kom til Luster med foreldri kring 1852.  Erik og Britha fekk ein plass under Holmestad i 1859, og det kan ikkje ha vore nokon annan stad enn på Bruhaugen dei kom.  Men dei vart ikkje lenger enn til 1861. Plassen må ha vorte nedlagd på den tidi.

Erick og Betsy Halverson utvandra til Amerika i 1861 og busette seg på ein farm i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Betsy d. 22.12.1904.  Erick  Halverson d. same staden 2.11.1906.  Dei fekk elleve born i lag:

a. Halvor, kjend som Halver E. Halverson, f. i Luster 10.4.1858, utvandra med foreldri i 1861 og d. i Viroqua, Wis. 14.6.1942.  Halver var snikkar og målar («carpenter and painte­r») og budde først i Gays Mills, Crawford Co., Wis., men flytte sidan til Viroqua, Vernon Co., Wis.  Han var ugift.

b. Anders, kjend som Andrew E. Halverson, f. i Luster 18.3.1860, utvandra òg med foreldri i 1861, og d. i Vernon Co., Wis. 22.7.1909.  

 

     ##### (was married in the 1890’s, but wife died shortly after, leaving Andrew with a daughter Katie – info? – 1900 census shows him as Henry with marital status «unknown» (line 63): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DBGW-Q8S

 

     Dei budde i Franklin township, Vernon Co., Wis. der Andrew var farmarbeidar («farm laborer»).

c. Bertha Christina Halverson (1862‑1938), vart gift med Simon T. Simonson (1860-­1899), son av husmannen Tollef Simonson fra Yttrishaugen under Yttri (1833-1906) (s.d.).

d. Gabriel, kjend som Gilbert E. Halverson, f. i Crawford Co., Wis. 30.1.1864, d. i Florahome, Fla. 15.7.1954.  Gilbert gifte seg første gongen i Vernon Co., Wis. 20.7.1899 med Martha Olsdotter frå Grøte i Lærdal, i Amerika kjend som Martha Grothe, ei dotterstedotter av husmannssonen Torsten Johnson frå Reina under Nes (1814-1894).  Martha var f. i Lærdal 6.2.1876 og utvandra til Amerika i 1892, men d. i Viroqua, Wis. 15.4.1912.  Gilbert gifte seg so att i Vernon Co., Wis. 15.11.1915 med enkja Brita M. f. Gald, f. i Crawford Co., Wis. 18.3.1873.  Ho d. i Palatka, Fla. 3.9.1961.  Brita hadde før vore gift med Ole Christopher, kjend som Chris Christoferson (1861‑1909), son av gardbrukarsonen Anders Christopherson fra Øyene (1836-1906).  Gilbert Halverson var farmar og budde i Freeman township, Crawford Co., Wis. til han i 1921 med andre kona flytte til Florahome, Fla.  I Florida livnærte han seg som smed og skomakar («blacksmith and shoe repair man»).  Han fekk i alt seks born, som alle var frå første ekteskapet.

e. Martin Hulverson, f. i Crawford Co., Wis. 17.2.18­67, d. nær Bellingham, Wash. 15.9.1947.  Martin gifte seg i South Bellingham, Wash. 19.8.1907 med enkja Kirstine Sofie Christine Sophie Jensdotter Hansen f. Jensen, opphavleg frå Højst sokn i Tønder amt, Danmark, då i Amerika kjend som Christine S. Hansen.  Ho var dotter av dagarbeidar Jens Christian Jensen på Klejnbjerg i Højst, opphavleg frå Burkal sokn i Tønder amt, og kona Ellen Kjerstine Sophie Jensen frå Ådum i Ringkøbing amt og f. i Højst 4.11.1860, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (1882 or 1883? - https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9VS-4X15?i=1673

 

     Ho d. nær Bellingham, Wash. 13.6.1948.  Martin var fotograf og målar («photographer and painter­»), og han og Christine budde i Bellingham, Whatcom Co., Wash.  Dei fekk ikkje born i lag, men Christine hadde tre born frå første ekteskapet sitt.

f. Christian Halverson, f. i Crawford Co., Wis.

 

     ##### (exact date of his birth? – early 1869?)

 

     og d. i Crawford Co., Wis.

 

     ##### (exact date of his death? – 1899 or 1900?)

 

     Han var farmarbeidar («farm laborer») og budde i Freeman township,. Crawford Co., Wis., ugift.

g. Edward E. Halverson, f. i Crawford Co., Wis. 16.11.1870, d. i La Crosse, Wis. 15.4.1943.  Edward gifte seg i Vernon Co., Wis. 14.10.1897 med Britha Maline, kjend som Betsy Mollie Berge, ei dotter av husmannssonen Peder Olson frå Haugen under Berge i Dale (1844-1930).  Ho var f. i Vernon Co., Wis. 30.12.1874 og d. i Richland Center, Wis. 20.8.1962.  Edward og Betsy farma i Utica township, Crawford Co., Wis. og fekk elleve born i lag.

h. Andrew Sivert, kjend som Selmer A. Halverson, f. i Crawford Co., Wis. 28.8.1872, d. i Crawford Co., Wis. 25.11.19­16.  Selmer gifte seg i Crawford Co., Wis. 22.12.1897 med Margaret Johnson, f. i Crawford Co., Wis. 19.12.1874.  Ho d. i Crawford Co., Wis. 22.12.1909.  Selmer var målar («painter»), og han og Margaret budde i Clayton township, Crawford Co., WI og sidan i Utica township, Crawford Co., Wis.  Dei fekk ei dotter i lag.

i. George Olaus Halvers­on, f. i Crawford Co., Wis. 11.5.18­74, d. ved eit drukningsuhende i Mississippi-elvi 8.9.1901.  George gifte seg i Vernon Co., Wis. 8.10.1898 med Larina M. Solem, f. i Crawford Co., Wis. 23.3.1878.  Ho d. i Mt. Sterling, Wis. 26.5.1969.  George var målar («painter»), og han og Larina budde i Clayton township, Crawford Co., Wis.  Dei fekk to døtrer i lag.

j. Anne Marie Halverson (1876-1898), vart gift med Gilbert E. Knutson (1870-1952), son av gardbrukardott­eri Anna Gautesdotter frå Svensøy (1850‑1919) (s.d.).

k. Lewis Theodore Halverson, f. i Crawford Co., Wis. 10.8.1878, d. i Crawford Co., Wis.

 

     ##### (exact date of his death? – about 1898!?)

 

     Lewis var farmarbeidar («farm laborer») og budde i Freeman township, Crawford Co., Wis., ugift.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.