Jump to content
Arkivverket

Mons Skanke Monsson frå Rønnei i Luster (1821-1894) - ?alias Mons Runice (f. 1830) - busette i Freeman township, Crawford Co., WI - er det same mann med fullstendig «vridne» opplysningar??


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Det hender rett som det er at personar i folketeljingane i Amerika er dobbelførte, men det førekjem òg at nokon har heilt felaktige opplysningar.  Eg har ein sterk mistanke om at eg er komen borti ein slik huslyd og treng råd:

 

Mons Skanke Monsson Rønnei, fødd i Luster 25.11.1821 utvandra i 1853 og gifte seg i Crawford Co., WI 29.12.1859 med Ingeborg Henriksdotter Holmestad, fødd i Luster 16.9.1839, utvandra i 1855.  Mons og Ingeborg busette seg i Freeman township, Crawford Co., WI, og alle borni deira er døypte på West Prairie, inkl:

* Martin f. 3.3.1863

* Henrik f. 3.1.1865

* Albert f. 22.3.1867

* Gjertrud Marie f. 10.3.1870

samt fleire yngre born

Huslyden er i Freeman township, Crawford Co., WI i 1880 (Dwelling #16): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBF-T9G

 

Dei er ikkje å sjå i Freeman township Crawford Co., WI (eller i det næraste nabolaget) i 1870 - derimot syner FT1870 denne huslyden i Freeman township (Dwelling #137):

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-P5M

 

Runice, Muns 40 farmer Nor

Runice, Betsy 32 keeping house Nor

Runice, Muns 8 at school WI

Runice, Caroline 6 at school WI

Runice, Julia 4 – WI

Runice, Ole 3 – WI

Runice, Christena 1 – WI

 

Det var ikkje uvanleg at emigrantane frå garden Rønnei i Luster skreiv seg for Runice i Amerika.  I Freeman township var det sogar ein annan Mons Larsson Rønnei som delvis òg nytta Runice-namnet, men han er «sjekka ut» av denne saki:

 

Larsen, Muns 61 farmer Nor                                        Mons Larsson Rønnei f. Luster 17.12.1809 utv. 1867

Larsen, Anna 50 keeping house Nor                           Susanna Ellingsdotter Talle f. Luster 25.9.1819 utv. 1867

Larsen, Christena 20 at home Nor                              + Christina f. Luster 3.2.1849 utv. 1867

Larsen, Ellen 16 at home Nor                                       + Elen f. Luster 7.2.1855 utv. 1867

Larsen, Mary 14 at school Nor                                     + Anna Marie f. Luster 29.10.1857 utv. 1867

Larsen, Sophia 6 at school Nor                                    + Sophia f. Luster 27.2.1863 utv. 1867

 

Eg står med andre ord BOM FAST i spørsmålet om kven denne «andre» Mons Runice i FT1870 kan ha vore.  Ingen av borni som er oppgjevne i FT1870 synest vera døypte på West Prairie, einaste «aktuelle» kyrkje på den tidi!

 

So no er eg svært spent på kva meiningar de andre kan ha i denne saki.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Dei er ikkje å sjå i Freeman township Crawford Co., WI (eller i det næraste nabolaget) i 1870

Er denne familien i Deerfield, Dane Co i 1870 sjekket ut? https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WL9-DCN?i=19&cc=1438024&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMN94-FHT

(nederst på bilde 20, øverst på bilde 21)

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg har òg observert denne huslyden i Deerfield township, Dane Co., WI og har stilt meg same spørsmålet.  MEN, det er ganske langt frå Freeman township, Crawford Co., WI til Deerfield, Dane County, WI og særleg til å foreta ei full flytting fram og attende innan so kort tid!

 

Eg veit ikkje kven parfolket i Deerfield var, men databasen for norske fødsler hjå NAGC i Madison, WI syner:

 

Mons Monsson og Ingeborg Knudsdotter hadde to born til dåp i Koshkonong-kyrkja:

* Johan Martin f. Dane Co., WI 8.8.1858

* Cornelius f. Dane Co., WI 19.8.1861

 

Desse namni høver godt med dei t eldste borni frå FT1870 for Deerfield, so eg trur me definitivt kan avskriva denne huslyden som eit alternativ...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.