Jump to content
Arkivverket

Skifte etter Poul Irgens, 1785-


Arnfinn Kjelland

Recommended Posts

Eigar av Lesja jernverk. Poul Holst Irgens, døydde i 1784. Om skiftet står det i Norske Intelligenz-Sedler No. 25, onsdag 22. juni 1785 (bilde) at kaptein Caspar Reinholdt Ziegler og kanselli-råd Jens Grønbech Wessel er oppnemnt som skiftekommisærer for Irgens' dødsbu.

Eg har prøvd å søkje etter skiftet, men førebels utan treff.

Nokon som har tips til kvar ein kan leite?

 

Om skifteforvaltarane 1785.jpg

Link to comment
Share on other sites

Takk for forsøket, Grethe, men det du viser til er skifte på ein av plassane under Verket, "Arvetomten Myren", 18. mai 1771 der Irgens sjølv innfant seg.

 

Men ser det er interessant jernverkshistorie i denne skifteprotokollen, så eg må nok gå laus på å tolke den snart: https://lesjajernverk.blogspot.com/

 

 

Link to comment
Share on other sites

Eg ville trudd at jernverka som dei andre bergverka eg har vore borti hadde eigen jurisdiksjon (bergretten), og dermed òg eigne skifteprotokollar. Problemet her er at Lesjaverket vel låg under det nordenfjeldske bergamtet, der arkiva brann i 1798, så det kan vere tynt med materialer her.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Ja, det er nok ein fare for at skiftet gjekk tapt i brannen i Nordenfjeldske. Men sidan det trass alt var kongen som oppnemnte skiftekommisærer, og dei heldt til i Christiania, har eg eit von om at skiftedokumenta kan ha hamna ein annan stad, kanskje i Overbergamtet. Men eg ser Sønnafjeldske bergamt har eigne skifteprotokollar (Arkivportalen), så sjansen er vel liten.

Men takk for kommentaren.

Link to comment
Share on other sites

Det er uansett verdt å sjekke, for det er stor skilnad på bergverka nordenfjelds. For kvar av kopparverka i Meldal og Selbu finst det éin skifteprotokoll, medan det for Rørosverket er bevart sju protokollar.

  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Utnevnelsen av en særskilt skiftekommisjon gikk gjennom Danske kanselli, og ikke Overbergamtet. En eventuelt gjenpart av en skifteforretning er vel å finne i kanselliets arkiv.

 

Se kommissoriet 23.7. 1784:

RA, Danske Kanselli 1572-1799, F/Fc/Fca/Fcab/L0043: Norske tegnelser, 1782-1786, s. 421a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/da20120913690910
 

Og om tvistigheter i behandlingen av skiftet 20.5. 1785:

RA, Danske Kanselli 1572-1799, F/Fc/Fca/Fcab/L0043: Norske tegnelser, 1782-1786, s. 541a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/da20120913691150

 

For proklamaet det er bilde av over, kgl. res. 12.6. 1785:

RA, Danske Kanselli 1572-1799, F/Fc/Fca/Fcaa/L0050: Norske registre, 1784-1785, s. 620a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/da20120912681257 
 

Jeg finner ingenting i Norske innlegg. Men man skulle tro at kommisjonen sendte inn en kopi av skiftet til myndighetene?

Edited by Ola Teige
Korr.
  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.