Gå til innhold
Arkivverket

Trond Hansson Nyhus frå Bøverdalen i Lom (1831-1894?) - pionerfarmar i Freeman township, Crawford Co., WI - kvar budde denne huslyden i 1870? - fleire dødsfall manglar...?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det er mange år sidan eg freista skaffa eit oversyn over denne huslyden frå Lom/Hafslo i Amerika, men laut gje opp med følgjande status (der fleire utfordringar er fletta inn i teksten).  Kanskje nokon er i stand til å hjelpa meg vidare?

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Mari Gjertsdotter {Dversdal}, f. i Hafslo 6.8.1838,

Mary Anderson utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 2.10.1864 med Trond Hansson frå Nyhus i Bøverdalen, Lom, i Amerika kjend som Thomas Hanson.  Han var son av gardbrukar Hans Trondson på Nyhus og kona Anna Olsdotter frå Nyhus og f. i Lom 10.7.1831, men utvandra til Amerika i 1858.  Mary og Thomas Hanson slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Thomas d. kring 1894. 

 

##### (nøyaktig dødsdato?)

 

Mary Hanson flytte som enkje inn hjå dotteri Julia i Sterling township, Vernon Co., Wis. der ho d. 22.11.1906.  Dei fekk ni born i lag:

a. Helene Marie Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 10.12.1865, d. i Crawford Co., Wis. 3.8.1866.

b. Helene Marie, kjend som Helen Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 6.10.1867, d. i Viroqua, Wis. 25.11.1958.  Helen gifte seg i La Crosse, Wis. 2.6.1894 med enkjemannen Engebret Evenson, opphavleg frå Askildsrud i Norderhov, i Amerika kjend som Albert Thompson.  Han var son av husmann Even Trulsson på Jobæk, Askildsrudeiet, og kona Inger Sophie, kjend som Sophia Olsdotter, òg frå Askildsrudeiet, og f. i Norderhov 12.2.1856, men utvandra til Amerika i 1878 og hadde før vore gift og busett i Minnesota og Washington.  Albert d. i Crawford Co., Wis. 10.5.1928.  Albert var snikkar (”carpenter”), men han og Helen slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis.  Dei fekk seks born i lag, men Albert hadde òg minst ei dotter frå første ekteskapet sitt.

c. Louise Malena, kjend som Malena Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 1.7.1869, d. i La Crosse, Wis. 14.9.1939.  Malena gifte seg i La Crosse, Wis. 20.4.1898 med Ole Reinert Gustavson Julsberg frå Taslid i Strinda, i Amerika kjend som Ole R. Julesberg.  Han var son av innerst og gardsarbeidar Gustav Andreasson Julsberg på Taslid, opphavleg frå Julsberg i Levanger, og kona Karen Marthe Ottesdotter frå Tingstadvald og f. i Levanger 28.1.1867.  Ole utvandra med foreldri sine til Amerika i 1882 og d. i La Crosse, Wis. 2.5.1931.  Ole Julesberg var ei tid kolonialhandlar (“grocer”), men vart sidan vaktmeister (“janitor”).  Han og Malena budde i La Crosse, La Crosse Co., Wis. og fekk fire born i lag.

d. John Albert, kjend som Jack T. Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 20.8.1871, d. visstnok e. 1920, men dato og stad er ukjende. 

 

     ##### (nøyaktig dødsdato - og stad?)

 

     Jack gifte seg første gongen i Crawford Co., Wis. 24.12.1901 med Ethel G. Pennel, f. i Vernon Co., Wis. 8.1.1884.  Dødsfallet hennar er ukjent,

 

     ##### (nøyaktig dødsdato - og stad?)

 

     men ho vart skild frå Jack etter kort tid.  Jack gifte seg att i Crawford Co., Wis. 25.4.1905 med Anna M. Fortney Gunderson, dotter av gardbrukarsonen Christopher Christopherson frå Fortun (1816-1905).  Anna var f. i Crawford Co., Wis. 25.3.1862 og d. i Richland Center, Wis. 7.10.1966, over 104 år gamal.  Ho hadde før vore gift med Olai Andreas Gunderson (1862-1925), son av husmannsdotteri Anna Olsdotter frå Kvitli under Fuhr i Luster (1827-1917), men vart skild frå han.  Jack Hanson var arbeidar (“laborer”), og han og Anna budde for det meste i Gays Mills, Crawford Co., Wis., men det ser ut til at dei flytte frå kvarandre alt kring 1915.  Dei fekk to born i lag.

e. Olina Johanna, kjend som Johanna Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 5.12.1873, d. truleg ugift i Crawford Co., Wis. kring 1895.

 

 

     ##### (nøyaktig dødsdato?)

 

f. Julia Andrina Hanson (1875-1955), vart gift med Christen Simonson (1868-1944), son av husmannssonen Simon Christenson frå Grandane under Øvrebø i Luster (1838-1905) (s.d.).

g. Henry Nitter Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 19.9.1877, d. i Crawford Co., Wis. kort etter fødsli.

 

 

     ##### (nøyaktig dødsdato?)

 

h. Henry Nitter Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 23.1.1879, var i mange år rancharbeidar (”ranch laborer”) i Birney, Rosebud Co., Mont., men skal vera d. i Miles City, Mont. etter 1930, ugift.

 

 

     ##### (nøyaktig dødsdato - og stad?)

 

i. Norah Mathilda Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 19.4.1881, skal vera d. i Viroqua, Wis. kring 1908. 

 

     ##### (nøyaktig dødsdato?)

 

     Norah arbeidde på Fortney hotel (“hotel worker”) i Viroqua, Vernon Co., Wis. og budde der, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Her er huslyden i FT1880 for Freeman township, Crawford Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN4C-P9L

 

Eg finn dei ikkje i FT1870, men her er ein huslyd som liknar svært, bortsett ifrå namnet på kona og borni...: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN9W-W98

 

Kva meiner de?  Er det same huslyden som er fullstendig «vridd»??  Eller kven er huslyden frå 1870??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.

Eg trur det må vera "feil" Trond Hansson du har i oversikta di. 

Trond Hansson f.Nyhus er på Nyhus både ved FT1865 og 1875, som ugift skreddar: 

1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052088004348 

1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052088004348

Han døyr i Lom i 1885, framleis som ugift skreddar. 

Kan det vera ein annan Trond Hansson frå Lom dette gjeld? 

Han som utvandra i 1858 står oppført med Andvord under "Emigrated from" i denne lista: https://archive.is/fXNPp#selection-251.0-251.60 (#5326).

Han var fødd 11/10/1832 i Lom (#21 her); https://www.digitalarkivet.no/kb20070603500445

Kan det vera han som vart gift med Mari?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

On 10/9/2021 at 11:23 PM, Lars E. Øyane said:

   Jack gifte seg første gongen i Crawford Co., Wis. 24.12.1901 med Ethel G. Pennel, f. i Vernon Co., Wis. 8.1.1884.  Dødsfallet hennar er ukjent,

 

     ##### (nøyaktig dødsdato - og stad?)

 

     men ho vart skild frå Jack etter kort tid. 

 

Ethels dødsfall:

 

U.S., Find a Grave Index, 1600s-Current - Ancestry.com

 

image.png.c14b09b95cf58841dd33a51d4bde264b.png

 

 

Hun giftet seg Emil Domnie i 1908:

 

U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969 - Ancestry.com

 

image.png.526856a99e9e60bca0140510af1c70ef.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Kåre og Frank Marton for kjempefine innlegg!

 

Ingen tvil om at eg har «plukka» feil Trond Hansson.  Eg hadde jo heller ikkje nokon fødselsdato å gå etter...

 

Eg ser at Trond Hansson Andvord er fødd på Rusten 11.10.1832 - i dag for 189 år sidan.  Foreldri er Hans Trondson og Live Olsdotter, gardbrukarar på Rusten - då er spørsmåli:

 

* Er Rusten eige gardsnummer?

 

* Voks Trond opp på Rusten?

 

* Kva var føde-/oppvekststaden for Hans Trondson?

 

* Kva var føde-/oppvekststaden for Live Olsdotter?

 

Det er vel ikkje mogeleg å finna eit mellomnamn for Ethel G. f. Pennell?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den som har tilgang til bygdabøkene for Lom kan nok best svare deg på dette (Band 4, side 383 og 387). 

 

Ser dette i innhaldslista; https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Kjeldearkiv:Bygdabok_for_Lom,_innhaldsliste_bustadane 

Rusti Rusti Gnr 123-1 4 383
Rusti Oddestugu – Odden Gnr 123-5 4 387

 

Han og foreldra er nemnde som busette på Oddestugu i Bøverdalen på diverse slektstre på nettet ser eg, og foreldra bur og der ved FT i 1865:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038058003109

I 1875 er Hans enkjemann og da bur han (dagleier) hos syster si på Rusten; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052088004364

 

Hans Trondsson vart fødd og vaks opp på Rusten, og Live Olsdotter på nordgard Aukrust ifølgje dei same slektstrea. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Kåre for eit nyttig og interessant innlegg!

 

Då er gåta kring opphavet til Trond «Thomas» Hanson løyst.  Han har sikkert vore dreng på Andvord då han utvandra i 1858...

 

Men er det mogeleg å finna ei løysing på dei to huslydane frå FT1870 og FT1880 frå Freeman township, Crawford Co., WI?  Kanskje teljaren rett og slett har «blanda ihop» to ulike huslydar i 1870...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

FWIW

 

1875 Wisconsin FT har elleve Hansen -husstander. Bare en er lovende. Thos Hansen bosatt i Freeman. To menn og 5 kvinner.

 

Thos Hanson

in the Wisconsin, U.S., State Censuses, 1855-1905

Name:Thos Hanson

Residence Date:1875

Residence Place:Freeman, Crawford, Wisconsin, USA

Relationship:Head

Neighbors:View others on page

Household MembersRelationship

Thos HansonHead

 

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/3321973:1055?_phsrc=nlp13&_phstart=successSource&gsln=hans*&ml_rpos=9&queryId=5e33a4f0867b83a6ab05826bd6188c5f

 

1880 FT har Thomas og sønnen John. Også Mary og døtrene Helene og Malene. Viser datteren Johanna 4 år og Julia 3 år? 1900 FT har Julia født oktober 1875.

Johanna ble født ca 1873. Hun skulle være i folketellingen i 1875.

Hvis Julia er i Wisconsin -folketellingen fra 1875, har du fem kvinner.

 

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/74025492:7602

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.