Jump to content
Arkivverket

Andrew og Susan Anderson - 1870 farmarar i Utica township, Crawford Co., WI - kven var desse folki? - kan henda ein lenge sakna emigrant frå Hafslo?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

I den vidare utforskingi av dei norske settlarane i Utica township, Crawford Co., WI er eg i kveld komen borti ein person som for meg ser svært spennande ut.

 

Eg syner til Dwellings #179 og 181 på denne sida: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DCY9-P1C

 

Anderson, John 55 farmer Nor                                    Gjert Andersson Dvergsdal f. Hafslo 24.3.1816 utv. 1861

Anderson, Christina 50 housekeeping Nor                Malena Johannesdotter Resaland f. Hafslo 25.6.1815 utv. 1861

Anderson, Christopher 20 farmer Nor                       + Christopher Nitter f. Hafslo 11.2.1849 utv. 1861

Anderson, Lena 17 at home Nor                                  + Malena f. Hafslo 27.7.1851 utv. 1861

Anderson, John 16 farmer Nor                                    + Gjert f. Hafslo 10.2.1854 utv. 1861

Anderson, Andrew 28 farmer Nor

Anderson, Susan 28 housekeeping Nor

Anderson, Ole 3 WI

Anderson, Christina 1 WI

 

Gjert «John» og Malena Anderson hadde ein son Anders, fødd i Hafslo 8.7.1844 som ifølgje opplysningar frå slekti var gift og hadde fleire born, men ingen har so langt greidd å fortelja meg kvar det vart av han!!  Eg har ein sterk mistanke om at denne Andrew Anderson godt kan vera mannen eg har leitt etter i so mange år, men kan nokon hjelpa meg stadfesta dette?  Kven var Andrew og Susan Anderson?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Kan denne vielsen være aktuell?

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=ELCAbmd&indiv=try&h=1160997

 

Andres Andersen

 in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969

 

Name: Andres Andersen
Gender: Male
Record Type: Marriage
Marriage Date: 23 Jan 1866
Marriage Place: Coon Valley, Wisconsin, USA
Father: Ole Andersen
Mother: Gertrud Einarsd
Spouse: Susanna Arnesen
Church Name: Coon Prairie Lutheran Church
Church Location: Westby, Wisconsin

 

 

Name: Susanna Arnesen
Gender: Female
Record Type: Marriage
Marriage Date: 23 Jan 1866
Marriage Place: Coon Valley, Wisconsin, USA
Father: Jens Arnesen
Mother: Sophie Ammedtr
Spouse: Andres Andersen
Church Name: Coon Prairie Lutheran Church
Church Location: Westby, Wisconsin
Edited by Sven Hjortland
Link to comment
Share on other sites

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:687D-GZ3K

 

Event Type Baptism
Name Susanne
Baptism Date 7 Jan 1838
Baptism Place Luster, Luster, Sogn og Fjordane, Norge
Birth Date 03 Jan
Father's Name Jens Arnesen
Father's Sex Male
Mother's Name Sophie Amundsd:
Mother's Sex Female
Mother's Residence Place Eide
Source Call Number SAB/A-81101
Source Description Church book from Luster parish 1831-1841 (1426P)
Entry Number 14
Line Number 1020
Page Number 47
Source Publication Year Range 1831-1841
Affiliate Film Number dp-11592-1832-1841
Link to comment
Share on other sites

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHC5-PQ2

 

Name Anders
Sex Male
Christening Date 22 Jul 1838
Christening Place Hafslo, Nordre Bergenhus, Norway
Christening Place (Original) Hafslo, Sogn Og Fjordane, Norway
Birth Date 16 Jul 1838
Father's Name Ole Andersen
Father's Sex Male
Mother's Name Gjertrud Einersdr
Mother's Sex Female
Link to comment
Share on other sites

Susanne - nr 14

SAB, Luster sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0005: Ministerialbok nr. A 5, 1831-1841, s. 47
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514610447

 

Anders nr 66

SAB, Hafslo sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0005: Ministerialbok nr. A 5, 1834-1852, s. 28
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070507660234

 

 

 

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Jon, Sven og Jostein for interessante og utfordrande innlegg!

 

Diverre lyt eg nok skuffa dykk.  Andrew og Susan Aspelund budde i «hin enden» av Vernon Co., WI - om lag 25 miles frå Utica township, Crawford Co., WI, og her følgjer ein biografi for denne Andrew Aspelund:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Olson, f. {i Hafslo} 16.7.1838,

Andrew O. Aspelund utvandra til Amerika i 1862 og gifte seg første gongen i Vernon Co., Wis. 23.1.1866 med Susanna Jensdotter frå Eidsbakken under Eide i Luster, i Amerika kjend som Susanna Jenson.  Ho var f. i Luster 3.1.1838, men utvandra til Amerika i 1862.  Andrew og Susanna slo seg ned som farmarar i Christiana township, Vernon Co., Wis., men Susanna d. der alt 7.2.1868, og 10.1.1876 gifte Andrew seg att i Buffalo Co., Wis. med Susanna Monsdotter frå Gravi under Hauge i Luster, i Amerika kjend som Susan Monson.  Ho var f. i Luster 17.12.1839 og utvandra til Amerika i 1871.  Andrew og Susan farma først nokre år i Nelson township, Buffalo Co., Wis., men flytte i 1892 til ein farm i Naples township, Buffalo Co., Wis.  Kort etter hundreårsskiftet flytte parfolket som pensjonistar til St. Paul, Ramsey Co., Minn. der Andrew d. 3.6.1905.  Susan Aspelund vart buande ei tid hjå borni sine i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men flytte sidan attende til Buffalo Co., Wis. og d. i Mondovi, Wis. 2.11.1939, nesten hundre år gamal.  Andrew Aspelund fekk to søner, ein frå kvart ekteskap, men andre kona Susan hadde òg ei dotter før ho gifte seg:

a. Ole Aspelund, f. i Vernon Co., Wis. 12.7.1866, d. i Plentywood, Mont. 5.5.1941.  Ole gifte seg i Buffalo Co., Wis. 9.10.1887 med Monsena, kjend som Sena Barsness, dotter av husmannssonen Ole Andersson frå Hagen under Urnes (1822-1898).  Ho var f. i Buffalo Co., Wis. 17.3.1867 og d. i Plentywood, Mont. 1.9.1925.  Ole og Sena Aspelund farma først i Naples township, Buffalo Co., Wis. til dei i 1910 tok «homestead» nær Dooley, Sheridan Co., Mont.  I 1920 flytte parfolket inn til Plentywood, Sheridan Co., Mont., og same året vart Ole vald til kommunedomar («County Assessor»).  Frå 1926 arbeidde han so som rutebilførar («bus driver»).  Han og Sena fekk åtte born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Men ein eller annan stad der ute gøymer nok «vår» Andrew og Susan seg.  Kanskje har Susan opphavleg hatt namnet Synnøva?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.