Jump to content
Arkivverket

Bergen: Ella Vik, f.04.03.1905, på barneheim i 1912 - har nokon opplysningar om henne etter det?


Aase R Sæther - Gloppen

Recommended Posts

Ella er døypt her -  https://www.digitalarkivet.no/kb20061120040360

tald saman med mora i 1910 her - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708068898

og på barneheim i Sandviksveg i 1912 - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01105551049010

 

Er det nokon som har opplysningar om henne etter dette? Det kan vere sjanse for at det blir innblanda nolevande personar her, og då vil eg be om at opplysningar blir sendt  meg på privat melding og ikkje lagt ut opne. 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
Link to comment
Share on other sites

  • Aase R Sæther - Gloppen changed the title to Bergen: Ella Vik, f.04.03.1905, på barneheim i 1912 - har nokon opplysningar om henne etter det?
59 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

No blir eg nysgjerrig. 

No blir eg nysgjerrig. Korleis finn du slike lysingar?

på bokhylla.no la jeg inn søk på "ella wiig" i aviser

https://www.nb.no/search?q="ella wiig"&mediatype=aviser

 

Du får da to treff på "Ella Wiig" i kombinasjon med Smedstad

 

 

  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Eg pleier ofte å bruke nærheitssøk når eg søkjer i nb.no. For eksempel vil "ole olsen"~1 finne Ole Olsen, men også f.eks. Ole Johan Olsen. Talet etter ~ spesifiserer maks antal ord mellom orda i frasen.

 

Tolkinga av teksten frå dei skanna bileta (OCR) er gjort av datamaskiner, og er ikkje perfekt. Difor kan det av og til vere vanskeleg å få treff, og ein må då vere litt kreativ og prøve ulike søkjefrasar.

Link to comment
Share on other sites

10 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Eg pleier ofte å bruke nærheitssøk når eg søkjer i nb.no. For eksempel vil "ole olsen"~1 finne Ole Olsen, men også f.eks. Ole Johan Olsen. Talet etter ~ spesifiserer maks antal ord mellom orda i frasen.

Du verda så mykje snedig som finst - dette har eg aldri høyrt om; er dette noko som gjeld i søk andre stader og?

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Aase !

 

Dersom du spyr om dette:  ~ så er det eit teikn eg brukar mykje i leitinga er folk på DA, der ein bruka opp til 2 stk, fyrebils.

Fornavn:  Åse~2, er godt å få bruka, serlig pga AMF materialet, men også DA ellers også.

 

 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Åse~1 vil finne både Åse og Åsa. Åse~2 bør vel også finne Aase (eg er ikkje heilt sikker). Dette er det ein på "nynorsk" kallar fuzzy-søk. I tillegg til å kunne brukast på DA kan også denne typen søk vere nyttig å bruke på nb.no, og spesielt der resultatet av OCR-skanninga ikkje er prikkfritt (Typiske eksempel er når Torbjørn er blitt lese som Torbjorn eller Åse som Ase). Diverre lar det seg vel ikkje gjere å kombinere fuzzy-søk og nærheitssøk i ein og same søkjefrase.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Det er alltid kjekt å lære nye ting, men også alltid viktig å spørje seg kvifor ein ikkje visste dette før. Står dette teiknet nemnt nokon stad her på DA, td? Og snakkar de no om to ulike søkemåtar - "Ole Olsen"~1 og Ole~1?

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Ja, det fyrste søket vil søkje på ord med maksimalt eitt ord mellom. (Eg er usikker på om dette fungerer på Digitalarkivet). Det siste søket søkjer på eit ord der opp til ein bokstav/teikn i sjølve ordet kan variere.

 

Det var ein del diskusjon i sommar, då Digitalarkivet skifta søkjemotor. Nokre (inkludert meg sjølv) var frustrerte fordi ein ikkje lenger kunne utføre søk på f.eks. *isto*. (Ein må no velje mellom asterisk i byrjinga eller i slutten, men kan ikkje ha begge deler). Andre var frustrerte fordi innføring av variantsøk i alle søkjeskjema gjorde at ein fekk mange irrelevante treff. (Variantsøket kan ein no velje å slå av). Samstundes vart dette "fuzzy-søket", innført, og dette evt. saman med bruk av variantsøk vil bøte på dei manglande mogelegheitene som elles finst i søkjemotoren. Og ikkje minst var mange frustrerte over at desse endringane vart gjort over natta, utan at det var utarbeidd nokon bruksanvisning for korleis ein skulle søkje i den nye søkjemotoren.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

Her er noko av det som vart diskutert då det vart skifta søkjemotor. M.a. står det litt meir om korleis fuzzy-søket til Digitalarkivet fungerer.

 

 

Link to comment
Share on other sites

Takk skal du ha; når det er såpass nytt er det ei forklaring på kvifor eg ikkje har fått det med meg, På denne tida var eg lite innom DA.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Aase !

 

Du var medlem av Slekt og Data «før i tida», dersom du er medlem enno (det MÅ du væra) så kan du sjå på eit webinar som Kristian Hunskaar i Arkivverket har laga datert 16 juni i år. Der kan du læra om «fuzzi-søket».

Her er webinaret https://slektogdata.no/nb/personsok-i-digitalarkivet

 

Eller: https://vimeo.com/563626663/3b1ca9d476

 

 

 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.