Jump to content
Arkivverket

Finnkongkeila i Finnmark


Ivar Ande

Recommended Posts

Er det noen som har eller vet om etterkommere etter familier fra Finnkongkeila i Finnmark.
Finnkongkeila ble som alt annet i Finnmark breent høsten 1944, det ble som det eneste større fiskevær ikke gjenoppbygget.
Det er meget vanskelig å finne bilder og annet materiale derfra.
Er det noen som har bilder fra Finnkongkeila fra før det ble brent i 1944.
Tenker her private bilder, det kan vel tenkes at det er sendt bilder derfra til slekt og venner. 
Tror vi har sett på alt som er på nettet og museer.
Bildene skal brukes i forbindelse med en dokumentarfilm, men også formidles til noen etterkommere fra Finnkongkeila som vi vet om.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Mange ble født der, de første som flyttet fast dit var familien Sæther i 1880, i 1900 bodde det 120 der, i 1920 over 150.
Det var skole, kulturhus og et levende folkeliv fiskebruk og handelsvirksomhet helt til det hele fikk en brå og trist slutt høsten 1944,
Det kunne være over 1000 fiskere der under vårfisket, tett befolket med mange rorbuer.

Var der i sommer på befaring, foto og video, et fantastisk sted, ingen veiforbindelse så ikke enkelt å komme dit.

Edited by Ivar Ande
  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Link to comment
Share on other sites

Finkongkjeilen - f.t. 1885 for Tana:

https://www.digitalarkivet.no/census/rural-residence/bf01053311001259

https://www.digitalarkivet.no/census/rural-residence/bf01053311001262 - familien Sæther 

 

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=2025&kenr=008&bnr=0003&lnr=00

  • Tellingsår: 1910
  • Kommune: Tana
  • Kommunenummer: 2025
  • Navn på bosted: Finkongkjeilen
Antall personer registrert på bostedet: 20. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.
  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
tidslinje.gif Anna Benjaminsen hm e Arbeides Kone 23.02.1839 t n
  Hansine Hansen d ug Fiskeskærer 02.07.1867 t n
tidslinje.gif Harral Hansen s ug Fiskrie 21.09.1887 t n
tidslinje.gif Line Sætter d ug Ængner 26.04.1898?? t n
  Jenny Albertsen d ug   22.04.1900?? t n
  Hermand Isaksen el ug Feskrie 02??.09.1853 Finland Overtornea f
  Ander Hammari el e Feskrie 06.06.1852 Finland f
  Abram Hansen hf g Feskrie 24.10.1874 Nesseby herred lf
tidslinje.gif Per Sabbasen el ug Feskrie 28.07.1884 t lf
  Karil Ennojerve hf g Feskrie cirka 41 Finland f
  Johanna Ennojerve hm g   cirka 42 Norreisse f
  Hulda Ennojerve d ug   15.08.1910 %Kjerkenes% f
  Karl Andrias Olsen el e   08.07.1839 Alten n
  Knudt Larsen el ug Feskeri 24.02.1879 Raagnan Saldalen n
  Radman Johansen el, hf ug Feskeri 01.04.1888 Lofoten n
  Magrede Augensen el, hm ug Thjenestepige 16.12.1885 t n
  Jon Jonsen hf, %el% ug Fiskeri 12.02.1884 t b
  Maga Mathisen hm %el% ug Arbeiderske 10.10.1876 t b
  Ida Magdalena Isaksen d ug   07.09.1905 t b
  Inga Klemmesen el e Arbeiderkone cirka 50 aar t lf
 
Link to comment
Share on other sites

Ved søk på Arkivportalen, ser jeg at Arkivverket (Riksarkivet) har fotomateriale i arkivet etter Havnedirektoratet:

https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-01000002754622?ins=RA

RA/S-1604 - Havnedirektoratet

Arkivdel 2 

  • Serie Ud - Album med kopier
    • Stykke nr. L0016 - Diverse Finnmark
      • 0010 - Finnkongkjeila - 1894
      • 0011 - Finnkongkjeila - 1890
    • Stykke nr. L0024 - Norges offentlige havnearbeider (utstillingsalbum)
      • 0025 - Finkongkjeila

Jeg kjenner ikke til selve innholdet, men du kan eventuelt sende en henvendelse til Arkivverket og forhøre deg litt nærmere - hvis du ikke allerede er kjent med materialet. 

https://www.arkivverket.no/tjenester/bestill-en-enkeltopplysning/andre-henvendelser#!/form/0

 

Link to comment
Share on other sites

Takker, skal undersøke saken, men kan være samme materiale som man finner her:
https://foto.digitalarkivet.no/fotoweb/archives/5001-Historiske-foto/?q=Havnedirektoratet&txnm=5c5d39dfa20339d914ec53d8

 

Skal bestille en del dokumenter for gjennomsy på lesesalen NasjonalBiblioteket, Oslo,

skal sjekke evt bestille fra de lenkene du viser til

Alle små brikker i puslespillet er viktig, ikke enkelt å få frem materiale fra Finnmark, ikke bare hus som ble brent.

 

Takker for iherdig søk, ja fint at andre og kan få innsikt, Folketellingene har vi alle av, leser og de skannede 🙂

Edited by Ivar Ande
  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Innlegg #8:

 

Eg ser Finnkongkeila og finn dette i manuskriptet mitt for gnr. 183, Urnes i Hafslo (Luster):

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Olson (Urnes), f. {i Hafslo} 25.10.1841,

Ole Olsen flytte med foreldri i 1861 til Målselv og sidan vidare til Tana der han 15.11.1868 gifte seg med Euphrosina, kjend som Sina Ulriksdotter Aaström frå Birkestrand i Tana.  Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Nils Ulrik, kjend som Ulrik Andersson Aaström på Fjelmastrand, Birkestrand i Tana, opphavleg frå Åmnäs i Lycksele, Västerbottens län i Sverige, og kona Helena Lovisa Fredriksdotter frå Manjaur i Lycksele, og f. i Lycksele, Västerbottens län i Sverige 24.10.1844, men budde mellom anna i Stensele i Västerbottens län og i Tärna ved Umeå i Västerbottens län, men flytte i 1860 med foreldri sine til Tana.  Ole var fiskar, og han og Sina busette seg på Birkestrand i Tana, men Ole sette livet til i ein båt utanfor Sletnes i Tana alt 27.4.1869, og Sina gifte seg att i Tana 5.3.1876 med Paul Sigvard Berntson Sæther frå Trondheim.  Han var son av fiskar og handelsmann Bernt Martinus Zachariasson Sæther i Trondheim og kona Helene Pettersdotter f. Wold, òg frå Trondheim, og f. på Ila i Trondheim 31.1.1852.  Paul var òg fiskar, og han og Sina flytte kring 1878 som gardbrukarar til Finnkongkjeila i Gamvik der Paul livnærte seg som fiskeoppkjøpar, medan Sina so seint som i 1906, 62 år gamal, melde til handelsegisteret at ho då starta opp med landhandel, men i 1910 ser det ut til at verksemdi var redusert til kafédrift.  Sina d. i Finnkongkjeila 24.1.1923, og i 1930 utvandra Paul som enkjemann til Amerika.  Me finn han att under namnet Paul Sather der han busette seg hjå yngste sonen Alfred ved Sandy Lake i Shamrock township, Aitkin Co., Minn., men han d. på ein gamleheim i Brainerd, Minn. 21.7.1944.  Sina fekk i alt sju born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Ole Olson:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne huslyden har etterkomarar i Amerika, men om nokon sit med bilete, veit eg ikkje.

 

Vonar dette kan vera av interesse.

  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Ja dette var jo helt utrulig.
Euphrrosina var søster til min oldemor så denne historien har jeg , bortsett fra to ting viste ikke at Ole Olsen kom fra Luster at Paul reiste til Amerika har jeg sett skrevet men trodde det var en sammenblanding med sønnen som utvandret til Minnesota i 1907, da var det vel til han Paul reiste i 1930, dette må undersøkes, skal spre det noen i Aasrøm slekta som forsker på dette.
Odd Helmer Handeland som jeg har god kontakt med, bistår han i skrivingen han holder på med, og som du kansje kjenner sier du er en meget presis bygdebokforfatter.

Skal innlemme dine opplysninger i mitt slektstre.  Er teksten du har lagt ut fra ei av dine bygdebøker ?

Nu ble jeg mildt sagt overrasket !
Jeg kommer forøvrig fra Birkestrand i Tana.

Min Kjeila side:  https://nextylon.com/Finnkongkjeila/
Birkestrand, Tana:   https://nextylon.com/TANA/
YouTube video Finnkongkeila prosjektet: 

 

Edited by Ivar Ande
  • Like 3
Link to comment
Share on other sites

Dette er jo alldeles nydelig. Jeg ser frem til å se den endelige dokumentarfilmen. Elsker "utposter" og historier som dette!

 

DTH

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #11:

 

Det var godt å høyra at opplysningane vert sett pris på.

 

Her kan eg leggja til dei opplysningane eg førebels har samla om borni til Euphrosina.  Kanskje kan nokon finna ut av dei opplysningane som eg manglar?

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

a. Nikoline Antonette, kjend som Antonette Olsen, f. i Tana 15.4.1868, gifte seg i Tana 15.1.1893 med Adolph Andreasson Thynæs frå Namsos, f. i Namsos 19.7.1871.  Adolph Thynæs var ei tid snikkarsvein i Tana og sidan snikkarmeister i Namsos der han og Antonette budde til Adolph i 1902 og Antonette i 1903 utvandra til Amerika.  Adolph livnærte seg som snikkar («carpenter»), og han og Antonette busette seg på ein farm i Elk Mound township, Dunn Co., Wis. der Antonette d. 11.12.1917.  Adolph gifte seg 3.10.1920 att i Sherburne Co., Minn. med Anna Olson,

 

     ¤¤¤¤¤ (born Molde, Norway Aug. 27, 1874 – em. 1911)

 

     Dei flytte til ein farm i Rutland township, Dane Co., Wis., men Adolph d. i Stoughton, Wis. 6.2.1935.  Anna Thynes d. same staden 24.7.1940.  Adolph fekk ingen born sjølv, men han og Antonette adopterte to gutar, medan andre kona Anna hadde ein son frå før.

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1900 nemnd ein son: Ole Johan Thynæs, f. i Kjelvig 1891 – n. 1905 John – 1910 John adopted son! – 1920: adopted son Andrew 17  WI  WI  WI – 1930 a daughter Elizabeth born MN 1916/1917 – both par. Norway – informant 1940! – Sofie Elizabeth Thynes, f. Duluth, MN 1.4.1917, konf. Stoughton, WI 1933, d. Dane Co., WI 22.12.1993, gift med Peter S. Wersland, f. 25.12.1912, d. 28.2.1983 – gravlagde Riverside, Stoughton, WI!)

 

b. Johan Viktor Johannesson Vik, son av Sina og fiskar Johannes Andersson Vik

 

     ¤¤¤¤¤ (f. 1840 – kven var han?)

 

     var f. i Tana 6.9.1872, men d. på Guldholmen i Tana 14.9.1872.

c. Johan Andreas Johannesson Vik, sidan kjend som John A. Wick, likeins son av Sina og fiskar Johannes Andersson Vik

 

     ¤¤¤¤¤ (f. 1844 – kven var han?)

 

     var f. i Tana 22.2.1874, budde ei tid som sagarbeidar i Namsos, men var elles fiskar og steinarbeidar til han i 1907 utvandra til Amerika med reisemål Colfax, Dunn Co., Wis.  Nokre år etter finn me John Wick att som skogsarbeidar («lumber camp laborer») i Schroeder township, Cook Co., Minn.  Sidan var han trelastarbeidar («pulpwood laborer») i Summit township, Douglas Co., Wis., men han d. ugift på ein gamleheim i Superior, Wis. 4.11.1961. 

d. Hilmar Martin Paulson Sæther, f. i Tana 29.12.1876, d. i Namsos 6.6.1947.  Hilmar gifte seg første gongen i Namsos 12.8.1900 med Anna Birgitte Edvardsdotter Myhr frå Hildrum i Overhalla, f. på Bakklandet i Trondheim 20.3.1881.  Men ho d. på sjukehuset i Namsos alt 16.9.1901, og Hilmar gifte seg so att i Vemundvik 8.3.1903 med Olivia Edvarda Olsdotter Liaunet frå Namsos, f. i Namsos 7.11.1881.  Ho d. i Namsos 4.8.1961.  Hilmar var steinarbeidar og sidan sjømann.  Han budde i Namss levetidi ut, men han og Olivia vart skilde, og ho gifte seg att med Egil Andreas Aas.  Hilmar fekk to søner, ein frå kvart av ekteskapi sine.

e. Sigvard Emmanuel Paulson Sæther, f. i Gamvik, Tana 31.12.1879, d. i Tana 7.7.1895.

f. Oluf Nikolai Paulson Sæther, sidan kjend som Olaf N. Sather, f. i Gamvik, Tana 17.2.1884, utvandra til Amerika i 1903 og var ei tid farmarbeidar («farm laborer») i Baldwin township, St. Croix Co., Wis., men gifte seg i McGregor, Aitkin Co., Minn. 14.10.1913 med Mabel Elizabeth Warner, f. i Dakota Co., Neb. 8.11.1898.  Olaf og Mabel slo seg ned som farmarar nær Sandy Lake i Shamrock township, Aitkin Co., Minn., men flytte hausten 1966 som pensjonistar til Eugene, Lane Co., Ore. der Olaf d. 4.8.1969.  Mabel Sather d. same staden 4.4.1992.  Dei fekk sju born i lag.

g. Helene Marie, kjend som Marie Paulsdotter Sæther, sidan kjend som Mary H. Sather, f. i Gamvik, Tana 19.2.1884, var ei tid tenestejente i Namsos, men utvandra i 1903 til Amerika og gifte seg i Baldwin, St. Croix Co., Wis. 16.7.1904 med Theodore C. Johnson, f. i Dunn Co., Wis. 5.8.1869, men med foreldre frå Hjartdal i Telemark.  Theodore var bakar og bakerieigar («baker and bakery owner») i Colfax, Dunn Co., Wis. der parfolket budde levetidi ut.  Theodore d. då han 25.10.1950 ramla i kjellartrappi i heimen sin i Colfax, Wis., medan Mary Johnson d. same staden 14.2.1975.  Dei fekk fire born i lag.

i. Paul Alfred, kjend som Alfred Paulson Sæther, sidan kjend som Alfred P. Sather, f. i Gamvik, Tana 28.12.1887, kom i ung alder som barberlærling til Namsos, men utvandra derifrå til Amerika i 1907.  Han var liksom broren Oluf òg ei tid farmarbeidar i Baldwin township, St. Croix Co., Wis., men gifte seg første gongen i St. Louis Co., Minn. 29.12.1917 med Ke Nees E Quay, kjend som Mae Snetsinger, f. i Aitkin Co., Minn. 11.4.1892.  Mae var sjukepleiar («nurse»), men ho og Alfred farma i Turner township, Aitkin Co., Minn.  Mae d. i Libby, Minn. 21.7.1921, og Alfred gifte seg so att i Minneapolis, Minn. 22.6.1927 med Ruth Marion Meikle, f. i Stevens Co., Minn. 22.6.1905.  Alfred og Ruth starta i 1927 opp med landhandel og kafé («general merchants and café owners») ved Sandy Lake i Shamrock township, Aitkin Co., Minn. og budde der levetidi ut.  Alfred d. i Minneapolis, Minn. 15.6.1956, medan Ruth Sather d. i Red Wing, Minn. 1.3.1994.  Alfred fekk to søner, som båe var frå andre ekteskapet med Ruth.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dette er ein del av manuskriptet som vert publisert i band XII av Gards og Ættesoga for Luster våren 2022.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Dette er på alle måter nyttig, vi leter jo etter gamle bilder fra Finnkongkjeila, noen er nok blitt sendt til familiemedlemmer i årenes løp så leter etter etterkommere.
I tillegg får jeg jo lagt inn opplysninger i slektstreet mitt, og Egil Aastrøm som er på leting etter slekta i Amerika blir nok veldig glad, tusen takk.

Skal sende deg eventuelle tilleggsopplysninger som dukker opp, må og se hva jeg har.
God Helg . "Verden er sannelig ikke stor"

Edited by Ivar Ande
  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Paul Alfred Sæther og Johan Andreas Vik reiste i 1907 til samme sted som Nikoline og Adolf emigrerte til i 1903, Colfax i Wisconsin.
De reiste sammen på samme båt, emigrasjonsprotokoll:
https://media.digitalarkivet.no/view/43740/378
midt på siden nr. 4063 og 4064.
Når det gjelder Paul Sæther som emigrerte i 1930 skriver du at han reiste til yngste sønn Alfred,
kan ikke se at han hadde en sønn som het Alfred , hvor finnes han.
Johannes Andersson Vik   f. 1840 eller 1844, ser at han og Euforsines første uægte barn dør på Guldholmen, Gullholmen var bare bosatt fra om tidlig på våren til sent på høsten og er derfor ikke med i noen folketellinger.
Guldholmen var eid av min familie på morssiden (Aastrøm på farssiden), Schanche familien eide Gullholmen og hadde handelsrett der fra begynnelsen av 1800 tallet.

Har mye materiale derfra men har ennå ikke funnet Johannes Andersson Vik, han kan ha vært der. 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Innlegg #14:

 

Berre ein liten kommentar til føregåande innlegg!

 

Yngste sonen i denne huslyden Paul Alfred vart til dagleg kalla Alfred.  Difor har eg òg referert til han som Alfred...

 

Elles kan vel mykje tyda på at Johannes Andersson Vik berre har vore «innom» i kortare tid, utan at det let seg gjera å identifisera han...

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.