Gå til innhold
Arkivverket

Kor døydde Anna C. Warner og Bertel H. Wadbech?


Reidar Olav Meling
 Del

Recommended Posts

I første halvdelen av 1700-talet var Bertel Hansen Wadbech handelsmann i Sønstabøvågen, Finnås prestegjeld. Han var son til presten i Finnås, Hans Christian Wadbech, og var fødd i 1687. Han var gift med Anna C. Warner, dotter til den førre handelsmannen i Sønstabøvågen, Casper Caspersen Warner. Me veit ikkje hennar fødselsår. Om Anna og Bertel står det ein del i Bømlo bygdebok, bd. 1. Dei fekk mange barn, - av desse blei 4 gifte og fekk mange etterkommarar. Bertel kom i økonomiske vanskar gong på gong og måtte pantsetja eigedommane, siste gongen i 1756. I bygdeboka står det at Anna og Bertel ikkje døydde "her i prestegjeldet", dvs i Finnås. I 1856 var Bertel nær 70 år gammal. Kor blei det av Anna og Bertel etter 1856 og kor døydde dei? Er det nokon der ute som kan hjelpa meg med dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Noen år siden eg leita, men det siste eg fant den gang er at han lever men "ej tilstæde" ved skifte etter broren Hans Christian 15. juli 1757.

Hordaland fylke, Sunnhordland, Skifteprotokoll nr. Aa 7a (1755-1760), Skifteprotokollside, Side 129b-130a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081112670513

 

 

Endret av Åsbjørg Susort
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser nå at broren Jochum står som formynder for niesene Harboe i skiftet etter Hans Christian og da faller teorien i mitt innlegg fra 2018 om at Berthel er død før 1764...

 

Endret av Åsbjørg Susort
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Åsbjørg. Takkar så mykje for opplysningane du har funne så langt. Ser at eg skreiv feil årstal på slutten av innlegget mitt, det skal sjølsagt vera 1756 og ikkje 1856. Men dette forstod du sjølsagt.

Men me er vel ikkje heilt i mål her..? Meiner du at Berthel døde mellom 1757 og 1764? Men kor? Og kva med Anna, kona?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Reidar Olav Meling skrev:

 

Men me er vel ikkje heilt i mål her..? Meiner du at Berthel døde mellom 1757 og 1764? Men kor? Og kva med Anna, kona?

Ikkje heilt i mål nei. Tidligere har eg trodd at han døde før 1764, men siden Jochum var formynder for Harboe-døtrene allerede 1757, og Berrtel lever fortsatt da, så blir jo den teorien feil. ☹️

Godt å sjå at andre også leiter etter dei. Plutselig kan det dukke opp et spor.

Bertel og Anna er mine 6xtippoldeforeldre. Du er kanskje også etterkommer?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, sjølsagt (!) er eg etterkommar etter Anna og Berthel:

1.Anna og Berthel fekk ei dotter i 1716, Anne Johanne (død 1796)

2.Anne Johanne blei gift med Ole Olson Sørenes, dei budde på Sønstabø, Finnås prestegjeld, dei fekk dottera Kathrine Sanbech i 1746

3.Kathrine S. blei gift med Halvard Gunnarson, Norenes, Finnås pg., dei fekk dottera Anna i 1783

4.Anna gift med Nils Bergeson frå Fitjar, dei budde på Meling, Finnås pg., dei fekk sonen Ole i 1821

5.Ole gift med Marta Steinsvåg (tippoldebarn av henne dei kalte «Russe-Marta»), dei budde på Meling, Finnås pg. og fekk sonen Berge i 1862

6.Berge gift med Ingeborg Svendsen, dei kjøpte den gamle handelsstaden Sønstabøvågen (som Berthel Wadbech eigde i 1750) i 1895, dei fekk sonen Arne (Meling) i 1899

7.Arne gift med Dagny Henschien, dei budde i Sønstabøvågen, dei fekk sonen Reidar Olav (som bur i Sønstabøvågen idag!) i 1949.

 

Men som sagt, kor og når døde Anna og Berthel??

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.