Gå til innhold
Arkivverket

kaptein Johan Christian Wilhelm von Bernitz 1739-1803, kvar kom han frå?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

von Bernitz var kaptein i det tjugumske kompani i siste halvdel av 1700-talet og sette seg opp hus under garden Bøthun. Han gifte seg i 1774 med Margaretha Reutz 1739-1814. I folketeljinga i 1801 er han dimitteret kaptein. Ekteparet hadde ikkje born.

Er det mogeleg å finna ut kvar desse to kom frå og kor lenge han var kaptein i det Tjugumske kompani?

Mvh

Anne Marie Bøtun Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då ser det ut til at Bernitz kom frå Nes i Akershus og seinare har flytt til Egset i Volda der han gifte seg med Margrete Reutz. 

Ser ut til at han bygsla garden Egset frå 1774 og var då kapteinløytnant. Kanskje tilsett i det militæret der?

https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Nedre_Ekset_(Volda_gnr_13/1)

Fann ikkje Egset under den lenka du sende Ivar.

Han må ha vorte tilsett i det Tjugumske kompani mellom 1774 og 1787 då han var kommen til Fresvik. Mogeleg å finna noko meir om kva tid han vart tilsett i det Tjugumske kompani?

Margrete Reutz, var familien frå Volda eller var dei innflyttarar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En mulig kandidat: Johan Christian Bernitz nevnt her:

 

Forsvarets Arkiver, Arkivskabte Hjælpemidler
Hirsch' kartotek over danske og norske officerer

 

https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=17202077#198651,37646121

 

Fra Akershus til Bergenhus 24/9-1772 og avskjed der 22/8-1788.

Fortsetter på neste bilde nr 100. På foregående bilder nr 97 og 98 er en annen Bernitz nevnt, Adolf Wilhelm, kan dette være hans far?

Endret av Gry.Onarheim.Dahlmo
Skrev feil årstall.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har aner med navn Reutz i Luster/Sogndal i S&F
Den eldste( 5xtip) Hans Erikson Reutz 1670-1733
Men dette vet Lars E. Øyane mere om.

 

Tidligere innlegg i forumet og andre steder
https://forum.arkivverket.no/topic/124446-38950-reutz-reutzer-reus-ruus/

https://groups.google.com/g/no.slekt.etterlysning/c/bu_EuUOGsXw?pli=1

 

og det er mange fler hvis du søker på reutz-reutzer-reus-ruus på Google

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Nedre_Ekset_(Volda_gnr_13/1)

På garden Egtvet som Bernitz bygsla frå 1774 heitte siste kona til forrige eigar Elisabeth Canutte Reutz død 1780. Kanskje kan ho vera i familie med Margrete Reutz og det forklarer at me finn Margrete i Volda?

1 time siden, Gry.Onarheim.Dahlmo skrev:

En mulig kandidat: Johan Christian Bernitz nevnt her:

 

Forsvarets Arkiver, Arkivskabte Hjælpemidler
Hirsch' kartotek over danske og norske officerer

 

https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=17202077#198651,37646121

 

Fra Akershus til Bergenhus 24/9-1772 og avskjed der 22/8-1788.

Fortsetter på neste bilde nr 100. På foregående bilder nr 97 og 98 er en annen Bernitz nevnt, Adolf Wilhelm, kan dette være hans far?

Viss han var tilsett i Bergenhusiske regiment fram til 1788, kan han då likevel vere busett på Egset i Volda og driva garden der? Og frå 1787 var han i det Tjugumske kompani i Sogn. Var det underavdelingar som offiserane var tilsette på og difor kunne bu ute i distriktet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Han må ha vorte tilsett i det Tjugumske kompani mellom 1774 og 1787 då han var kommen til Fresvik. 

 

Fresvik er i Sogn og da under Bergenhus. Kan han vært i besittelse av gårder både i Sogn og Volda?
Jeg er ikke kjent med denne familien men kom kun med en mulig ledetråd når det gjaldt slektsbakgrunn til kapteinen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Han var berre bygslar (leigetakar) på garden i Volda og det same då kan kom til Fresvik. Fekk leiga eit område der han sette opp hus i 1787. Sidan han då var i det Tjugumske kompani var det naturleg å bu i Fresvik. 

På Egset og i Volda verkar det som det også budde ein del militære, og kanskje er det difor Bernitz har enda der. Men han må framleis ha vore tilsett i Bergenhus etter det du Gry fann ut. 

Kona Margrete var forlova med Hans Chr Schrøder som døydde i 1769 og ho gifte seg i 1774 med Bernitz. Verkar som dei militære i Volda var tilsette i Søre Sunnmøre kompani, men Bernitz treng ikkje vera tilsett der sjølv om han bygsla garden Egset.

17 timer siden, Ivar Moe skrev:

image.png.01cb2ce0a7efdc50f3adfa1d7f7e0558.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Ivar Moe skrev:

 

Nes BB, Nordre Folmo - side 189 : https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2011021505005?page=187

 

To Officersfamilier Harboe.
H. W. Harbou

PHT 1893 - side 340: https://tidsskrift.dk/personalhistorisk_tidsskrift/article/view/78365/113489

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Jan Weberg skrev:

Han var kaptein ved det Tiugumske kompani fra 1/4 1786 til 22/8 1788 (Nordre Bergenhusiske nasjonale inf.regiment))

https://www.digitalarkivet.no/ru10071210040043

 

mvh jan w

Flytte til Fresvik i 1787 og budde her til han døydde i 1803. Veldig kort periode han var i det Tjugumske kompani. Berre 49 år då han slutta. Kan han ha vorte overførd til anna kompani eller andre årsaker til avskjeden?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Gry.Onarheim.Dahlmo skrev:

 

Nes BB, Nordre Folmo - side 189 : https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2011021505005?page=187

 

To Officersfamilier Harboe.
H. W. Harbou

PHT 1893 - side 340: https://tidsskrift.dk/personalhistorisk_tidsskrift/article/view/78365/113489

Då er det rimeleg sikkert at det er vår Bernitz som kjem frå Nordre Folmo.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

29 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Flytte til Fresvik i 1787 og budde her til han døydde i 1803. Veldig kort periode han var i det Tjugumske kompani. Berre 49 år då han slutta. Kan han ha vorte overførd til anna kompani eller andre årsaker til avskjeden?

Fra 1/5 1789 ble de 2 Bergenhusiske regimentene slått sammen til ett regiment som dekket hele Vestlandet. Bernitz er ikke nevnt ved noen av kompaniene. Det du trenger for å få flere opplysninger om hans militære karriere er et oppslag i Olai Ovenstads militærbiografier. Disse var tidligere tilgjengelig på nettet, men er blitt sperret. Men det er jo ikke utenkelig at noen på forumet har private eksemplarer, eller på annen måte har tilgang til disse og er villig til å gjøre et oppslag.

 

mvh jan w

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veit at kaptein Tomas Meidel også var ved det Tjugumske kompani og kjøpte gard i Fresvik i 1792. Er det mogeleg å finna ut når han vart tilsett ved dette kompaniet eller når han flytte til Fresvik. Kan ha avløyst Bernitz eller kanskje dei var tilsette på same tid?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.