Gå til innhold
Arkivverket

SF, Davik - Ole Olsson Vik


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Eg arbeider med ein Ole Olsson f. ca 1748 i Kjøllesdal (også skriven Møchlebust), Davik, SF  av foreldre  Ole Hansson  d. 1794 og  Ane Knutsdtr. d 1764. 

Eg har ikkje funne dåpen hans i Davik, men  Ole Ols: Møchlebust er konfirmert i Davik i desember 1764. 


Så kjem eg til det som er problemet:
Bygdebok for Kjølsdalen krins s.290 og Bygdebok for Bremnager bd. IV s. 383  skriv at Ole  vart gift med enkja Anne Arnedtr. Vik  (f. Førde)  og busett i Ålfoten. 
I ministerialboka for Davik finn eg at Soldaten Ole Olsen Moldrem   vart trulova med enkja Ane Arned: Wiig den 13. februar 1780  og vigde den 29. juni same år.

Trulovinga: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640116
Vigsla:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640166

Og då Ole Olsen Wiig døydde 1821 står det at han var fødd på Moldrem:   https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640334

 

Her finn eg ein Ole Olsen Mollerem konfirmert i 1767 16 år gamal i Innvik Prgj. som KAN være den aktuelle kandidaten for ekteskapet med Ane Arnedtr. Wiig
https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640601  

og det er truleg han eg finn døypt i Innvik Prgj. 23. februar 1751   https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640286

 

Eg trur vi kan fastslå at Ole Olsen gm. Ane Arnedtr.  var kandidaten frå Moldrem i Innvik Prgj. 
Ingen av dei 4 borna til Ole Olsen og Ane Arnedtr. fekk fadderar frå Kjølsdalen eller den slekta, noko som ville være naturleg dersom Ole var derifrå som høyrde til same prestegjeldet. (heller ingen frå slekta til Ole Olsen frå Moldreim, men det er meir naturleg sidan det er noko avstand frå Ålfoten til Moldreim i Innvik prgj.)

 

Det store spørsmålet er då:
Kvar vart det av Ole Olsen Kjøllesdal /Myklebust  etter konfirmasjonen 1764?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut til at han (Ole Olsen Kiellerdal) giftet seg med Synneve Larsdatter Endal 23.6.1776

SAB, Davik sokneprestembete, SAB/A-79701Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 301
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640164
 

 

Enken Synneve Larsdatter Møchlebust gifter seg på nytt 1.7.1781

SAB, Davik sokneprestembete, SAB/A-79701Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 304
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640167
 

 

Endret av Matthias Kolberg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Matthias Kolberg skrev:

Det ser ut til at han (Ole Olsen Kiellerdal) giftet seg med Synneve Larsdatter Endal 23.6.1776

SAB, Davik sokneprestembete, SAB/A-79701Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 301
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640164
 

 

Enken Synneve Larsdatter Møchlebust gifter seg på nytt 1.7.1781

SAB, Davik sokneprestembete, SAB/A-79701Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 304
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418640167
 

 

 Det er vel son til Ole Lukasson Kjøllesdal  f. 1748  
Ole Olsen, son til Ole Lukasson og Brite Olsdtr. har eg funne døypt 1748, men ingen Ole som var son til Ole Hansson og Anne Knutsdtr. hverken åra før 1748 eller åra etter, og det er nok han eg har funne konfirmert i Davik 1764.
No trur eg at Bygdebok for Kjølsdalen Krins har teke feil av desse familiane  og har plassert den same Ole Olsen f. 1748 både blandt borna til Ole Hansson  og Ole Lukasson  og "gift" han med to forskjellige sidan eg ikkje finn Ole O. son til Ole Hansson døypt i Davik.  Som sagt foreløbig bare ein teori men.....

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det skulle ha vore artig og visst kva kjelder bygdebøkene for Kjølsdalen Krins og  Bremanger bygdebok støttar seg på når dei  "gifter"  Ole Olson Kjøllesdal med enkja Ane Arnedtr, Vik.

Både ved vigsla 1780  og ved død 1820  står det at Ole Olsen Vik  (Wiig) var frå Moldrem.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Inge!
Eg såg etter skifte både etter Anne Knutsdtr  og Ole Hansson, men fann ikkje noko.

Då er vel saka klar at det ikkje har vore nokon anna Ole i barneflokken enn den sonen som var fødd og døydde i 1746 - iallefall ikkje som levde til 1764.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er vel kanskje han her du leter etter? Født i 1746, men 2 års avvik er ikke uvanalig avhengig av kilde:

1     barn     Ole   Døpt   9 jan. 1746
2     far     Ole Hans:     Kiølsdal
3     fadder     Rasmus Kiølsdal
4     fadder     Ole Kiølsdal
5     fadder     Peder Kiølsdal
6     fadder     Chirsti Kiølsdal
7     fadder     Ane Kiølsdal

Sogn og Fjordane fylke, Davik, Rugsund, Ålfoten i Davik, Ministerialbok nr. A 2 (1742-1816), Kronologisk liste 1746, Side 16
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070418630414

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 hours ago, Tor Kvien said:

Det er vel kanskje han her du leter etter? Født i 1746, men 2 års avvik er ikke uvanalig avhengig av kilde:

1     barn     Ole   Døpt   9 jan. 1746

 

 

Denne Ole dør etter 12 dager, så det er nok ikke han som er konfirmert i 1764.

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002385511

 

(Takk for arbeidet med transkripsjon som var til god hjelp her!)

Endret av Matthias Kolberg
  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne har eg registrert bæde dåp og død på, men bygdeboka for Kjølsdalen krins ville ha det til at Ola Hansson og Anne Knutsd. fekk enda ein son f. 1758  med namnet Ole  som dei "gifte med" Ane Arnedtr. Vik noko som er påviseleg feil.
Denne Ole Olsson f. ca 1748  er truleg forveksla med naboen Ole Lukasson Kjøllesdal f. 1748 sin son som var f. 1748
Eg reikna dermed saka som løyst. 

 

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.