Jump to content
Arkivverket

Ole Andersson Drægni (1812-1901) - lærar i Luster - gullgravar i California - farmar i Wisconsin - detaljar om livet og huslyden hans?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette er ein person som eg har litt motstridande opplysningar om, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg «straighten out» biografien hans?

 

Ole Andersson Drægni, opphavleg husmannsson frå Eidsneset under Eide i Luster, vart døypt i Luster 29.11.1812.  Han flytte som lærar til Fortunsdalen og gifte seg første gongen i Luster 12.12.1837 med enkja Susanna Jansdotter på Drægni (1801-1864).  Ole tok over som gardbrukar på Drægni, men i 1848 utvandra Ole åleine til Amerika.  Det vert foralt at han kring 1850 skal ha vore gullgravar i Carson Valley, CA, men ein gong på 1850-talet kom han attende til Luster og dreiv på ny garden til han i 1857 på ny utvandra til Amerika.  Han hadde då med seg dei to eldste døtrene:

 

* Anna Marie Olsdotter Drægni, fødd i Luster 5.1.1839, utvandra som sagt i 1857 og gifte seg i Buffalo Co., WI 26.9.1861 med Nils Hermundson Kinserdal alias Nels H. Kins, fødd i Hafslo 7.7.1840, utvandra i 1855.  Dette parfolket budde som farmarar i Nelson township, Buffalo Co., WI der Anna Marie døydde 24.4.1890.  Dei fekk åtte born i lag, men berre ei dotter voks opp!

 

* Ingrid Olsdotter Drægni, fødd i Luster 28.8.1840, utvandra som sagt òg i 1857 og gifte seg i Buffalo Co., WI 14.11.1874 med Peder Iverson Sterri alias Peter Sterry, fødd i Hafslo 22.6.1849, utvandra i 1873.  Dette parfolket budde som farmarar i Albion towbnship, Trempealeau Co., WI, men som Ingrid døydde som enkje i Benson Co., ND 3.7.1931.  Dei fekk fem born i lag.

 

Men Ole og Susanna hadde òg ei yngre dotter:

 

* Susanna Olsdotter Drægni, fødd i Luster 14.9.1842, utvandra til Amerika i 1866 etter at mori då var avlidi, og gifte seg i Trempealeau Co., WI 3.3.1872 med Hans Tollefson, fødd i Kviteseid, Telemark 27.3.1837.  Dette parfolket farma først i Burnside township, Trempealeau Co., WI, men flytte kring 1882 til ein farm i Nelson township, Buffalo Co., WI der Susanna døydde 16.6.1896.  Dei fekk sju born i lag.

 

Etter at Susanna døydde i Noreg, gifte Ole Andersson Drægni seg att i Buffalo Co., WI 23.3.1870 med Bertha Nilsdotter Sterri, alias Bertha Sterry, fødd i Hafslo 15.8.1832, utvandra i 1866.  Eg finn dei ikkje i FT1870, men frå 1870-åri og utover farma Ole og Bertha under namnet DREGNEY i Canton township, Buffalo Co., WI der Ole døydde 14.7.1901.  Bertha døydde same staden 30.1.1920.  Dei fekk to born i lag, og dessutan hadde Bertha tre born frå før.

 

Eg sit med følgjande utfordringar:

 

** Kan fleire detaljar finnast om Ole Andersson Drægni og bustadane hans 1850, 1860 og 1870??  Kva namn nytta han? (1880 og 1900 skreiv han seg Dregney! - KAN i åri kring 1860 ha butt nær Dodgeville, Iowa Co., WI!?)

 

** Kvar budde døtrene Anna Marie og Ingrid i 1860?

 

** Kvar budde døtrene Ingrid og Susanna i 1870?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.