Jump to content
Arkivverket

Underlege ættenamn - kuriosum


Lars E. Øyane

Recommended Posts

For nokre år sidan gjekk det eit tema om merkelege og underlege namn, men det var vel helst førenamn...?

 

I Sør-Tyskland finst det mange slike namn, mellom anna finn me ættenamn som Bräutigam (= Brudgom) og Feuerstein (=Flint - Flintstone), og i Böhmen (inntil 1945) finn me namnet Haasenkopf (=Kaninhode).  Me kan vel tolka Haasenkopf, men korleis kan dei andre namni ha oppstått...?

 

I Luster hadde me forresten på 1800-talet ei ætt som gjekk under namnet «Flinten».  Jacob Jenson «Flinten» var husmann under Kroken, og plassen fekk etter Jacob namnet «Flinte-plassen».  Det meste av denne ætti utvandra til Amerika, men dotteri «Flinte-Kari» gjekk det gjetord om i Luster endå på 1970-talet, nesten 100 år etter at ho utvandra til Amerika!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

  • Lars E. Øyane changed the title to Underlege ættenamn - kuriosum

Me har jo komponisten Waldteufel; han med skeisevalsen.😄

Elles hugsar me han som hadde engelskkurs på radio på 70-talet, Dennis Gotobed. Og den svenske generalen Natt och Dag.😄

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Litt på siden, men drosjesjåfør Baksæter og fordums ‹fiskeridirektør› Notevarp er jo også artig . . . Og tannlegene Mund og Røskeland. Bl. a. 🙂

 

Mvh

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #4:

 

Det er kjekt med nye innspel, og eg takkar hjarteleg!

 

Eg gløymde å nemna ovanfor den tidligare ministerpresidenten i Baden Württemberg, representant for det kristlig demokratiske partiet: Erwin Teufel: https://de.wikipedia.org/wiki/Erwin_Teufel

 

Mellom forfedrene til kona mi finn me jøden Salomo Moses Salom de Assevedo frå Amsterdam (1686-1751) som i 1710 konverterte til Luther og tok namnet Sebastian Michael Andreas Sixtus.

 

I Böhmen finn eg mellom forfedrene til kona mi òg namnet Muckenschnabl...

  • Haha 2
Link to comment
Share on other sites

Planteskulestyrar Martin Barkved (1924-2014) i Etne.

Rekor Pugerud ved Haugesends Handelgymnas.

 

  • Haha 1
Link to comment
Share on other sites

Uten enhver etterettelighet – jeg har for uhorvelig mange år siden latt meg fortelle at det visstnok skal ha eksistert en skreddermester Overøie. Han hadde nok god kustus på sine svenner . . . 😉

Og kunne ganske sikkert tre sine nåler uten hjelpemidler.

 

Mvh

Link to comment
Share on other sites

Då eg i si tid gjekk gatnarskulen på Staup i Levanger heitte kontoristen Jorulf Salater.  
Ellers var der m.a. instruktørar med namna Almestad og Grankvist.

  • Haha 1
Link to comment
Share on other sites

Spørs om Even, Marie og Harald er inne på eit anna spor enn det Lars legg opp til... 

Det finst ein del føljetongar og samlingar av slike namn (direktør Winther ved polarinsituttet https://no.wikipedia.org/wiki/Jan-Gunnar_Winther

og (tidlegare) forskningsleiar Brandt ved Brannlaboratoriet på Tiller er gjengangarar).

 

Det er namn som ikkje er så sære før dei vert kopla til eit yrke. (Skreddar Overøie kom nok frå Overøye, som ligg fremst i Stordalen på Sunnmøre.

Øye eller Trettøye ligg nede ved sjøen).

 

Lars sitt spor er vel meir i denne retninga:

Ein flamsk kjenning fortalde at då Napoleon påla nederlendarane å ta etternamn tidleg på 1800-talet, så var det ein del

som protesterte ved å ta namn som Hoppenfeld - hopp i åkeren - o.l. 

(Det må seiast at eg ikkje finn namnet på nederlandske namnelister, og at å høyre på ein belgiar om nederlandske tilhøve er som

å høyre på ein nordmann om svenske tilhøve - eller omvendt.)

I Tyskland finst namnet Springenwald.  Eg er usikker på om det er beraren eller skogen som hoppar.  (Eller kanskje det er så keisamt som ei vasskjelde i skogen?)

 

  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Hoppenfeld - hopp i åkeren

 

Vet ikke helt om jeg kjøper den oversettelsen men forstår jo hva du mener da 🙂

 

Ellers var vel mange uheldige med etternavnet sitt i den forstand at det senere ble "misbrukt" .

 

Feks Buseman(n) osv

 

Mvh

Ivar

Link to comment
Share on other sites

Ja, Even, Marie og Harald er nok inne på aptonym-sporet! (Navn som passer til yrket.)

Aftenpostens faste spalte "Under streken" har av og til eksempler på aptonymer.

Nylig fikk vi presentert lederen for arbeidet med utbedringer og fjerning av flaskehalser

på Europavei 134: Yngve Breivegen.

😃

Edited by Kjell Lauritzen
Link to comment
Share on other sites

3 hours ago, Ivar S. Ertesvåg said:

Hoppenfeld - hopp i åkeren

Humle heter Hop på nederlandsk, så er ikke Hoppenfeld et naturlig navn på en gård som dyrker humle til ølbrygging?

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

2 timer siden, Ivar Moe skrev:

Vet ikke helt om jeg kjøper den oversettelsen men forstår jo hva du mener da 🙂

 

Sidan eg  - i motsetnad til den flamske informanten - ikkje kan nederlandsk, er det mogeleg at eg hugsar namnet feil.

Men - soga om namn, og omsetjinga av eit namn til "hopp i åkeren" vart oppgjeve sånn eg sa.

 

Link to comment
Share on other sites

9 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

 

Sidan eg  - i motsetnad til den flamske informanten - ikkje kan nederlandsk, er det mogeleg at eg hugsar namnet feil.

Men - soga om namn, og omsetjinga av eit namn til "hopp i åkeren" vart oppgjeve sånn eg sa.

 


Ikkje heilt det same, men eg kopla til den engelske versjonen Springfield.😄

Link to comment
Share on other sites

En av mine favoritter er Peder Mogensen Gratis eller Kræmmer som giftet seg på Kongsberg 17/7 1773:

SAKO, Kongsberg kirkebøker, SAKO/A-22/F/Fa/L0005Ministerialbok nr. I 5, 1769-1782, s. 339
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070316620534 
 

Og da gjerne som kontrast til denne karen, Niels Nielsen Contant, skrevet Kontant i andre kilder og i etterslekten:

Niels Nielsen Contant - Skifteregister for Kongsberg byfogd, Overbergamtet og Sønnafjelske bergamt 1705-1801 - Digitalarkivet 

 

Jeg vet ikke helt om jeg hadde likt å dele etternavn med Iver Olsen Schrap:

Iver Olsen Schrap - Skifteregister for Kongsberg byfogd, Overbergamtet og Sønnafjelske bergamt 1705-1801 - Digitalarkivet 

 

Ovenfor ser jeg noen eksempler på brannmestre med "passende" navn. Da er brannmester Svihus i Stavanger for noen tiår siden en klassiker. Svihus er gårdsnavn noen mil utenfor byen.

 

Ellers så jeg en gang i en eller annen kirkebok en malermester som het Guel Røed

 

En variant av temaet er vanlige norske navn som ikke passer så godt i andre språkområder. Jeg hadde en gang en engelsklærer som heter Aase til etternavn. Han fortalte mange historier om viderverdigheter navnet ga ham i engelsktalende land. Og med det i bakhodet skjønner jeg hvorfor en slektning som emigrerte til Amerika på 1870-tallet endret stavemåte på etternavnet fra Aas til Aus. Han var gruveingeniør og hadde problemer med å bli tatt seriøst der borte med den norske stavemåten, ifølge en av hans etterkommere.

 

Edited by Dag Thorsdalen
Korrektur
Link to comment
Share on other sites

Ved nyttår i fjor var det 513 i Noreg som hadde Aass som etternamn.   -- Prøv å uttale det på engelsk...

 

Men det er vel også ei avsporing frå Lars sitt tema (som var etternamn med merkeleg tyding på det språket dei høyrer til).

 

Det er ein gard i Brusdalen i Ålesund som heiter Rumpa (før skrive Rompen) - men det ser ikkje ut til at nokon brukar det som etternamn.

Men ... det er ein gard Fet i Sykkylven.  Det er det ein del som har som etternamn (språk- og litteraturforskar Jostein Fet, han med "Lesande Bønder" og "Skrivande Bønder", er referert mange gongar i dette forumet).

Og så er det ein gard Runde i Herøy.  Som dobbeltnamn vert det "Runde Fet" - men det er kanskje ikkje nokon som heiter det på ekte.

Men viserektor ved NTNU i Ålesund heiter Magerholm Fet (Magerholm er ein gard/ferjestad i Ålesund, tidlegare Borgund).

 

 

Link to comment
Share on other sites

Jeg har i en spesiell sak ønsket meg det som denne tråden handler om: uvanlige navn.

 

Jeg har i min fars slekt "krysset" kirkebøker og Digitalarkivet for å avdekke  mine fjerne aner i Meldal i Sør-Trøndelag. I perioden 1700-1900 er mannsnavnet Ole usedvanlig sterkt utbredt i denne landsdelen. Jeg fant bl.a. en familie i bygdeboka med to sønner hvor både far, og sønnene het "Ole". Bygdebokredaktøren har en fotnote på de to sønnene hvor han bemerker at han er usikkr på hvem av de to sønnene som overtok gården! Makan!

Link to comment
Share on other sites

Onkelen min i Arna fortalde om ein innflyttar som kjøpte seg gard i bygda.

Han vart då - som rimeleg kan vera - kalla for Nymannen.

Då sonen overtok garden, vart senior kalla Gamle Nymannen

Link to comment
Share on other sites

I 2008 hadde VG en artikkel om folk som hadde etternavn som passet til yrket de hadde.

https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/118XQ/har-du-hoert-om-tannlege-roeskeland-polardirektoer-ising-og-sanger-lerche

 

Ett utdrag

Rita Kylling - veterinær Stord.
Just Gjessing - professor Oslo.
Einar Røskeland - tannlege Oslo.
Aksel Rygg - lege Tromsø.
Carl Emil Krefting - lege Molde.
Atle Loven - politimann Arendal.
Pål Gravdahl - begravelsesagent Drammen.
Tore Ising - avd.dir. polaravdeling i Miljødepartementet.
Jan Gunnar Winther - direktør Norsk Polarinstitutt.
Halvor Bonden - grisebonde Hobøl.
Carl Fredrik Friisk - lege Kolbotn.
Kristian Strøm - selger energi for Sør-Aurdal Energi.
Iris Øyen - lege Folldal.
Vidar K. Akse - eiendomsmegler Oslo.
Øyvin Anholt - tidligere lensmann Stokke.
Arild Dommersnes - statsadvokat.
Karen Marie Muus - gynekolog Trondheim, nå psykiater.
Jorun Kvile - lege Oppegård.
Anne og Gro Sukken - eier begravelsesbyrå i Hønefoss.
Anita Orlund - ordfører Skedsmo.
Kjetil Telle - jobber i Statistisk Sentralbyrå.
Hans Arne Borlaug - tannlege Skedsmo.
Gabriel Høyland - eks. fotballspiller og bonde på Bryne.
Ola Egge - eggeprodusent Ås.
Hans Kopp - porselensmaler Oslo.
Erik Hjelm - brannmann Stavanger.
Per Ole Støyten - eier trafikkskole Hønefoss.
Lars Svihus - eks. brannsjef Stavanger.
Sondre Lerche - sanger.
Gunnar Vatten - tidligere leder Norges vassdragsvesen.
Salve Linnebø - lege Lillesand.
Dyre Karterud - jordbærprodusent på Stange.
Signe Sandberg - sokneprest Bergen

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #20:

 

Eg takkar so mykje for mange nye spennande innegg!  Det «kryr» jo av underlege namn kring oss, når me ser oss ikring...

 

Eg har forresten vore borti folk som etter utvandring har teke namnet på heimbygdi i Noreg til ættenamn i Amerika, t.d. var det mellom soldatane i «Holsteinskrigen» ein ungdom frå Sogndal, som vart buande i Sønderjylland etter krigen og som kalla seg «Sogndal».  Me finn emigrantar frå Luster til Amerika som tok namnet «Lyster».  Kanskje ei vidareføring av studentmatriklane frå 1600-talet der studentane tok latinske namn etter fødestaden deira?

 

Eg ættar sjølv frå dette parfolket som budde i Bergen på 1740-talet:

 

Knut Hansson Nordberg «Norenberg» (1702-1748) og Gjertrud Andersdotter Syndby (1720-1768).  Me veit at Knut var fødd på Tippen i Nordfjord, og den einaste «logiske» forklaringi eg kan finna på namnet Nordberg/Norenberg, er at han kom «nordifrå til Bergen».  Opphavet til Gjertrud er so langt ukjent, men kanskje ho kom frå ei bygd «sørifrå til byen»??  Er det nokon som har meiningar om dette?  Opphavet til Gjertrud hadde vore KJEMPEBRA å finna!!

Link to comment
Share on other sites

Jeg har jo noen aner med spesielle etternavn i min slekt jeg også, og blant annet har jeg noen aner i Bergen som er nevnt på liste under Hanseatene: 

Friderich Thoravest som fikk borgerbrev i Bergen i 1712. Navnet skrives senere som Trofast i hans etterslekt i et par generasjoner. Han kom fra Diepoltz

i Luneborg. Han var gift med Margaretha Didrichsdatter Widding(født ca 1680), og hun var i sitt andre ekteskap gift med Beret Spechman som også var

fra Luneburg. Han fikk borgerskap i Bergen i 1720  En annen forfar er Bertil Kopmann som var murermester og kjøpmann, og han kom fra Stralsund.

Han fikk borgerskap i Bergen i 1644 .-Det mest spesielle her blir kanskje de som kom fra slekten Thoravest(Trofast), og det hadde vel en annen

betydning der de kom fra enn ordet trofast betyr i dag. 

 

Har ellers på en annen gren en mulig formor Doreth Arntsdatter Saus født ca 1684 i Velfjord i Nordland. Hun var sikkert husmor, og kunne kanskje å

lage saus. Hennes far var Arnt Ingebrigtsen Saus

Edited by Anne Lise Hovdal
Link to comment
Share on other sites

Min firmenning Sandy (født Falk) i USA er gift med Charles Beach - og har tatt sin manns etternavn.

  • Haha 2
Link to comment
Share on other sites

Også familien Land (som kan oppstå mange steder i kongeriket) har sine muligheter med, så vidt jeg har hørt, Guri og Finn......, men her er vi kanskje kommet langt ut på viddene....

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #25:

 

Hjarteleg takk for nye gode kommentarar.  Den siste frå Jarl minte meg på noko eg høyrde på TV i fjor haust ein gong.  Ei vigsle i England mellom Miss White og Mr. Christmas, båe mykje brukte ættenamn.  So me får ønskja Mrs. White Christmas lukke til vidare i livet!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.