Jump to content
Arkivverket

Lensherre Axel Henrikson Gyntersberg på Torget i Brønnøy og kona Kirstina Trondsdotter Benkestok - dotteri Cecilia gift Teiste?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Desse opplysningane plukka eg for mange år sidan ut av ymse online kjelder:

 

Lensherre Axel Henrikson Gyntersberg, av pommersk adelsætt, skal vera fødd kring 1520, uvisst kvar, og døydde kring 1588 på Torget i Brønnøy.  Han gifte seg kring 1555, truleg i Meløy, med Kirstina Trondsdotter Benkestok, dotter av væpnar og lensherre Trond Tollefson Benkestok på Gjeresvik i Meløy (1497-1558), opphavleg frå Joranger nedre i Hafslo i Sogn!

 

So vidt eg veit, fekk Axel og Kirstina i alt ti born, mellom anna ei dotter:

 

* Cecilia Axelsdotter Gyntersberg, som vart første kona til gardbrukar (og godseigar?) Johan Andersson Teiste i Kroken i Sogn (1560-1607).  Men Cecilia skal vera avlidi i ung alder, og Johan gifte seg kring 1606 att med adelskvinna Øllegaard Pedersdotter av ukjent opphav.

 

Eg kjenner ikkje til born etter Cecilia og Johan, men er det nokon som er i stand til skaffa meg litt fleire opplysningar om denne Cecilia, som til dømes omtrentlege fødsels- og dødsår?

 

Finst det dokumentasjon for at Cecilia Gyntersberg verkeleg var gift med Johan Teiste?

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Hei, 

Jeg fant for en del år siden på gamle Digitalarkivet, avskrift av Protokoller fra Bergen Rådhus. Jeg er ikke i stand til å finne denne kilden nå, men jeg tok kopi av den saken jeg syntes var interessant, fra Fol. 133a til Fol. 137b. I denne saken saksøker Sofie Gyntersberg "Joen Andersen til indre Kroken, hennes svoger Jacob Jørgensen, slottsskriver på Bergenhus, på hans hustru velb. Inger Gyntersbergs vegne og hennes søster velb. jomfru Anna Gyntersberg." Faren til disse søstrene Axel Gyntersberg hadde pantsatt mye av deres odelsgods, noe Sofie og hennes ektefelle Mogens Heineson etterhvert hadde innløst. Av godset i Sunnhordland hadde Joen Andersen innkassert landskylden og nå krevde Sofie bl.a. sin rettmessige del av denne. Dom ble avsagt 4. desember 1593. Sitat fra protokollen: "Erlig welforstandig mandz Joenn Anndersen thill Inder Kraagen paa sin høstru Erlig og velb. H. Sizillia Gøntersbergs wegne............alle trennde er samborne søstre paa denn andenn partt osv."

 

Da vet du at Sisillia var gift med Jon Andersson i 1593 og at hun hadde tre samborne søstre, Sofie, Inger og Anna. 

 

Mvh

Bjarne 

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Bjarne for eit nytt spennande innlegg!

 

Jau, der har me provet for at Cecilia verkeleg var gift med John (eg kom i innleiingi i skade for å kalla han Johan!) Andersson Teiste, men ei sak får meg til å stussa:  Du skriv «Joen Andersen til indre Kroken».  Det var då vitterleg i ytre Kroken at John og Cecilia budde!!  Eller kanskje flytte dei til ytre Kroken først seinare?

 

Uansett, leveåri til denne Cecilia vert vel vanskelege å finna...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.