Gå til innhold
Arkivverket

Lars Nilsson døydde på Osen i Bygstad sokn, Gaular kring 1649 - bror av lensmann Christen Nilsson på Fuhr i Luster (1603-1685)?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I lensrekneskapane for 1646 [NRA, Rentekammeret, Bergenhus lensrekneskapar, pk. 108, legg 1, Rossteneste mikjelsmesse og jul 1646, Sunnfjord] finn me følgjande:

 

Dale schibred

[...]

Laurids Nielsenn Ousen, vdj

Sletteland vdj Dale sogen,

                smør                     ij løb,

wdj Sande i Sandesogen,

                smør                     1/2 løb.

wdj Tunevold samme steds

                smør                     j Pund.

[...]

 

Denne Lars Nilsson synest vera avliden kring 1649, for deretter står enkja hans oppført som eigar, og noko seinare kjem Christen Nilsson som har 2 laup 2 pund smør på vegner av «hans salige broders børn».

 

Det står ikkje at Christen Nilsson budde på Fuhr i Luster, men Christen Fuhr vert sidan nemnd som formyndar for brordotteri Karen Larsdotter i Bergen.  I 1693 (etter Christen var avliden) vert desse tre karane nemnde som «nære paarørende» til Karen:

 

* Peder Nilsson Hjermann (1640-1709) - var son av dansken Nils Nilsson Hjermann og Bertha Andersdotter Fuhr (dotter av Anders Larsson)
 
* Mads Sørenson Dalsøren (1618-1697) - var son av Søren Larsson Talle og den ukjende kona Anna Madsdotter
 
* Peder Monson Eide (1632-1694) - var son av Mons Antoniusson på Eide og kona Karen Johansdotter (Teiste), men første kona hans Peder, Susanna Henriksdotter Eilers, var dotter av NN Andersdotter Fuhr (dotter av Anders Larsson).
 
Den einaste «fellesnemnaren» eg kan sjå i denne huslyden, er sambandet til dei to brørne, Søren og Anders Larssøner - som i «populærlitteraturen» har fått ættenamnet «Heiberg».  Kan Lars Nilsson eller kona hans vera av same ætti??
 
Eg vonar at nokon med lokal kunnskap i Gaular kan sjå på dette og kanskje komma med tips om kven Lars og Christen Nilssøner kan ha vore??
 
Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg limer inn lenker til det som står om Osen i bygdebøkene for vidare graving. Diverre finn eg ingen ting om dei personane som du spør etter.

 

Gaularsoga: https://www.nb.no/items/95926e73110c0fd577f3f4e740475672?page=374

 

Bygdebok for Gaular, bd. 6A: https://www.nb.no/items/70b4754867c673d999469287f0bd70b6?page=138

 

Det blir i bygdeboka spekulert i om Tunvald var eit eige bruk eller ein plass under Sande, bnr. 3.

 

https://www.nb.no/items/2fed148ab682b803c694516275988c4d?page=404

 

Både Osen og bnr. 3 på Sande var lensmannsgardar. Men heller ikkje her er Lars Nilsson nemnd.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ho heitte Kirsten Larsdotter, ikkje Karen, og saka er oppe på tinget i Luster i mai 1693. Der kjem det også fram at ho hadde to brør, den eine (Nils Larsson) for lengst død, og den andre har eg ikkje sett omtalt med namn i denne saka. Her opptrer også dei "nære pårørande". Saka går over tre sider (bl. 8r-9r), men ein forløpar finn vi på bl. 2r-v i same tingboka. Eg lenkar her til bl. 8r:

https://www.digitalarkivet.no/rg20080612750278

 

Dessutan kjem det tydeleg fram i saka at det er det same jordegodset som Lars Nilsson på Osen er nemnt med i siste del av 1640-åra: Sletteland, Sande og Tunvoll. Eg trur nok at opphavet til Lars Nilsson (og broren Kristen Nilsson) truleg skal søkast i Bergen, men kjeldematerialet er tynt. Rimelegvis har Lars Nilsson vore involvert i handelsverksemda på Osen, og inngår truleg i dei som er nemnte som "Claus Bangs folck" der i koppskatten 1645.

 

Saka om arven til Kirsten Larsdotter dukkar også opp i panteboka for Bergen. Den 28. juni 1696 skriv ho saman med den nye formyndaren sin, Hans Pedersen Gamst, eit brev om den:

 

https://www.digitalarkivet.no/tl20070422070967

Endret av Jo Rune Ugulen Kristiansen
Ny kjelde
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Torbjørn og Jo Rune for spennande innlegg!

 

Diverre ser det ikkje ut til at bygdebøkene for Gaular har noko særleg å by på -  Eg ser at Lars Nilsson Osen er nemnd, men bokskrivaren har tydeleg ikkje gjort særleg mykje for å følgja eigarrekkjene før 1646.  For på eitt eller anna vis må jo Lars ja fått heimel til desse parsellane...?  Finst det ikkje skattelister som syner eigarar i åri før 1646?

 

Diverre har eg visse vanskar med å forstå alt som står i dei to dokumenti, først i tingboki frå 1693 og sidan i panteboki frå 1696.  MEN, eg har observert at Peder Eide vert nemnd i tingboki i lag med Erik Hauge.  Erik var steson av Anna Andersdotter (frå Fuhr), medan Peder Eide hadde vore gift med Susanna Eilers, som me trur var dotter av den same Anna Andersdotter.

 

Hans Pederson Gamst (1646-1708), som me veit budde på Frønningen, tok over som formyndar for Kirsten Larsdotter, men ætti hans ser ut til å vera ganske ukjend.  Berre borgarboki frå Bergen 1692 avslører at han var komen frå Kolding: https://www.digitalarkivet.no/view/37/pc00000000020305

Men i Bergen var han busettt alt i 1675: https://www.digitalarkivet.no/view/112/pt00000000012248

 

Kona hans heitte Inga, men ho veit me heller ikkje noko om.  Dokumentet frå 1696 referer fleire gonger til at Kirsten hadde arva «ein søsterlodd» etter foreldri sine, og eiga må ha vore ganske so stor; det vert nemnt ei gjeld på heile 993 Specidaler(?).  Kva Johannes Reimers og Christen Reinholdtsen har med dette å gjera, forstår eg ikkje...

 

So har eg teke ein titt på borgarbøkene for Bergen, og her finn me fleire Lars Nilsson, m.a. desse:

 

* Lauritz Nielsen, fødd Søndfjord, borgarskap 1620: https://www.digitalarkivet.no/view/37/pc00000000016753

 

* Lauridtz Nielssen, fødd Sønderborg. borgarskap 1627: https://www.digitalarkivet.no/view/37/pc00000000017307

 

* Lauritz Nielssen, fødd ved Aalborg, borgarskap 1639: https://www.digitalarkivet.no/view/37/pc00000000018043

 

Eg har òg sjekka Christen Nilsson i borgarbøkene for Bergen, og finn i grunnen berre to som kan høva:

 

* Christen Nielssen, fødd Helgeland, borgarskap 1637: https://www.digitalarkivet.no/view/37/pc00000000017940

 

* Christen Niellssen, fødd Kolding, borgarskap 1643: https://www.digitalarkivet.no/view/37/pc00000000018207

 

Men det er vel ikkje sikkert at «vår» Christen Nilsson var byborgar, for sonen Jens Christenson, fødd i Luster, tok borgarskap alt i 1659: https://www.digitalarkivet.no/view/37/pc00000000019007

 

Skal eg gissa, vil eg tru at Lars Nilsson frå «ved Aalborg» og Christen Nilsson frå «Kolding» KAN vera dei to brørne me leiter etter, men at Lars må ha vore gift med ei av dei ukjende døtrene til Anders Larsson på Fuhr!!!?

 

Eg høyrer gjerne fleire kommentarar, og kanskje er det nokon som kan hjelpa meg tolka dei to dokumenti som Jo Rune har referert til i innlegg #4?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Ein liten detalj som eg gløymde over:

 

Claus Bang som er nemnd i samband med koppskatten i 1645, må vel vera denne karen frå Meilfart (Middelfart på Fyn) som i 1617 tok borgarskap i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/37/pc00000000016432

 

Ser ut som mange danskar er innblanda i denne huslyden...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Der ein finn mest opplysningar om eventuelle slektskap er i tingsaka på Fuhr 15. mai 1693. Eg har transkribert den kjapt og gæli nedanfor her, så ta høgde for eventuelle skrivefeil. | tyder linjeskift, || er sideskift, og det er altså sidene 8r til 9r i tingboka for 1693 det er tale om:

 

Fur vdj Lyster.|

Anno 1693 dend 15 Maij blef holden thing paa Fur vdj Lyster | anlangende Kirsten Larsdatters arfsfordring hoes hendes | formønder Jens Christensen, huilchen sag den 1 Martij | nestleden blef optagen til Kirsten Larsdatters widere præten-|tion hiembtaes(?), nerwerende Kongl. Ma. fouget Sr. Johan | Hansen lensmanden Lauridz Schildum, og effterschrefne | laugrettesmænd, nemblig Hofuer Holmestad, Aamund Høy-|umb, Christen Næs, Niels ibd., Claus Forthun, Tollef Berge | Olle Forthun, |

Kirsten Larsdatters formøndere nafnlig Peder Eide og Erich Ho[uge] | stefndt Anne Jachobsdatter sl. Jens Christensens enche | effter forrige tiltahle, anlangende hendes og hendes brødres | arfs fordring, og derom indlagde bemelte formønde[re] | Kirsten Larsdatters schrifftlige missiue til formønderne | med hendes paastand der vdj og der vdj wedgaar hun at | hafue bekommet paa renten 31 Rdr som hun erbyder at | quitere paa renten. Jndlagde og en specification paa | huis omkostning hun prætenderer, bedragende sig til 10 ½ Rdr. | Jndlagde og en gl. laugmandz domb som Jens Rasmussen | hafuer forhuerfuet dat. d. 13 Janu. 1658 |

Anne Jachobsdatter med hendes laugwerge weledle | Hr. Capit. von Krog, sampt myndige søn Jachob Jensen møtte | vdj retten, og indlagde et forseiglet ofuerlefueringswerch forretted af forrige svorenschrifuer Anders Sørensen, og | trende borgere Kirsten Larsdatters frender d. 19. Aug | 1671 da Jens Christensen effter befahlning formønderschab | fra sin fader Christen Nilsen antog, huor af fornemme(?) og af Kirsten tilkommer 57 ½ sletdlr. 6 s. som(?) Jens Christensen suared | til. Indlagde \og/ en laugmandz domb andgaaende Kirsten | Larsdatters brødres v-louglige forpantning paa hendes godz vdj | Sundfiord, dat. d. 11 Decembr. 1668, og protesterede enchen || m[e]d hendes laugwerge, at hun iche bør suare till widere | end huis samme forseiglede werch vdwiiser. Indlagde og | til bewiis at hendes sl. mand har hafft stoer møye med for-|mønderschabet sampt reiser og omkostning en supplication | til canceler Marschalch med hans resolutioner der paa till | execution paa laugmandens domb i Sundfiord, som | formeenes hannem bør gotgiøris, og endelig indlagde Anne | Jachobsdatter en fuldmagt af Kirsten Larsdatter vdgifuen | til Jachob Christensen Ref at indfordre denne prætende-|rende arf dat. 25 Aug. 1692 etc sampt og en quitering af | bemelte Jachob vdgifuen for ald hans omkostning for sin reise | her hiem af Anne Jachobsdatter fornøyet, datum Fur d. | 8. Octobr. 1692 med formeening at de fordrende 9 Rdrs | omkostning iche bør ahnsees(?), effterdj hun hendes fuldmegtig | derfor har fornøyet, og begierende domb paa Kirsten Larsdat-|ters weigne for huis hende tilkommer hoes Anne Jachobs-|datter,

Afsagt, |

Efftersom af det i rettelagde forseiglede ofuerlefueringswerch | som vdj Kirsten Larsdatters eegen ner werelse den 19. | Aug. 1671 af forrige suorenschrifuer vdj Jndre Sogn sl. | Anders Sørensen, og trende borgere som war bemelte | Kirsten Larsdatters nær paarørende, nafnlig Peder | Nielsen Hiermund dend gl. Madz Sørensen, og Peder Eide, | er forretted, fornemmes, at sl. Jens Christensen effter | høyædle og welbaarne Ht. Canceler Johan Fredrich Marschalchs | vdstedede resolution er anbefahlet at ahntage formønder-|schabet for Kirsten Latsdatter vdj hans fader Christen Nilsens | sted, som formedelst alderdom og suaghed ej lenger war goed | for bemelte formønderschab at forwalte, og bemelte Jens | Christensen samme tid effter det forseiglede werchis vdwiis, | er tilreignit at schulle annamme hoes sin fader Christen Nilsen | paa Kirsten Larsdatters weigne som af hendes tilfaldne jorde-|godz effter welwiise Hr. Laugmand Hans Hansens dombs | tilhold af dato d. 11 Decembr. 1668 war vdj behold 1/5 part af toe | løber smør vdj Sletteland, og 1/5 part af toe pund smør vdj | Sande og Thunwold, penge 57 ½ sletdlr 6 s. huilchet bemelte | Jens Christensen siden samme forseiglede werches dato som | een formønder har forwalted, og ej bewiises at hand enten | med formønderschabets ofuerlefuering meer er tileignit | eller har bekommet, end ofuenb. capital, ej heller at Kirsten Lars-|datter noget effter hendes tuende brødre er tilfalden, af huilche dend eene nafnlig Nils Larsen, lenge tilforn førend hand formønd-|derschabet ahntog war bortdøed, og sig gandsche ingen middell | effterlod at arfue, som af registreringen vdj bemelte Hr. | Laugmandz domb indført kand fornemmes, dend | anden broder war og vdj Christen Nilsens formønderschabs || tid self myndig, og sit godz før hans døed self forwaltede, [..] | og en deel af sit godz tillige med den anden broeder bort | pandted, huilchet alt klarlig af welbemelte welb. Hr. Laugmandz | dombs acter, og final slutning er at fornemme.      Thj kand | bemelte Jens Christensens enche og arfuinger ej tilkien-|dis widere capital at fra sig lefuere, end det hendes sl. | Jens \Christensen/ effter werchedz vdwiis af forrige formønder Christen | Nilsen er ofuerlefuerit nemblig 57 ½ Rdr 6 s. huoraf | reignis fraholt(?) rente fra dend tid hand formønderschabet | ahntog nemblig d. 19. Aug 1671 og til dato, som er 21 aar | og 9 maaneder, bedragende sig til 5o Rdr 15 s. huorimod | Jens Christensen gotgiøris af renten huis Kirsten Lars | datter tid effter anden har bekommet, som effter hendes egen | wedgaaelse bedrager sig til 31 Rdr. Blifuer igien vdj behold | af renten 19 Rdr 15 s. men effterdj \sl./ Jens Christensen | ej har ført til reigning nogen omkostning for sine reiser | til Sundfiord og anden haffte v-mage, og Kirsten Larsdatter | ej heller af renten decorteris werge penge effter lougen, saa blifr enchen derimod frj for rentes rente af capitalen at suare. Huad sig de 9 Rdrs omkostning ahngaar som | Kirsten Larsdatter prætenderer for hendes fuldmegtig Ja-|chob Christensens reise her hiem, da effterdj med bemelte | hendes fuldmegtiges vdgifne quitering bewiises, at | enchen Anne Jachobsdatter hannem derfor nøyagtig har betalt, | saa kand Kirsten Larsdatter derfor ej noget tilkiendes, | men derfor at hafue sin regres til hendes fuldmegtig | som betalningen derfor har oppebaarit, for dend øfrige | omkostning tilkiendes Kirsten Larsdatter at nyde | 1 ½ Rdr. Er saa tilsammen capital, rente og omkostning | som Anne Jachobsdatter og hendes børn bør tilsuare | 59 Rdr 5 s. huilchet til formønderne bør betahlis | inden fembten dager vnder rettens widere befor-|dring effter lougen. |

Effter dommen war afsagt, frembkom enchen Anne | Jachobsdatter vdj retten, og erbøed at wilde lefuere til | formønderne denne tildømbte capital imoed louglig afkald, paa det hun effter dags kand worde frj for widere | rente at suare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit par kommentarar. Nils Larsson, den eine broren til Kirsten, var altså død lenge før Jens Kristensson overtok formynderskapet i 1671. Den andre (som ikkje er nemnt med namn her) vart myndig medan Kristen Nilsson var formyndar, og hadde saman med Nils Larsson panta vekk jordegodset sitt.

 

Peder Hjermann, Mads Sørensen og Peder Eide  er nemnte ein stad (utan namn, men som tre borgarar) som Kirsten Larsdotters frendar, og ein annan stad (med namn) som hennar "nære pårørande". Det er neppe tvil om at det er forholdsvis nær slektskap mellom dei, men korleis gjenstår jo å finna ut av. Eg også held nok ein liten knapp på at slektskapen truleg har vore gjennom mor til Kirsten.

 

Det er elles nemnt fleire dokument i saka. Til dømes to lagmannsdommar frå hhv 1658 og 1668. Om desse kan vera bevarte er ikkje godt å seia - det er det nok tilfeldigheitar som avgjer, ettersom det meste av lagmannen i Bergens arkiv gjekk opp i røyk saman med mykje av Bergen i 1702. Men det kan jo ha overlevd avskrifter av domsaktene. Kansleren sin resolusjon frå 1671 der formyndarskapet vert overført frå Kristen Nilsson til Jens Kristensson, kan også moglegvis eksistera enno. Så her er det berre å leita 😉

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #9:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Jo Rune for kjempespennande innlegg om denne skyldskapen!  Eg har trengt lite vetta tid til å «svelgja» dei mange detaljane.  Det er godt å ha ein so språkkunnig person mellom oss!

 

Det er ikkje so mykje meir å kommentera her, bortsett ifrå at Peder Eide og Erik Hauge i lag tok over som formyndarar for Kirsten Larsdotter etter at Jens Christenson var avliden.  Peder Eide hadde truleg vore gift med ei dotter av Anna Andersdotter frå Fuhr, medan Erik Hauge var stesonen til den same Anna, so skyldskapen var klar!  Mykje talar for at mor hennar Kirsten Larsdotter godt kan ha vore ei anna søster frå Fuhr i Luster, kan henda Bentha Andersdotter??

 

Hadde me berre greidd å finna dei to sakna dokumenti frå 1658 og 1668, hadde dei truleg hjelpt oss eit stykke på veg..., men so var det å leita...

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.