Gå til innhold
Arkivverket

Gulbrand Olson (1702-1774) og Rannei Monsdotter (1716- ) - husmannsfolk i Stein (Dalen) under Kroken i Hafslo - kvar vart det av borni deira - kan henda utsette til ytre Sogn - son Mons til Os i Hordaland?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden har eg slite med i mange år og vel meir eller mindre gjeve opp å finna lagnaden til.

 

MEN, sjølv om dei hamna på legd og kjem fram i fattigprotokollane for Hafslo, må dei jo ha hamna ein eller annan stad.  Etter at Gulbrand døydde i 1774 forsvinn både enkja og borni frå Hafslo, men kvar i all verdi vart det av dei??  Kanskje ytre Sogn?  Sonen Mons kanskje til Os i Hordaland?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Gulbrand Olson Steen, opphavleg frå Haustaker, Kaupanger i Sogndal, var son av gardbrukar Ole Andersson på Haustaker og kona Kirsti Gulbrandsdotter frå Hovland, vart døypt på Kaupanger i Sogndal 28.2.1702.  Han gifte seg i Sogndal kring 1744 med Rannei Monsdotter frå Nes i Sogndal.  Ho var dotter av husmann Mons

 

 

     ¤¤¤¤¤ (farsnamn og opphav?)

 

 

     på Tangen under Nes og kona Cecilia Clausdotter frå Bjørgen under Årøy og f. i Sogndal kring 1716.

Gulbrand og Rannei budde først eit par år på Tangen under Nes i Sogndal, men flytte kring 1748 til Offerdalen ytre i Årdal der Gulbrand truleg var sagarbeidar fram til kring 1757.

     Kring 1757 flytte so Gulbrand og Rannei til Luster, og her var dei plassfolk i Stein under Kroken i alle fall so lenge Gulbrand levde.  Han er rett nok skriven Dalen då han vart gravlagd 15.3.1774, men i protokollane frå fattigvesenet er han aldri kalla noko anna enn Steen!

 

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden til Rannei?)

 

 

     Plassen vart nok nedlagd etter dei var borte.  Gulbrand og Rannei fekk visstnok fem born i lag:

 

 1. Kirsti Gulbrandsdotter, f. i Sogndal kring 1745,

 

 

     ¤¤¤¤¤ (n. ekstraskatten 1762 – lagnaden hennar?)

 

 

 2. Cecilia Gulbrandsdotter, døypt i Sogndal 3.9.1747,

 

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – d. ung?)

 

 

 3. Maria Gulbrandsdotter, døypt i Årdal 4.5.1749,

 

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

 

 4. Ole Gulbrandson, døypt i Årdal 2.1.1752,

 

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

 

 5. Mons Gulbrandson, f. i Årdal 12.12.1755,

 

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? - kan dette vera Mons som brudgom på Os i Hordaland: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000728733)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Lars E. Øyane changed the title to Gulbrand Olson (1702-1774) og Rannei Monsdotter (1716- ) - husmannsfolk i Stein (Dalen) under Kroken i Hafslo - kvar vart det av borni deira - kan henda utsette til ytre Sogn - son Mons til Os i Hordaland?
20 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

5. Mons Gulbrandson, f. i Årdal 12.12.1755,

 

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? - kan dette vera Mons som brudgom på Os i Hordaland: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000728733)

Ifølge Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik 3. var denne Mons Gudbrandson sønn av Gudbrand Johannessen Haaland (1715 - 96)

bilde.png.141bb414af309711856956ce7f63ee83.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Lars J. og Terje for nye interessante innlegg!

 

Eg må først av alt få seia meg lei for at dette emnet har vore oppe før.  Eg søkte etter det på onsdag, men fann ikkje spor etter det...  Kan henda let eg det liggja den gongen p.g.a. at eg ikkje følte meg helt trygg på at opplysningane gjaldt «min» etterlyste huslyd...  Men etter nye studiar føler eg meg no ganske so sikker på at dette er Cecilia og Maria Gulbrandsdøtrer frå Kroken!

 

Eg ser Mari skreiv seg til Stigestrand i Hyllestad ved vigsli, og på Stigestrand budde det då ein husmannsson frå Luster, Torkild Endreson, som hadde vore sersjant og slått seg godt opp med jordiske middel.  Det er nok han som har henta ut dei to søstrene frå Kroken, men spørsmålet er jo no sjølvsagt om fleire av søskeni og mor deira òg kan ha hamna i Hyllestad...  Ikkje godt å seia, men kanskje nokon ser ei løysing på denne floka?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden der eg har teke med detaljar om dei to søstrene i Hyllestad.  Eg står berre «i beit» på opphavet til eine svigersonen hennar Maria, Jens Olson, kven kan han ha vore??

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Gulbrand Olson Steen, opphavleg frå Haustaker, Kaupanger i Sogndal, var son av gardbrukar Ole Andersson på Haustaker og kona Kirsti Gulbrandsdotter frå Hovland, vart døypt på Kaupanger i Sogndal 28.2.1702.  Han gifte seg i Sogndal kring 1744 med Rannei Monsdotter frå Nes i Sogndal.  Ho var dotter av husmann Mons

 

     ¤¤¤¤¤ (farsnamn og opphav?)

 

     på Tangen under Nes og kona Cecilia Clausdotter frå Bjørgen under Årøy og f. i Sogndal kring 1716.

Gulbrand og Rannei budde først eit par år på Tangen under Nes i Sogndal, men flytte kring 1748 til Offerdalen ytre i Årdal der Gulbrand truleg var sagarbeidar fram til kring 1757.

     Kring 1757 flytte so Gulbrand og Rannei til Luster, og her var dei plassfolk i Stein under Kroken i alle fall so lenge Gulbrand levde.  Han er rett nok skriven Dalen då han vart gravlagd 15.3.1774, men i protokollane frå fattigvesenet er han aldri kalla noko anna enn Stein!

Rannei Monsdotter ser ut til å vera faren frå Hafslo etter ho vart enkje, kan henda til ytre Sogn, men lagnaden hennar er ukjend.

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden til Rannei?)

 

     Plassen vart truleg nedlagd etter dei var borte.  Me kjenner til fem born etter Gulbrand og Rannei:

 1. Kirsti Gulbrandsdotter, f. i Sogndal kring 1745,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1762 – lagnaden hennar?)

 

 2. Cecilia Gulbrandsdotter, døypt i Sogndal 3.9.1747,

Cecilia Gulbrandsdotter flytte i ung alder til Hyllestad og var tenestejente på Bø indre og sidan på Bø ytre i Hyllestad i mange år, men vart gravlagd frå Asheim i Hyllestad 5.11.1809.  Ho var ugift.

 3. Maria Gulbrandsdotter, døypt i Årdal 4.5.1749,

Maria Gulbrandsdotter flytte òg i ung alder til Hyllestad og budde på Stigestrand då ho 5.11.1775 1775 gifte seg i Hyllestad med enkjemannen Anfind Hansson frå Espeland i Hyllestad.  Han var son av gardbrukar Hans Iverson på Espeland og kona Martha Anfindsdotter og vart døypt i Hyllestad 16.4.1743.  Anfind og Maria vart gardbrukarar på Foss nedre i Hyllestad der Maria vart gravlagd 15.8.1813.  Anfind d. som kårmann same staden 14.9.1836.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Martha Anfindsdotter, døypt i Hyllestad 1.12.1775, d. som legdelem på Kjørneset 2.11.1849.  Ho gifte seg i Hyllestad 7.7.1805 med Johannes Mikkelson frå Kjørneset under Bø ytre, døypt i Hyllestad 3.1.1780.  Han d. som legdelem på Kjørneset 16.6.1859.  Johannes og Martha tok over som husmannsfolk etter foreldri hans på Kjørneset under Bø ytre i Hyllestad og fekk tre born i lag.

b. Hans Anfindson, døypt i Hyllestad 26.10.1777, vart gravlagd frå Foss 23.1.1778.

c. Hans Anfindson, døypt i Hyllestad 24.4.1779, d. som kårmann på Espeland 26.6.1855.  Han gifte seg i Hyllestad 13.7.1800 med søskenbarnet Britha Iversdotter frå Espeland, døypt i Hyllestad 10.4.1766.  Ho d. som kårkone på Espeland 29.10.1849.  Dei var gardbrukarar på Espeland i Hyllestad, men var barnlause.

d. Gulbrand Anfindson, døypt i Hyllestad 9.6.1782, vart gravlagd frå Foss 24.11.1782.

e. Gulbrand Anfindson, døypt i Hyllestad 9.11.1783, vart gravlagd frå Foss 19.11.1783.

f. Pernilla Anfindsdotter, døypt i Hyllestad 18.4.1786, d. som husmannskone på Vassbakken under Bø 2.4.1859.  Pernilla gifte seg i Hyllestad 30.5.1819 med Jens Olson frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hans? – kalla Tvedt 1819 – bygdeboki Hyllestad seier «truleg f. på Nesje»!)

 

     1785.  Han d. som kårmann på Bø indre 19.4.1861.  Jens og Pernilla vart husmannsfolk på Vassbakken under Bø indre i Hyllestad og fekk tre born i lag.

g. Rasmus Anfindson, døypt i Hyllestad 22.8.1790, d. som gardbrukar på Foss 13.9.1838.  Rasmus gifte seg første gongen i Hyllestad 30.12.1813 med Anna Iversdotter frå Hjelmeland indre, døypt i Hyllestad 17.4.1786.  Ho d. i barseng på Foss 22.6.1823, og Rasmus gifte seg att i Hyllestad 18.4.1824 med Johanna Johannesdotter frå Ås, døypt i Hyllestad 22.10.1790.  Ho d. som kårkone på Foss nedre 1.4.1845.  Rasmus tok over som gardbrukar etter foreldri sine på Foss nedre i Hyllestad og fekk i alt to born, tre frøfølrste ekteskjaewt og sju frå det andre.

h. Guri Anfindsdotter, døypt i Hyllestad 2.11.1794, vart gravlagd frå Foss 23.8.1818, ugift.

 4. Ole Gulbrandson, døypt i Årdal 2.1.1752,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

 5. Mons Gulbrandson, f. i Årdal 12.12.1755,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
On 3/13/2022 at 12:30 AM, Lars E. Øyane said:

2. Cecilia Gulbrandsdotter, døypt i Sogndal 3.9.1747,

 

Cecilia Gulbrandsdotter flytte i ung alder til Hyllestad og var tenestejente på Bø indre og sidan på Bø ytre i Hyllestad i mange år, men vart gravlagd frå Asheim i Hyllestad 5.11.1809.  Ho var ugift.

 

Det skal vel heller vere Asheim (Assem) i Brekke / Gulen: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000771385

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Gisle for ny kommentar.  Eg er over hovudet ikkje kjend i dette området, so du har sikkert rett.  Eg har korrigert manuskriptet mitt tilsvarande...

 

Eg syner elles til manuskriptet i innlegg #4 og vonar framleis på supplerande opplysningar om resten av denne huslyden...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.