Jump to content
Arkivverket

Manntalet 1664/1666 - Hafslo i Sogn - tolking av namni på husmennene under Kroken (ytre)


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Eg syner til denne sida i Manntalet for 1664/1666 for garden Kroken («Krogenn») i Hafslo: https://media.digitalarkivet.no/view/35573/73

 

Som husmenn under Kroken les eg:

 

* Thrund Thorgieldsen «vnder Companiet»

* Joen Lauridsen L....

* Poffel Surens.......

* Olluf Loeberg

 

Kva er dei fulle namni til Joen og Poffel??

 

Ein av dei gamle husmannsplassane under Kroken heitte LOEN - kan det vera bustaden til Joen Lauridsen??

 

Ei anna kjelde oppgjev Poffel sitt namn til Paul Sjurson, men her står det då vitterleg Sørenson??  Kva med plassnamn?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Hei, Lars.

 

Så lenge vi ikke har boken foran oss og kan ‹tvinge› ut den hersens bretten, er det umulig å si med sikkeret. Men første bokstav er nok L og avstanden tatt i betraktning er det ikke umulig at det kan stå Loen. Men . . .

 

Når det gjelder plassnavnet til Pofful er det helt i det blå, men mener at patronymet er Surens.

 

Ettertanke – kan det stå Surensætter?

 

Mvh

Link to comment
Share on other sites

Den bretten er eit problem...

elles er skrifta nokså regelfast - berre ein finn regelane.

 

Poffel/Pofful (det ser ut som ein e med u-markør over...)

kan heite "Surensenn" - og så er det smurt ut litt blekk på skrå oppover frå "-senn".

Men det kan også vere "Surensette[r]" (den siste r-en er i tilfelle inni bretten)

 

Vi har eit nesten samtidig manntal til; soknepresten sitt: 

RA, Sogneprestenes manntall 1664-1666, nr. 23: Sogn prosti, 1664-1666, s. 54-55
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10051005190040

"Kraagen" er først i "Odnæs Annex" til høgre

 

"Joen Laridtzen" har ikkje noko meir etternamn her.

og så les eg "Poell Suresen Setter".  Det står det ikkje i futen sitt manntal, så det spørs om det hjelper så mykje.

 

 

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Even og Ivar for spennande kommentarar!

 

Det kan ikkje vera mykje tvil om at Poffel heitte Paul Surnasete, der me kjenner att Surnasete som ein eldgamal husmannsplass under Kroken som vart nedlagd for over 300 år sidan!  Og eg trur òg at Joen budde på Loen - einaste alternativ er husmannsplassen Lindeflaten, men so langt kan vel ikkje dette namnet vera...

 

Kva plass soldaten budde på, er derimot ikkje so godt å seia...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

28 minutter siden, Terje Tandsether skrev:

Vi har sett på denne tidligere:

 

Til Lars sitt forsvar må det vel kunne påpeikast at emnet du viser til gjeld sokneprest-manntalet.

Her i dette emnet spør han om fute-manntalet  (og så drog eg inn sokneprest-manntalet).

 

 

Link to comment
Share on other sites

  • Arkivverket - Renathe-Johanne Wågenes locked this topic
Guest
This topic is now closed to further replies.
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.