Lars E. Øyane Posted May 4, 2022 Share Posted May 4, 2022 Eg er ikkje nokon ekspert på skrift frå 1600-talet, og her kjem ei utfordring som kanskje nokon kan hjelpa meg med: Det tek til på åttande siste linje på høgre side: https://media.digitalarkivet.no/view/28558/10 «Johan Theiste hafde ladet indstefne Brite Josephsdatter Semb(?) huis Huuse ehr bruchte som huis(?) Berendt Nagell paa Lobergs hafer setter opschrift bekoste ....(?)» Vidare kjem det fram at Britha hadde butt på Loberg i 13 år fram til for tre år sidan og at Berendt Nagell ikkje hadde gjort noko med dei tre husi som stod på plassen. På neste side i tingboki er Siri Siffuersdatter innstemnd med liknande uttale om husi på plassen Skophammar. Ogso husi på Surnasete er nemnde, men utan namn på brukar... Spørsmål: * Kva står på sjuande og sjette siste linjene på sida som eg har referert til over? * Har eg elles oppfatta teksten so nokolunde korrekt? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/296650-tyding-og-tolking-av-avsnitt-fr%C3%A5-tingbok-indre-sogn-1663-britha-josephsdotter-mm/ Share on other sites More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Posted May 4, 2022 Share Posted May 4, 2022 (edited) Og me som trudde alle bygdebokskrivarar hadde "svart belte" i 1600-talsskrift .... Eg er heller ikkje ekspert, men trur eg les dette frå 8. siste linja "Johan Theeste hafde ladet indstefne Brite Jopsdatter Omb huis hinder ehr beuist omb huis Berendt Nagell paa Lobergh hafr eftter opschriftt bekoste, da fremb stod for_e Britte och vand ved æed(?), at hun i 13 aar hafr boed paa Lobergh och nu veret der fra i 3 aar och i medler thied hafde berendt Nagell indted bekoste paa for_e Lobergh i samme 16 aar, och der hun did kom var der 3 gl huse huilche staar der endnu." Om lag same vitnemål frå Siri på neste side (17b). Ho hadde budd ti år på Skophammar. Men Surnasete finn eg ikkje (på s. 17b) ... kanskje eg har oversett noko? Edited May 4, 2022 by Ivar S. Ertesvåg Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/296650-tyding-og-tolking-av-avsnitt-fr%C3%A5-tingbok-indre-sogn-1663-britha-josephsdotter-mm/#findComment-2404498 Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 5, 2022 Author Share Posted May 5, 2022 Innlegg #3: Hjarteleg takk til Ivar for eit spennande innlegg! For det første er eg samd med deg i at det tydeleg står JOPSDATTER etter Brite, men eg stussar svært på dette namnet og ogso på det etterfølgjande ordet, som eg framleis trur må vera gardsnamnet SEMB, so eg har lagt inn eit nytt tema som går spesifikt på dette: https://forum.arkivverket.no/topic/296671-bruken-av-førenamnet-job-eller-jop-i-noreg-på-1600-talet/ Dernest om Surnasete (Surensetter), so er dette første ordet på linje 8 på side 17b. Det står noko om 30 Riksdaler som skal ha vore påkosta hus, men eg er usikker på om dette gjeld Loberg OG Surnaseter eller berre den siste staden... Ein ny kjempetakk for framifrå bistand! Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/296650-tyding-og-tolking-av-avsnitt-fr%C3%A5-tingbok-indre-sogn-1663-britha-josephsdotter-mm/#findComment-2404573 Share on other sites More sharing options...
Even Stormoen Posted May 5, 2022 Share Posted May 5, 2022 (edited) 2 timer siden, Lars E. Øyane skrev: Dernest om Surnasete (Surensetter), so er dette første ordet på linje 8 på side 17b. Det står noko om 30 Riksdaler som skal ha vore påkosta hus, men eg er usikker på om dette gjeld Loberg OG Surnaseter eller berre den siste staden... Nei, hva som menes her er sannelig ikke godt å si: Noch hafde Johan Theeste Ladet Indstefne Sire Sifuers datter sin Sandhed at vinde(?) omb huis Berendt Nagell hafde bekost paa shophammer imidler tid hun der paa thj aars Thid hafe boed, Huor till hun Suarede och Vedstoed Berendt Nagell imidler Thid iche det Ringeste hafe bekosted och berendt hafe opshrefuet som dedsto / : er indfort Jensens(?) besichtelse : / %som berendt% thillige med Loberg och Suren setter hafe bekosted paa 30 Rdlr. Prøvde å finne noe om min formodete «besichtelse» ellers i dokumentet som kanskje kunne kaste lys over saken, men uten hell. Det virker jo med vår moderne språkforståelse som om Loberg og Surnaseter er å betrakte som én enhet i setningen. Men langt fra sikker. Beklager. Mvh Edited May 5, 2022 by Even Stormoen Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/296650-tyding-og-tolking-av-avsnitt-fr%C3%A5-tingbok-indre-sogn-1663-britha-josephsdotter-mm/#findComment-2404633 Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts