Gå til innhold
Arkivverket

Kven er far til Brita Olsdatter Bø? Lenke til geni profilen finner ingenting, eller ekstremt lite opplysninger nokon som kan hjelpe?


Mats Kalstad
 Del

Recommended Posts

Mulig du har dette fra før, men hvis dette er riktig ektepar, ble alle fall Hans Johannesen og Brita Olsdatter gift 19.10.1718 i Lavik - se venstre side, 

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Husøy, Brekke, Lavik, Bø i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 7 (1716-1722), Kronologisk liste 1718, Side 32

https://media.digitalarkivet.no/view/11438/32

 

 

 

  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg veit frå før at det er mange feil i Ættebok for Lavik. I følgje bygdeboka vart Hans Johannesson Bosdal g. 1718 med Kristi Olsdtr. Aven.

https://www.nb.no/items/8d133e3cb711f2ec5c05edb513806d88?page=67&searchText="hans johannesson bosdal"

 

Det står også at Hans Johannesson Aven vart g. med Brita Olsdtr. Bø, jf. slektstreet på Geni:

https://www.nb.no/items/8d133e3cb711f2ec5c05edb513806d88?page=211&searchText="Brita Bø"~1

 

Og i følgje kyrkjeboka vart altså Hans Johannesson Bosdal g. 19/10 1718 med Brita Olsdtr. Aven.

 

Skal tru om bygdeboka har blanda saman to familiar her? Eller er det to ulike Hans Johannesson som er g. med kvar si Brita Olsdtr?

 

Bø er vel i tilfelle kanskje i Bøfjorden i Hyllestad? Eg fann ikkje noko passande Brita Olsdtr. i bygdeboka for Hyllestad (bind 2), men kan sjølvsagt ha oversett noko.

 

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 7a (1750-1756), Skifteprotokollside, Side 265b-266a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081124620572
 

Ao 1755 d 18de April (...) Afven (...) Skiftet og Dele, hvis de tvende ægtefolk, den Velagte Dannemand Hans Johansen Awen, og Hustrue Karj Ellingsdatter, udi levende live, Skinke(?) og give til deres i liveværende Børn og Arvinger, neml. Paa Mandens Side hands i liveværende Søn Hans Hansen Sortefoss myndig og tilstede, Og paa Konens Side nemte Hans Hansen Sortefoss, samt hendes ældste Søn Ole Johansen Dingen, auflet udi ægteskab med hendes forlengst afdøde Mand Johan nis Andersen Awen, efterdi de agter at afstaae deres hafte Gaardsbrug til Ole Hansen, der har til ægte deres afdøde Søns Enche, som haver lovet at Svare dem aarlig ... Osv.

 

Av dette får eg:

Kari Ellingsdtr. ( - død etter 1755).

g. 1) med Johannes Andersson ( - død lenge før 1755).

Barn: Ole Johannesson, busett på Dingja.

 

g. 2) med Hans Johannesson ( - død etter 1755).

Born:

* NN Hansson ( - død før 1755). Gift med NN. Enkja attgift med Ole Hansson.

* Hans Hansson Svartefoss.

 

Dette samsvarar ikkje på nokon måte med det som står på side 208-209 i bygdeboka.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 7a (1750-1756), Skifteprotokollside, Side 207b-208a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081124620514
 

?? 1754 den 16de Martj (...) Aven (...) lovlig Skifte og deling efter den Sammesteds bortdøde dannemand Johannes Hansen Aven, imellem hands efterlevende Enche Karj Ellingsdr -, og den Sl. mands efterlevende Fader Hans Johansen Aven begge tilstede, og ved Enchen nærværende hendes Fader som laugværge Elling Olsen Sørebøe. Osv.

 

Dette må vere den avdøde sonen i skiftet ovanfor. Både far og son var tydelegvis gift med kvar si Kari Ellingsdtr., og den siste av desse var dotter til Elling Olsson Sørebø (Frå Sørebø i Guddal, Fjaler eller evt. Sørbø i Øn i Hyllestad?). Og ho vart altså attgift med Ole Hansson, som skulle ta over garden.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1774 er det skifte etter Kari Ellingsdtr. (II)

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 9 (1772-1782), Skifteprotokollside, Side 354-355
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081124640572

 

Skiftet nemner enkjemannen, Ole Hansson og 5 fellesborn.

 

Skal eg tippe er det denne Ole Hansson som står som neste brukar i bygdeboka, og som i følgje bygdeboka er (att)gift 1774 med Ingeborg Johannesdtr. Avedal. Ein legg merke til at desse i følgje bygdeboka har ei dotter som heiter Kari, som i så fall er oppattkalla etter fyrste kona, Kari Ellingsdtr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter å ha fjerna Brita Olsdtr. (som var g. med Hans Johannesson Bosdal) frå slektstreet kan ein vel då omformulere spørsmålet til dette: Kven var foreldra til Kari Ellingsdtr (I). som var g. med Johannes Andersson Aven og Hans Johannesson Aven?

https://www.geni.com/people/Kari-Aven/6000000184857649834

 

Og stemmer det som står i bygdeboka om at foreldra til Hans Johannesson var Johannes Agnaldson og Synneve Jørgensdtr?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å komplisere biletet ytterlegare så finst det også eit skifte i 1718 etter ein Johannes Andersson Aven. Enkja heiter der Brita Olsdtr., og dei har sonen, Ole Johannesson. Det er nok denne Brita Olsdtr. som blir attgift med Hans Johannesson Bosdal. Dette var litt pussig, og ein kan då berre spekulere i om det er feil i skiftet etter Hans Johannesson Aven og kona i 1755, at kona likevel eigentleg heitte Brita Olsdtr. og at ho i dette skiftet er blitt blanda saman med svigerdottera, Kari Ellingsdtr? Ja enkelt skal det ikkje vere. Uansett stemmer ikkje framstillinga som står i bygdeboka.

 

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 2b (1707-1719), Skifteprotokollside, Side 534b-535a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081121690634

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg finn følgjande vigsle på Familysearch:

 

Name Johans Hansen
Sex Male
Spouse's Name Kari Ellingsdr
Spouse's Sex Female
Marriage Date 9 Jul 1747
Marriage Place Gulen, Sogn og Fjordane, Norway
Marriage Place (Original) Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway

 

Men eg greier ikkje å finne vigsla i kyrkjeboka:

 

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Brekke, Bø, Husøy, Lavik i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 11 (1736-1749), Kronologisk liste 1747, Side 62
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228330110
 

Er det eg som er blind?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7/7 1714 blir Johannes Andersson Aven g. med Brita Olsdtr. .

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Husøy, Husøy, Lavik, Bø i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 6 (1712-1715), Kronologisk liste 1714, Side 29
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228320509

 

Det er skifte etter Sigri Eriksdtr. Rå 8/6 170?

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 2b (1707-1719), Skifteprotokollside, Side 303b-304a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081121690433
 

Skiftet nemner enkjemannen, Ole Jørgenson og fellesborna Jørgen Ringereide, Sigri, Kari, Ågote og Brita Jørgensdøtre (må vere feilskriving for Olsdøtre). Dottera Brita er då truleg den same som seinare blir gift til Aven.

 

Ole Jørgenson Rå, fødd kr. 1631 i følgje manntalet 1701: https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000629767

 

Jørgen Olsson Ringereide, fødd kr. 1665 i følgje manntalet 1701: https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000629751

 

Dermed skulle spørsmålet som var utgangspunktet for tråden vere besvart. Det store spørsmålet er altså om den Kari Ellingsdtr. som er nemnd som kone til Hans Johannesson Aven eigentleg er feilskriving for Brita Olsdtr. I så fall var denne Hans Johannesson Aven (truleg) frå Bosdal. Brita må i så fall ha vore fødd i tidsrommet rundt 1675 - 1695, sidan ho vart g. 1714 og fekk to born etter ho vart g. for 2. gong i 1718. Ho ville då vere mellom 60 og 80 år gammal ved skiftet i 1755.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg finn følgjande:

 

Navn Johannes
Kjønn Male
Dåpsdato 3 Jun 1719
Dåpssted Gulen, Sogn og Fjordane, Norway
Dåpssted Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway
Fars navn Hans Johansen
Fars kjønn Male
Mors navn Birthe
Mors kjønn Female

 

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Husøy, Brekke, Lavik, Bø i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 7 (1716-1722), Kronologisk liste 1719, Side 37
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228320567

 

(Retting: Dette er på Ytre-Takle i Gulen, og er dermed feil familie).

 

Navn Birthe
Kjønn Female
Dåpsdato 7 Jul 1720
Dåpssted Gulen, Sogn og Fjordane, Norway
Dåpssted Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway
Fars navn Hans Aven
Fars kjønn Male
Mors navn Birthe Olsdr
Mors kjønn Female

 

Øverst på venstre side:

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Husøy, Brekke, Lavik, Bø i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 7 (1716-1722), Kronologisk liste 1720, Side 51
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228320581
 

Navn Johannes
Kjønn Male
Dåpsdato 21 Feb 1722
Dåpssted Gulen, Sogn og Fjordane, Norway
Dåpssted Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway
Fars navn Hans Aven
Fars kjønn Male
Mors navn Birthe Olsdr
Mors kjønn Female

 

Venstre side:

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Husøy, Brekke, Lavik, Bø i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 7 (1716-1722), Kronologisk liste 1722, Side 73
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228320603
 

Navn Hans
Kjønn Male
Dåpsdato 20 Oct 1731
Dåpssted Gulen, Sogn og Fjordane, Norway
Dåpssted Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway
Fars navn Hans Aven
Fars kjønn Male
Mors navn Birthe Olsdr
Mors kjønn Female

 

Høgre side:

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Husøy, Brekke, Lavik, Bø i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 9 (1729-1735), Kronologisk liste 1731, Side 34
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228320752
 

Eg finn samstundes ingen born av Hans Johannesson Aven og Kari Ellingsdtr.

Dette tyder sterkt på at "Kari Ellingsdtr." ER Brita Olsdtr. Rå.

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då har eg endra slektstreet på Geni atter ein gong, slik at det blir i samsvar med den siste konklusjonen. Eg lar i fyrste omgang Johannes Agnaldson Aven og Synneve Jørgensdtr. stå som foreldre til Hans Johannesson Bosdal, sjølv om eg tvilar på at dette er rett.

 

Hans Hansson Svartefoss f. på Aven er forresten min tippx4 gitt at slektsforholda i treet stemmer.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 11.5.2022 den 5.58, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Ole Johannesson, busett på Dingja.

 

Det er skifte etter Ole Johannesson Dingen i 1785. Skiftet nemner enkja, Marte Sjursdtr. og halvbroren, Hans Hansson Svartefoss.

 

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 10a (1783-1786), Skifteprotokollside, Side 109b-110a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081125610112

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 12.5.2022 den 6.50, Torbjørn Igelkjøn skrev:

I så fall var denne Hans Johannesson Aven (truleg) frå Bosdal.

 

112305952_Utennavn.thumb.jpg.bbdbb348ad60e79ad925fba514467ded.jpg

 

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2020100248529?page=67

 

123 Hans Johannesson Bosdal gifta seg til Brekken, og er også omtalt under den garden i bygdeboka. Men bygdebokskrivaren har ikkje fått med seg at det er skifte etter han i 1761.

 

https://www.geni.com/people/Hans-Eiken-Brekken-II/6000000184938390821

 

Skiftet: Høgre side.

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 7b (1756-1763), Skifteprotokollside, Side 563b-564a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081124630229

 

Skiftet er barnlaust, og ein kan dermed slå fast at han ikkje er far til nokon Ola slik bygdeboka hevdar. Skiftet nemner enkja, Åse Torsdtr. og følgjande sysken:

Fullbror: Hans Johannesson Svartefoss i Sunnfjord. (Sonen, Hans Hansson Svartefoss møtte).

Fullbror: Paul Johannesson Alværen.

Halvbror: Åmund Hansson, død, hadde etterlate seg sønene Anders Åmundson Bosdal, Johannes Åmundson Mølmesdal og Ole Åmundson.

Halvbror: Ole Hansson Hjelmeland, død, hadde etterlate seg borna Hans Olsson, myndig. Anders Olsson, 9 år. Ingeborg den eldre Olsdtr., 24 år. Gjertrud Olsdtr., 22 år. Brita Olsdtr., 17 år. Ingeborg den yngre Olsdtr., 16 år. Synneve Olsdtr., 12 år.

 

Familien er oppført slik i manntalet 1701:

           
pc00000000629796 Johans Hansen o 40    
pc00000000629797 Amund Hansen s 22    
pc00000000629798 Povel Johansen s 12    
pc00000000629799 Thoer Johansen s 10    
pc00000000629800 Hans Johansen s 6  

 

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000629796

 

Kona til Johannes Hansson må altså fyrst ha vore g. med ein Hans og fått sønene Åmund Hansson og Ole Hansson. Det er vel truleg sistnemnde som er nemnd som tenar på det andre bruket heilt nederst på sida.

 

Det er bevart ei kyrkjebok for åra 1680-1682. Der finn ein barnedåpen til Åmund, døypt 26/3 1681, nesten heilt nederst på venstre side:

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Husøy, Brekke, Lavik, Bø i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 1 (1680-1735), Kronologisk liste 1681, Side 7
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228310644
 

I følgje kyrkjeboka er faren Hans Olsson. Dermed kan ein slå fast at det er oppgitt feil foreldre til Åmund Hansson på venstre side i bygdeboka. Ole Hansson Hjelmeland og dei sju borna hans er nemnd under Hjelmeland annan stad i bygdeboka, men er der gitt eit heilt anna opphav. Det er så mykje tull i denne bygdeboka at det burde ha vore gjort ein systematisk gjennomgang av skifta for ytre Sogn, og kyrkjebøkene osv., slik at bygdeboka kunne skrivast på nytt. For denne familien blir det då slik:

 

Hans Olsson

g. med Brita Knutsdtr. ( -1742) (i følgje bygdeboka). Born:

  • Åmund Hansson (1681-1733), neste brukar.
  • Ole Hansson (1687-), til Hjelmeland.

Brita Knutsdtr. attgift med Johannes Hansson (1661-1747). Johannes var brukar her allereie 1701. (Bygdeboka skriv 1718). Born:

  • Paul Johannesson (1689-1780), til Alværa.
  • Tor Johannesson (1691-1748), Bosdal, ugift.
  • Hans Johannesson I (1695 - 1771), til Aven. Gift 1718 med Brita Olsdtr. Rå. Flytta på sine eldre dagar med sonen, Hans Hansson til Svartefoss, der han døydde.
  • Hans Johannesson II (fødd etter 1701? - 1761), til Brekken. Gift 1726 med Åse Torsdtr.

Om kona til Hans Olsson og seinare Johannes Hansson verkeleg heitte Brita Knutsdtr. er ikkje godt å seie, men ho må vere fødd lenge før 1679 som er det som er oppgitt i bygdeboka. Ein legg likevel merke til at både Ole Hansson Hjelmeland og Hans Johannesson Aven hadde døtre som heitte Brita. Også Paul Johannesson Alværa skal visstnok ha hatt ei dotter som heitte Brita. Det er dermed rimeleg å tru at desse er oppattkalla etter ei farmor som heitte Brita.

 

Eg avsluttar med anetreet til Hans Hansson Svartefoss f. på Aven, som no ser slik ut:

 

780323892_Utennavn.thumb.jpg.a5f2d3bc9f16b32f8ba97dc7b6240c08.jpg

 

Eg har markert Brita Knutsdtr. som usikker, sidan ein ikkje har andre kjelder enn den svært upålitelege bygdeboka.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.