Gå til innhold
Arkivverket

Mons Antoniusson (1590-1648) - sorenskrivar i indre Sogn og busett på Eide i Luster - oversyn over denne huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Band I av Gards- og Ættesogeserien for Luster frå 1984 har mellom anna ein omtale av huslyden til sorenskrivar Mons Antoniusson (1590-1648):

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Mons Antoniusson Eide, frå Oslo, var f. i Oslo kring 1590 og d. på Eide kring 1648. Han var son av borgermeisteren i Oslo, Antonius Knudsen og kona Ingrid Monsdotter (Gyldenaar) frå Jämtland. Mons vart gift kring 1621 med Karen Johansdotter frå Iden som var f., truleg på Iden i Herdla, kring 1600 og som d. på Eide kring 1663. Ho var dotter av rådmannen i Bergen, Johan Andersson og Maren Jørgensdotter, busette på Iden i Herdla. Mori til Johan, Karen Johans‑ dotter f. Teiste, var kommi frå Kroken i Hafslo og høyrde til Kruckow‑ætti på Sørheim. Mons Antoniusson vart sorenskrivar i Indre Sogn og busette seg på Eide kring 1629. Her vart han buande fram til han gjekk bort i 1648, og han dreiv nok delvis og garden, men truleg var det helst Karen som hadde mest med drifti å gjera, og ho heldt fram til sonen Peder tok over kring 1662. Mons og Karen på Eide fekk tre born:

 

1. Antonius Monsson, truleg f. kring 1625, skal ha vorte gift med Johanna Johannesdotter frå Fortun som me trur var f. kring 1635. Me kan ikkje sjå noko meir til dette parfolket i Luster, så truleg fôr dei frå bygdi, men me kan ikkje seia noko om kvar dei reiste. Antonius d. før 1673. Om Johanna veit me at ho enno levde i 1679. Me veit ikkje om born etter dei.

 

2. Peder Monsson (1632‑1694), fekk garden på Eide etter foreldri.

 

3. Bertel Monsson, truleg f. kring 1636, budde hjå broren på Eide i 1665. So må også Bertel vera faren frå bygdi, men me har ikkje opplysningar om kvar han kan vera reist. Faren til desse brørne, Mons Antoniusson, kom som me har sett, austfrå, og kanskje fôr Antonius og Bertel dit? Noko som kan peika i den leii, er at systerdotteri til Johanna Johannesdotter, Britha Torbjørnsdotter, av ei eller anna uforklarleg årsak, reiste og busette seg i Fredrikstad tidleg på 1700‑talet! Kanskje mosteri budde der?

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

I ettertid oppdaga me ei kjelde frå 1903 (Personalhistorisk tidsskrift) der E. A. Thomle hevder at Mons og Karen ogso hadde ein son Johan Monsson Teiste som var sokneprest til Fet.  Denne artikkelen har eg ein gong lese, men her ved Middelhavet har eg ikkje tilgjenge til.  No vonar eg at nokon kan hjelpa meg?  Eller er det nokon som har oversyn over denne ætti?  Det vert ein annan stad hevda at Mons og Johanna òg skal ha hatt ei dotter Ingrid som var gift og budde i Luster.  Og kanskje finst det fleire opplysningar om Antonius og Bertel?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.

Ser litt i bygdeboka Mellom bakkar og berg for Meland bind 1 side 264 om folket på IO (Iden) var det en bruker Johan Hans Strarup og at det var en Hans Strarup som er nevnt som brukar 1625-1628 og er muligens far til Johan. I følge bygdeboka var det halvbroren Anders Johannesson f ca 1615 som var bruker fra 1647-1670. Anders var gift med Kari Jensdotter. Er Johan Strarup og Johan Anderson samme person? Ser når du søker på Johan Strarup på Nasjonalbiblioteket kommer navnet opp flere plasser i bygdebøker  i S&F Luster, Lærdal, Bremanger og Hafslo og på Tysnes Hordaland der han eier deler av eiendommer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.