Gå til innhold
Arkivverket

Kven var Jens Olson Tvedt, fødd kring 1785 - eit mysterium i Hyllestad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg syner til følgjande vigsle i Lavik (Hyllestad) 30.5.1819: https://media.digitalarkivet.no/view/11558/134

 

Jens Olson Tvedt og Pernille Anfindsdotter Foss

 

Pernille, døypt i Hyllestad 18.4.1786, er del av dette emnet drøfta i Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/292855-gulbrand-olson-1702-1774-og-rannei-monsdotter-1716-husmannsfolk-i-stein-dalen-under-kroken-i-hafslo-kvar-vart-det-av-borni-deira-kan-henda-utsette-til-ytre-sogn-son-mons-til-os-i-hordaland/?tab=comments#comment-2386627

 

Jens Olson, fødd kring 1785, var husmann på Vassbakken under Bø indre i Hyllestad der han døydde som kårmann 19.4.1861

 

Bygdeboki for Hyllestad skriv at Jens «truleg var fødd på Nesje».

 

Kan nokon, please, hjelpa meg med å finna opphavet til denne Jens Olson?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Leif for eit spennande innlegg.  Bortsett ifrå at barnets namn var JENS, er dette ein god metode for å freista finna «sakna» personar, men sjølv med namnet Jens Olson finn eg ikkje nokon «kandidat» som direkte utmerker seg...

 

Kanskje kan det vera ein tanke å sjekka ut konfirmantlistene, og der finn eg faktisk ein god «kandidat» i Lavik sokn av Eivindvik prestegjeld 5.12.1801:

 

* Jens Olson Torvind: https://media.digitalarkivet.no/view/11448/3

 

Det er ikkje so avande langt imellom Torvund i Lavik sokn og Foss i Bø sokn, so kunne me berre finna denne Jens døypt??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
  • Forvirret 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Søk på Barn=Jens i Lavik sokn i dei kyrkjebøkene som er transkriberte på (slutten av) 1700-talet gjev 19 treff:

https://www.digitalarkivet.no/search/76?forenamn=Jens&etternamn=&kjonn=&rolle=barn&stilling_stand=&bustad=&fodestad=&fodselsaar=&fodselsdato=&aar=17*&dpdato=&stadfesta=&sokn_kyrkje=&ekte_uekte=&vigd=&introd=&dpstad=&merknader=&area[]=2193

 

Så då er det å klikke seg inn på kvart av dei 19 treffa for å sjå kven som er far. Eg saknar "Gamle" Digitalarkivet...

 

Eg kunne sjølvsagt ha snevra inn meir, men uansett så er det ingen relevante personar med Ole som far.

 

Får heller ikkje noko relevant i FT1801. Denne er for ung:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391004126

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bygdeboka for Hyllestad, bd. 2 har følgjande setning under husmannsfamiliar på Nesje:

Sitat

Ole Knutson f. ca 1734, d. 1806 på Nesje. Gift med Ingeborg Andersdotter f. ca. 1759, d. etter 1806.

https://www.nb.no/items/e21cc9f3258115f2f9a07b49823c6488?page=347

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391002843

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er Jens Olsson på Indre Bø i FT1815. Skal vere frå Østerbø:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051096000093

 

Sogn og Fjordane fylke, Lavik, Bø, Kyrkjebø i Lavik, Statlig folketelling (1815-1815), Protokollside, Side 6
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft20110308650006

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner en Jens Olsen Hovland i denne rullen for Ytre Sogn, husmannssønn og født 1785 men uten dåpsdato:

https://media.digitalarkivet.no/view/51493/92

 

Dette er kanskje garden Hovland i Vik, men jeg finner ham ikke i 1801. Kan det tenkes at Jens er født i Vik der døpte ser ut til å mangle 1784-1786? Ser at Jens Olsen Hovland og Hans Johannesen Østerbø er ført under samme legdsnummer (40) i rullen.

 

Endret av Terje Tandsether
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Torbjørn og Terje for spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg børjar verta ganske so overtydd om at det er den «rette» Jens Olson som no er dukka opp.  Og dåpen hans er heilt tydeleg ikkje innført nokon stad, so eg trur at Terje har rett!  Han er døypt i Vik prestegjeld kring 1785 der kyrkjebøker manglar.  Men,

 

* FT1815 syner at Jens var fødd på Østerbø; i kva sokn og kva prestegjeld låg Østerbø den gongen??

 

* Og kva med Hovland?

 

* Husmannshuslyden under Nesje, Ole Knutson og Ingeborg Andersdotter, KAN vera foreldri til Jens, men dette kan me vel ikkje prova...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I FT 1801 var det 2 Østerbø i S&F  Eivindvik og Aurland
og
Hovland i Askvold, Kinn, Leikanger, Lærdal og Vik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er Østerbø i ættebøkene for både Lavik og Kyrkjebø. Det er også Hovland i Kyrkjebø. Lavik, og Bø sokn i Hyllestad høyrde til Eivindvik, medan Kyrkjebø høyrde til Vik prestegjeld. Desse tre sokna vart til Lavik prestegjeld rundt 1807(?). Seinare vart som kjent Bø skilt ut frå Lavik og slått saman med Øn og Hyllestad i Askvoll til Hyllestad prestegjeld.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Østerbø er gnr. 16 i Kyrkjebø herad i 1950. Hovland er gnr. 42. Østerbø ligg på sørsida av Sognefjorden, medan Hovland ligg på nordsida.

https://www.dokpro.uio.no/cgi-bin/stad/matr50

 

Østerbø er gnr. 40 i Lavik. Dette er vel på sørsida av fjorden.

 

Det er verken Hovland eller Østerbø i Vik anno 1950.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hovland vart skrive på ulike måtar, og kan ofte vere kalla f.eks. "Hougland" i kjeldene, iallefall var det slik her i Fjaler. Det var Hovland i både Holmedal og Dale sokn, omtalt som ytre-Hovland og øvre-Hovland. Eg bur sjølv på Haugland, men det opprinnelege namnet er Hovland (ytre). Eldre folk snakkar framleis om Hovland. Det har vore nemnt at ein har endra namnet for å skilje dei to gardane, men ei anna mogeleg forklaring er at namn med "hov" vart sett på som ukristelege ein periode. Men no byrjar eg å komme litt ut på viddene i forhold til problemstillinga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oppsummert: Med utgangspunkt i militærrullen og FT1815 ser ein då etter ein husmannsson som truleg er fødd på Hovland eller Østerbø i Kyrkjebø sokn i 1785 i eit tidsrom der det ikkje er ført kyrkjebok. Fødselsdato/dåpsdato manglar i alle kjelder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #17:

 

Hjarteleg takk til Leif og Torbjørn for mange spennande og avklarande innlegg!

 

Konklusjonen til Torbjørn er heilt på linje med min eigen, so eg trur me kan sjå på dette problemet som løyst!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vel... Heilt løyst er det vel eigentleg ikkje, sidan vi ikkje har aning om kven som er foreldra. Men det er jo også eit spørsmål om det i det heile teke er mogeleg å finne ut av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein liten ting eg la merke til då eg bladde i FT1825: På sida før er det nemnt ein Gaute Jonson Rinde frå Luster. Venstre side:

Sogn og Fjordane fylke, Lavik, Bø, Kyrkjebø i Lavik, Statlig folketelling (1825-1825), Dokumentside, Side 39
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft20110308650157

 

Er dette ein person du har kontroll på?

 

Redigert: I følgje Geni var han visst ikkje frå Luster, men frå Vik.

 

https://www.geni.com/people/Jon-Vangsnes/6000000037018298115

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Torbjørn !
 

Gaute Jonson Rinde f 1803 er notert opp i Feios-bokji, utg 2018, s 234.

Diverre ikkje nokre fleire oppl om Gaute. 
 

Døyr han der ute i Ytre Sogn ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg finn dette:

 

(mann)
Bosted: Hyllestad: Bjørnæs
H: 1875-12-31
Still./Stand: hf g Forpagter af en Husmandsplads
Rolle:
(mann)
Bosted: Hyllestad: Kjørnæslien
H: 1865-12-31
Still./Stand: Husfader g Husmand med Jord
Rolle:
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.