Gå til innhold
Arkivverket

Skomakaren Nils Gregoriussen Tveranger (1874-1953) frå Solund til Aurland.


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Det har tidlegare vore innlegg her på forumet om slekta til Nils Gregoriussen som var den som designa og starta produksjon av Aurlandsskoen. Me er ute etter meir informasjon om Nils sjølv då det er litt ulike opplysningar om kvar han budde før han enda i Aurland i 1894.

Han og faren skulle dra til Amerika i 1877, her kan ein kanskje finna dei i utvandringslistene?

I 1891 var dei attende i Solund der dei tidlegare budde. I 1894 er Nils kommen til Aurland der han gifte seg og vart buande resten av livet.

Men det blir også sagt at han skulle bu ei tid i Sogndal og Fresvik og driva som skomakar. Er det nokon som kjenner til dette.? Det må i tilfelle vera etter han kom att frå Amerika og før 1894 då han busette seg i Aurland.

Me veit heller ikkje kva år han kom att frå Amerkiareisa si. 

Takksam for hjelp til å finna ut meir om Nils i perioden 1877-1894.

Mvh

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Grethe. Då var han iallfall i Norge i 1889.

Byrjar lure på om denne turen til Amerika med far og son ikkje har funne stad i det heile. For det første rart at ein husmann og sonen (som kanskje var 13 år) skulle dra ein tur til Amerika iallfall utan familien. Og så komma attende rimeleg raskt. Eg har prøvd å sjekke skipslistene over Bergen og utflytting frå Solund, men finn ikkje Nils eller faren nokon stad. Sjølvsagt kan eg ha oversett noko. 

Er turen til Amerika berre ei god historie om korleis ein fekk ideen til Aurlandsskoen eller var dei verkeleg i Amerika ein gong etter 1887?

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til deg Anne Marie som la ut dette. 

I bygdeboka for Aurland finn eg at han i 1895 gifte seg med Hansine Toraldsdtr. Onstad og dei fekk barna Gustav Andreas i 1895, Sofie og Hans i 1901 (Hans døydde i 1916) og Janna i 1910.

I bygdeboka for Solund står det at det finst lite opplysningar om familien.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bror til Nils, Jørgen arbeidde også som skomakar i Aurland. Han drukna i 1904. Nr 11 i kyrkjeboka.

https://media.digitalarkivet.no/view/2046/135

Merknad: Druknet i Aurlandsfjorden antagelig i ...... tilstand

Klarte ikkje tyda det eine ordet. 

Mor til Nils budde hos dei i Aurland i 1910

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036720001044

Har ikkje funne dødsår på ho.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Det var iallfall meininga å dra til Amerika sidan det er oppført i kyrkjeboka. Men då burde han vere med i ei skipsliste eller passregistrering i mai 1892. I 1894 er han kommen til Aurland. 

Mest sannsynleg er at historia om at han og faren var i Amerika ikkje stemmer, men kanskje Nils drog åleine i 1892.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har leita i skipslister og passprotokollar for Bergen i 1892 utan å finna han. Men ut frå det du Jon skriv her så har han vore der i minst to år. Kanskje er det frå 1892 og framover. I 1894 skulle han vere flytt til Aurland.  Men han har altså også budd ei tid i Bergen rundt 1920. Broren Gjert var skomakar der. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 hours ago, Anne Marie Bøtun Øyri said:

Har leita i skipslister og passprotokollar for Bergen i 1892 utan å finna han. Men ut frå det du Jon skriv her så har han vore der i minst to år. Kanskje er det frå 1892 og framover. I 1894 skulle han vere flytt til Aurland.  Men han har altså også budd ei tid i Bergen rundt 1920. Broren Gjert var skomakar der. 

 

Jon sa vel berre at dersom Nils har vore i Amerika så vil det stå i den skanna versjonen av FT1920 når det vert gjort tilgjengelig. Vi får vente litt før dette vert konkludert 🙂

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
  • 3 uker senere...

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.