Jump to content
Arkivverket

Sogn og Fjordane, Førde: Vart det fødd ein Anders Olsen rundt 1846 som har ein eller annan tilknytning til garden Kråkenes?


Torbjørn Henrik Hillersøy

Recommended Posts

Garden (Indre og Ytre) Kråkenes ligg på sørsida av Førdefjorden i Førde pr.gj. (no Sunnfjord kommune).

Ilfg. muntlege kjelder skal det ha kome ein Anders Olsen (ca 1846-1914) derfrå, dvs frå plassen Kråkenesmarka.  Han budde dei siste åra av sitt liv i Batalden (Kinn pr.gj.) og han er omtala som Anders Olsen Kråkeng. 

 

-Eg har søkt gjennom aktuelle kyrkjebøker for Førde i perioden 1835 til 1855 utan å finne nokon som passer. Det ser ut til at kombinasjonen Anders og Olsen var uvanleg i Førde pr.gj. på den tida. 

-Dessutan har eg sjekka Førde bygdebok, og der er det heller ikke spor etter han. Namna Kråkenesmarka og Kråkeng er heller ikkje nemnd som husmannsplassar.

 

Det kan jo vere at ein Anders Olsen har flytta til Kråkenes og budde der nokre år før han flytta til Batalden like etter 1900.

 

Kan det vere at Anders var av ein liten skøyer og tok namnet Kråkeng for moro skuld?

Kan eg ha oversett noko?

 

Mvh Torbjørn Hillersøy

Link to comment
Share on other sites

Som du ser i Kyrkjebokji hos Førde så brukar presten Andreas, ikkje Anders.

 

Her er dei 22 som eg fann ved å søkja på And* Rolle: Barn. Heldelsår: 1844-48.

Relatert person: Ol*   Rolle: Far

https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&m[]=1432&firstname=And*&lastname=&genders[]=m&roles[]=barn&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=1844&event_year_to=1848&event_date=&related_first_name=Ol*&related_last_name=&related_birth_year=&related_roles[]=far&sort=ed
 

Mogelig det er ein av desse 22 du er ute etter ?

  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

Det er vel snakk om denne karen:

               
Anders Olsen(mann) 1847-10-12 Kinn hf ug Skomager S Kinn: Batalden 1910-12-01   Folketelling 1910 for 1437 Kinn herred
Anders Olsen(mann) 1846 Gjelvaagene Skom. Batalden 1914-05-27 avdød Ministerialbok for Kinn prestegjeld, Kinn sokn 1886-1936 (1437P)

 

 

Lensmannen i Kinn, SAB/A-28801/0006/L0003: Dødsfallprotokoll, 1907-1925
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611901294031
 

Det ser ut til at han hadde arvingar, men det står diverre ikkje kor mange eller kva dei heitte.

 

Kva er kjelda for namnet Kråkeng?

  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

Posted (edited)

Ein kandidat er denne Anders Olsson, fødd 12/9 1846 i Stavang. Nederst på sida:

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 5 (1841-1857), Fødte og døpte 1846, Side 65
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070112350179
 

Foreldra får born også i 1839 og 1842.

https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&firstname=Ole&lastname=Johan*&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=&event_year_to=&event_date=&related_first_name=Christiane&related_last_name=Rasmus*&related_birth_year=

 

Ved sistnemnde fødsel går det fram at bustaden er Eikevik. Vi finn foreldra og dei to eldre borna der i 1865. Men Anders manglar.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038268004287

 

Foreldra er frå Førde prestegjeld.

 

Dei budde framleis på Eikevik i 1875, då var sonen, Anders heime.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052315005808

Edited by Torbjørn Igelkjøn
  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

Posted (edited)

Når det gjeld mogeleg opphav til Ole Johannesson Eikevik fødd i Førde eller Kinn i 1804-1807 får eg desse to kandidatane:

https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&m[]=1432&m[]=1437&firstname=ole&lastname=&roles[]=barn&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=1804&event_year_to=1807&event_date=&related_first_name=johannes&related_last_name=&related_birth_year=&related_roles[]=far

 

Den eldste er faktisk frå Kråkenes:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000283194

 

Førde bygdebok, bd. 2, side 490 nemner familien, men det står ikkje kvar Ole vart av:

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013082008139?page=493

 

Noko skifteetter Johannes Madsson vart det heller ikkje:

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 18 (1828-1836), Skifteprotokollside, Side 324b-325a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127640327

Edited by Torbjørn Igelkjøn
  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

Kristoffer Olsson f. 1842 er truleg identisk med Kristoffer Olsson Stavang som døydde i Bergen i 1915. Han var ugift, men dødsfallprotokollen nemner likevel namnet på to born.

https://www.digitalarkivet.no/search/persons?s=%2Bchristo*+%2Bstavang+%2B1842&event_year_from=&event_year_to=&event_date=

  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

Posted (edited)

Mange takk, Torbjørn ! 

Det ser ut til at du har funne koblingen! At Anders Olsen Gjelvågen og Anders Olsen med tilknytning til Kråkenes svært truleg er same person. 

Det er vanskeleg å finne andre kandidater enn den Anders Olsen Gjelvågen som døydde i Batalden i 1914.

Eg hadde funne alle data om Anders Olsen Gjelvågen/Eikevik, men fann ikkje koblingen til Kråkenes. 

 

Anders må ha teke "slektsnamnet" til farfaren Johannes Madsson.

Johannes var altså brukar av bruk 3 på Ytre Kråkenes. 

 

Det vert sagt at Anders kom frå Kråkenesmarka. Kråkenesmarka var faktisk stølen til Kråkenes-garden (låg langs vegen mellom Førde og Solheimslia og vidare utover til Fauske og Fengestad), fekk eg vite. Kanskje der var ei Kråkeng på stølsområdet?

Det er mulig at Anders budde der ei tid, men han kom ikkje der frå. 

 

 

Mvh Torbjørn H.

Edited by Torbjørn Henrik Hillersøy
  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Men finst det noko skriftleg kjelde som viser at Anders brukte namnet Kråkeng, evt. Kråkenes?

  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

Posted (edited)

Det veit eg ikkje. Eg kan spørre ein som har budd i Store-Batalden og som har forfedre derfrå. Det var han som fyrst kom med dette. 

 

Litt på sida av spørsmålet:

Syster til Kristiane, Helle Sofie Rasmusdtr., vart gift med Peder Elias Mortensen frå Kvalvika i Eikefjorden. Busett i Batalden.

Dei fekk sonen Rasmus Mathias f. 1852. Han flytta til Bergen i 1871 og segla til England i 1873. Han var sjømann. Kjenner du lagnaden hans etter 1873?

Edited by Torbjørn Henrik Hillersøy
  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Eg ser at du har spurt etter han her: 

Det står ikkje mykje i dødsfallprotokollen ved faren sin død.

 

Lensmannen i Kinn, SAB/A-28801/0006/L0001: Dødsfallprotokoll, 1848-1902
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611901292106
 

Med mindre det skulle finnast barnlause dødsmeldingar/skifte for nokon av syskena vil vel dette vere vanskeleg å finne ut av. Kan evt. nokon i Fredheim-slekta i Florø kjenne til kvar han vart av?

  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

No har eg vore i kontakt med han som fyrst snakka om denne Anders Olsen Kråkeng. 

Det viser seg at han fekk ein gammal hus-postill av si tante, som igjen hadde fått den av Anders Olsen.  

Namnet var skreve i postillen Han ser no at det det like gjerne kan stå Kråkenes (men på grunn av plassmangel på ei lita bok vart skrifta lita og utydeleg).

 

Han var elles glad for å få vite om slektsforholdet. 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Takka vere namneregistera for Kinn registrert av @Toril Osther fann eg ut at Kristiane og Ole døydde med to dagars mellomrom høvesvis 6/4 og 8/4 1883. Det står av ein eller annan grunn Ole Elias Johannesson i kyrkjeboka, og bustaden er Ausevik (kan vere feilskriving for Eikevik).

 

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord i Kinn, Ministerialbok nr. A 13 (1870-1885), Døde og begravede 1883, Side 178
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115310605
 

Ved vigsla er det opplyst at Ole er fødd kr. 1807, men både FT1865, FT1875 og innførsla ved dødsfallet tidfestar fødselen til 1804 som stemmer med dåpen til Ole Johannesson Kråkenes. Nokon Ole Elias Johannesson døypt i Førde eller Kinn får eg ikkje opp sjølv om eg utvidar tidsrommet.

 

I dødsfallprotokollen er dei kalla Stavang:

 

Lensmannen i Kinn, SAB/A-28801/0006/L0001: Dødsfallprotokoll, 1848-1902
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611901292097

 

Merknaden greier eg ikkje å tyde.

  • Like 1
  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

Og ved hjelp av det same namneregisteret finn eg at dottera, Johanne Andrea Olsdtr. f. 1839 døydde på Vågene 15/9 1879. #4:

 

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord i Kinn, Ministerialbok nr. A 13 (1870-1885), Døde og begravede 1880, Side 159
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115310586
 

Lensmannen i Kinn, SAB/A-28801/0006/L0001: Dødsfallprotokoll, 1848-1902
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611901292092
 

Ho hadde vore g. med Nils Olaus(?) Nilsson, og her er dei i 1875:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052315001759

 

Dei er omtalt på side 208 i Askvoll bygdebok 3. I følgje bygdeboka heitte han Nils Mathias og var frå Oslandsbotnen, men dette stemmer ikkje med det som står i dødsfallprotokollen då kona døydde. Så dette bør evt. sjekkast.

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2015091408061?page=219

  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

Og nok ein gong brukte eg namneregistera til å finne vigsla:

Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord, Frøya (Bremanger) i Kinn, Ministerialbok nr. A 10 (1852-1869), Viede 1868, Side 79
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115310354
 

Det stemmer altså at han heitte Nils Mathias og var frå Oslandsbotnen.

  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Takk for fleire opplysningar! 

Desse namneregistera til Toril Oster er visst svært nyttige! Var ikkje klar over dei! 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.