Gå til innhold
Arkivverket

Salg Halsnøy Kloster eigedom ca 1758, hvor kan eg finne kongeskjøyte


Åsta Lorentsen
 Del

Recommended Posts

Min tipp-tipp-tipp oldefar, Anders Hansson, fekk kongeskjøyte på halve garden, Bjelland Søre (Stord kommune i Vestland, gnr 40 bnr 1) ca 1758. Eigar til då hadde vore Halsnøy Kloster som selte ut 13 gardar på Stord. Eg finn giftarmålet hans i 1759 i kyrkjeboka for Stord, men har ikkje opplysningar om han før det. Eg ønsker å finna ut kven denne karen var, kvar kom han frå, kven var foreldra osv., har søkt og leita, utan å finna noko. Eg set no min lit til skøytet, men har problem med å finna det. Har nokon tips om kvar eg kan finna det? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sunnhordland sorenskrivar, SAB/A-2401/1/G/Ga/Gac/L0001: Panteregister nr. II.A.c.1, 1735-1769, s. 27
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20070813410289

(til venstre:)

Her er det ført inn fleire "Kongens Skiøde" på gardar i "Føyens skibred" i 1758,

m.a. "Nedre Bielland" - så tipp-tippen din burde stå om lag her, dersom det var på same tida.

Kor sikkert veit du årstalet?

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, ser det står på side 29 (28)

image.png.6ad6aead1d5758d413919d001d8e6c0d.pngEg 

 

Nr 68 - halve garden blei skjøtt til tipp-tippen min, og halve til Ola Mathiasson. Tusen takk! Eg er redd eg ikkje klarer å tyda alt skikkelig, hadde vore flott med hjelp til det også!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Konge Skiøde for Anders Hansen

paa 1 Løb Smør 1 Hud i Søre Biel

land mod 81rd. Dateret 5 May 1759

Dito Til Ole Madsen paa 1 Løb

1 Hud i S. Bielland mod 81rd. dateret

5 May 1759

 

Mvh

Endret av Even Stormoen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Panteregisteret viser til panteboka s. 68

Sunnhordland sorenskrivar, SAB/A-2401/1/G/Gb/Gbe/L0003: Pantebok nr. II.B.e.2a, 1756-1767, s. 68-69
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20070808010813

(nesten øvst i 2. spalte)

men her er det berre eit "Extract" og seier ikkje stort meir enn det som er ført inn i registeret.

For vilkåra er det vist til "det paa pag 49 indførte Skiøde" (som er kongeskøyte på ein annan gard).

 

Du får ikkje vite noko meir om kjøparen her.  Han er berre kalla "Anders Hansen".

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

50 minutter siden, Åsta Lorentsen skrev:

Igjen, tusen takk! Er de No 35 det står etter Søre Bjelland? Er det nummeret eit gammalt gardsnr.? 

nr 35, ja. 

Det er nummeret om galdt i 1759.  Matrikkelen var frå 1667, men nummereringa må vere endra i mellomtida.

 

I 1667 har garden nummer 59:

Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, RA/EA-4070/N/Nb/Nba/L0035: Sunnhordland fogderi, 2. del, 1667, s. 197b-198a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ma20100429660220

 

I matrikkelen frå 1838, står nr. 35 som "gammalt" matrikkelnr.

Andre publikasjoner, PUBL/PUBL-999/0002/Bind-11: Søndre Bergenhus amt: Sunnhordland og Hardanger fogderi, Stamhuset Rosendals gods og Lyse klosters gods, 1838, s. 23
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ma10061006092875

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for ytterligare info! Eg hadde håpa eg skulle finna kven han var i forbindelse med dette kjøpet, men slik er det. Det kan sjå ut som han ikkje er født/døypt på Stord. Ifølge bygdeboka ser det ut som han ikkje var bygslar på Søre Bjelland i åra før kjøpet. Det var jo ikkje kven som helst som kjøpte ein slik gard. Han gifta seg samme året (i januar) med Anna Tollaksdtr Langeland. Var det kanskje slik at det var kona som hadde pengane? Anders dø i januar 1769 berre 36 1/2 år gammal. Kan det vera noko info om han i skiftet? Eldste sonen, Hans Andersson Bjelland, tente hos lagmannen i Bergen, Werner Hosewinkel Christie. Eg finner litt info om han (sonen Hans Andersson Bjellaand), bl.a. eigde han Birkeland kirke ei kort tid før Werner Hosewinkel Christie kjøpte den. Spørsmålet, kven var han, ligg heile tida og "murrar".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan vere nyare utgåver, som ikkje er på nb.no, men i utgåva frå 1966

https://www.nb.no/items/2e6275b99d56bcbf719f8f50a7371af5?page=519&searchText=stord

ser det ut til at forfattaren har hatt avgrensa med kjelder for tida før 1758 (anten det er kjeldene som er knappe,

eller tida han hadde til å granske dei).

Eg trur ikkje du skal rekne med at framstillinga er fullstendig med omsyn til kven som brukte garden før 1758.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for hjelp! Du har nok rett i det - det var ikkje like enkelt å finna informasjon i 1966. No fant eg skifte etter Anders - Skiftemateriale: Sunnhordland sorenskrivar, SAB/A-2401/1/H/Ha/Haa/L0007: Skifteprotokollar. Register på lesesal. Fol. 901- ut, 1768-1773, s. 940b-941a - Skanna arkiver - Arkivverket (digitalarkivet.no)

Eg har litt problem med å lesa alt, er redd eg les/tolkar feil, eg prøver å klara meg sjølv men det hadde vore fint å få litt hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det interessante er vel namn og slektskap...

 

skiftet er "paa Gaarden Bielland, Selv Eier Gods udj Føyens Skibrede ..

.. efter afg. Anders Hansen, Imellem hands eftterladte Enke Anna

Tallachs dr og 4 Deres Børn og 1 datter. Sønnen Hans 10 Aar, 2den Søn Peder 6 1/2 aar,

yngste Søn Tallach 2 1/2 aar, Datteren Grethe 1/2 aar l. Nærværende

Enken med Laug Værge Tørris Bielland, ..."

Tørris Bielland er også ein av to vurderingsmenn - habilitetsreglar var annleis den gongen.

 

Garden inngår i buet, med skyld som ovanfor og tilvising til skøyte s. 68 i panteboka.

 

Heilt til slutt kjem formyndarane for borna:

"Til formynder for ædste Søn, bliver Elias Tallachsen Siovold,

for 2den Søn mosterbroderen Lars Tiong,

for yngste Søn Faderens Sødskende Barn Jaen Røsseland, og

for Datteren bliver Faderens Søskende Barn Halvor Tørrissen Valdre"

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Halvor Tørrissen Valdra (ca. 1726 - 1801) var opprinneleg frå Taraldsøy i Skånevik. I 1749 kjøpte han Valdra i Skånevik. Gift med Guro Eliasdatter Tjella med far frå Valdra. Seinare gift med Anna Sjursdatter Støle, Etne. Ingen eigne born.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Halvor Tørrisen sine foreldre:

 

Tørris Nilsson Taraldsøy f. ca. 1683 og Kari Knutsdatter Sætre, Halsnøy, ca. 1698 - 1763.

Endret av Marie Skålnes
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 17.7.2022 den 10.00, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Det interessante er vel namn og slektskap...

 

skiftet er "paa Gaarden Bielland, Selv Eier Gods udj Føyens Skibrede ..

.. efter afg. Anders Hansen, Imellem hands eftterladte Enke Anna

Tallachs dr og 4 Deres Børn og 1 datter. Sønnen Hans 10 Aar, 2den Søn Peder 6 1/2 aar,

yngste Søn Tallach 2 1/2 aar, Datteren Grethe 1/2 aar l. Nærværende

Enken med Laug Værge Tørris Bielland, ..."

Tørris Bielland er også ein av to vurderingsmenn - habilitetsreglar var annleis den gongen.

 

Garden inngår i buet, med skyld som ovanfor og tilvising til skøyte s. 68 i panteboka.

 

Heilt til slutt kjem formyndarane for borna:

"Til formynder for ædste Søn, bliver Elias Tallachsen Siovold,

for 2den Søn mosterbroderen Lars Tiong,

for yngste Søn Faderens Sødskende Barn Jaen Røsseland, og

for Datteren bliver Faderens Søskende Barn Halvor Tørrissen Valdre"

 

 

God søndags morgon!

 

Tusen takk for hjelpen eg fekk frå deg. Eg har jobba litt vidare med søskenbarna, trur det er der eg kan finna noko vidare, men ikkje enkelt når eg ikkje om det er Faderens mor eller far si side, har bruka ein del bygdebøker, men informasjonen frå den tida kan vera uoversikteleg. Eg fann no dåpsinformasjonen for Joen Torgeirson Røsseland (Helland), men igjen, eg slit med å lesa alt. Du har hjelpt så mykje, forventer ikkje at du entrar gang etter gang, men limer det inn her i tilfelle? 

Kirkebøker: Kvinnherad sokneprestembete, SAB/A-76401/H/Haa: Ministerialbok nr. A 2, 1710-1753, s. 178-179 - Skanna arkiver - Arkivverket (digitalarkivet.no)

 

image.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ikkje så mykje innførsla fortel:

"d.8 Sept. døbt Torger Gunderss. Hellands b. | Joen

fadd. Knud anderss. Leite, Amund Johansen Teigen, Ole Nilsen Underem,

Anne Gndersdr , Synneve Johansdr Rørvig oc Gurj Nilsdr Kallestad"

 

For å gjere problemstillinga litt meir utfordrande:

"Syskenbarn" i dette tilfelle kan inkludere inngifta slekt; altså at det er kona til formyndaren

som eigentleg er syskenbarn til avdøde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk! Ja, eg tenkte kanskje at det kunne vera slik og jobbar ut frå det også, godt å få det bekrefta frå nokon som har litt meir erfaring med dette enn meg. Egentleg så er det nok kanskje tull å bruka tid på dette, men eg synes det er rart at ein ikkje kan finna ut kven han var sidan han kjøpte garden. Veit du noko om kven som blei brukt som fadrar på den tida, var det slekt eller heller folk på nabogardane? 😀

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Åsta Lorentsen skrev:

 Veit du noko om kven som blei brukt som fadrar på den tida, var det slekt eller heller folk på nabogardane? 😀

I Kvinnherad/Sunnhordland - nei...

På Sunnmøre - og ein del andre område - var det stort sett grannar.  Eit unnatak var når dei tok med barnet til

presten for å få døypt det utanom gudsteneste. Då kunne 1-2 nær/på prestegarden vere brukte som faddrar.

 

I dette tilfellet er det dåp utanom gudsteneste (i 1731 var 8.sept ein laurdag) - men eg kan for lite om lokalgeografien til

å seie om dei reiste langt.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk - det kan høyras ut som det er like eins på Sunnmøre som her på Stord og i Sunnhordland inkl Kvinnherad.  🙂

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

God kveld!

 

Mulig eg fekk sendt dette spørsmålet tidligere i dag, er sikker, sender det derfor igjen.

 

Takk for tidlegare hjelp! Forstår at du har jobba mykje med dette, også det å finna fram i kjeldene. Eg jobbar stadig litt med denne saken, og lurer på om det er mulig å finna dette kongeskjøte frå 1758? 

 

Synes det er litt freidig å masa på deg, forstår godt om du ikkje vil svar meg.

 

Mvh

Åsta

God kveld!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Åsta Lorentsen skrev:

God kveld!

 

Mulig eg fekk sendt dette spørsmålet tidligere i dag, er sikker, sender det derfor igjen.

 

Takk for tidlegare hjelp! Forstår at du har jobba mykje med dette, også det å finna fram i kjeldene. Eg jobbar stadig litt med denne saken, og lurer på om det er mulig å finna dette kongeskjøte frå 1758? 

 

Synes det er litt freidig å masa på deg, forstår godt om du ikkje vil svar meg.

 

Mvh

Åsta

God kveld!

I dag var eg på fottur i Sylane (Nedalshytta-Storsola) - utan PC...

 

Eg trur ikkje du kan finne noko meir enn det vi har funne ovanfor. 

Kjøparen har fått eit dokument - skøytet i original. Anten ligg det på garden framleis (eller ein bankboks), eller så har det kome bort.

Kongeskøytet føklgjer ein viss mal, og har dei same vilkåra i alle/mange tilfelle. Då har sorenskrivaren funne det tilstrekkeleg å gje eit utdrag,

og elles vise til vilkåra i eit anna skøyte. Det gjev den offentlege stadfestinga av handelen.

 

Det er mogeleg at det finst ein gjenpart i eit departements-arkiv ("kongen" sitt arkiv) - men det står neppe noko meir opplysningar

om kjøpar og eigedomen, enn det som kjem fram her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

God morgon!

 

Tusen takk for svar - då har eg fått bekrefta at det er bortkasta energi å søka i digitalarkiva for å finna skjøyte. Eg skal høyra med tre-fire menningen min som er oppvaksen på garden om han nokon gong har sett noko, kan ikkje tenka meg det er på garden for då trur eg det hadde stått i gards- og ættesoga. Det er jo egentleg tull å bruka så mykje tid på dette, ei av mange greiner, men klarer ikkje å legga heilt vekk "kven var han".

 

Mvh

Åsta

 

ps - du hadde nok ein fin fjelltur, og PC-en skal ikkje alltid vera "varm"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.