Jump to content
Arkivverket

Futerekneskap Fjordane 1745 - Uorden i mappa


Torbjørn Igelkjøn

Recommended Posts

Det er nyleg lagt ut futerekneskap for Sunnfjord og Nordfjord år 1745. I følgje kjeldeinformasjonen er originaldokumenta sterkt vasskadde, og ein har difor valt å digitalisere ein gammal mikrofilm i staden. Denne futerekneskapen inneheld m.a. ei detaljert oversikt over odels- og sjølveigargods i Sunnfjord, samt ei oversikt over endringar i eigarforholda frå året før.

 

Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Fogderegnskap, RA/EA-4092/R53/L3471: Fogderegnskap Sunn- og Nordfjord, 1745, s. 181
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db60138111000603
 

Ved nærmare ettersyn viser det seg at dokumenta er i uorden, og det er delvis slik at annankvar side høyrer saman. Ein finn f.eks. Ytre Dale på side 181, 183, 185, 187, 189, 191 og 193. Ser ein endå nærmare etter viser det seg også at venstre og høgre side i mange tilfelle ikkje høyrer saman. Dette oppdaga eg tilfeldigvis då eg stussa på at skylda for dei 3 (av 4) brukarane på Haugland som er nemnde i oversikta på side 181 ikkje på nokon måte stemte med det den skulle vere, og dessutan at talet på linjer på høgre sida heller ikkje stemte med innhaldet på venstre sida. I dette tilfellet fann eg ut at venstre del av side 181 høyrer saman med høgre del av side 184. For Ytre Dale vil det truleg vere slik: 181v+184h, 183v+186h osv. fram til side 193v+196h. Samanliknar ein venstre del av side 193 og høgre del av side 196 ser ein dette enno tydelegare. Antagelegvis er det eit liknande avvik i motsett retning, f. eks. 198v+195h, 196v+193h osv. Det som er sikkert er iallefall at venstre del av side 198 passar med høgre del av side 195, for her går teksten over begge sidene. Men dette er ikkje noko system som gjeld alle stader, og det finst også ei side der venstre og høgre side passar saman:

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunn- og Nordfjord, Fogderegnskap nr. 3471 (1745-1745), Dokumentside, Side 170
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db60138111000592
 

For meg ser det ut som at dette har vore eit slags hefte som har blitt oppdelt, og så har ein kanskje etter beste evne(?) prøvd å fotografere to og to ark saman så godt som råd slik som ein trudde at dei skulle vere???

 

Uansett så håpar eg at det er mogeleg å nemne dette i kjeldeinformasjonen, og då spesielt at venstre og høgre del av dei skanna bileta ikkje høyrer saman.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

På 6.8.2022 den 5.16, Torbjørn Igelkjøn skrev:

For meg ser det ut som at dette har vore eit slags hefte som har blitt oppdelt, og så har ein kanskje etter beste evne(?) prøvd å fotografere to og to ark saman så godt som råd slik som ein trudde at dei skulle vere???

 

Uansett så håpar eg at det er mogeleg å nemne dette i kjeldeinformasjonen, og då spesielt at venstre og høgre del av dei skanna bileta ikkje høyrer saman.

 

Formålet med mikrofilminga har nok først og fremst vært sikring av tekst på den mest skånsomme måten, sett fra en konservators synsvinkel. Riktig rekkefølge har ikke vært prioritert, og det har nok heller ikke vært mulig. Man har nemlig ikke fotografert to og to ark sammen, men når innbindinga har blitt løst opp og hvert enkelt ark/blad har blitt rengjort og konservert, har man fått dobbeltsider som ikke hører sammen.

 

Du kan se for deg hvordan det blir, hvis du fjerner stiftene i et 16 siders ukeblad og fotograferer ark for ark. Du får bilder av s. 16 + s. 1, s. 2 + s. 15, s. 14 + s. 3, s. 4 + s. 13, osv. inntil du til slutt får et "riktig" sammensatt bilde av s. 8 + s. 9.

 

Jeg har omformet merknaden til kilden, jf. https://media.digitalarkivet.no/db/contents/47569Dokumentene er sterkt vannskadet og ble i sin tid mikrofilmet etter å ha gjennomgått konservering. Mikrofilmen er lagt til grunn for digitaliseringa, og det vil pga. vannskaden ikke bli aktuelt å digitalisere de originale dokumentene. I forbindelse med konserveringa ble sammenheftingene løst opp, og de mikrofilmede dobbeltarkene viser derfor i mange tilfeller oppslag hvor venstre og høyre side ikke hører sammen.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

5 timer siden, Kristian Hunskaar (Arkivverket) skrev:

Du kan se for deg hvordan det blir, hvis du fjerner stiftene i et 16 siders ukeblad og fotograferer ark for ark. Du får bilder av s. 16 + s. 1, s. 2 + s. 15, s. 14 + s. 3, s. 4 + s. 13, osv. inntil du til slutt får et "riktig" sammensatt bilde av s. 8 + s. 9.

 

Dette var også min fyrste tanke, men då får ein ikkje det mønsteret som eg skildrar ovanfor. Eg har også funne eit eksempel der det er to "høgresider" (dvs. med sidetal) i same oppslag. Så dei fleste arka må ha blitt delt i to, sjølv om det tilsynelatande ikkje ser slik ut ved fyrste augnekast.

 

Eg er uansett godt fornøgd med den nye merknaden i kjeldeinformasjonen.

Link to comment
Share on other sites

Her er folio 43a + folio 44a i eitt og same oppslag:

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunn- og Nordfjord, Fogderegnskap nr. 3471 (1745-1745), Dokumentside, Side 215
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db60138111000637
 

"Transport" øverst på den høgre delen gjev då heller ikkje noko meining i forhold til det som står på venstre delen.

Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Dette var også min fyrste tanke, men då får ein ikkje det mønsteret som eg skildrar ovanfor. Eg har også funne eit eksempel der det er to "høgresider" (dvs. med sidetal) i same oppslag. Så dei fleste arka må ha blitt delt i to, sjølv om det tilsynelatande ikkje ser slik ut ved fyrste augnekast.

 

1 time siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Her er folio 43a + folio 44a i eitt og same oppslag:

 

OK, da finnes det eksempler på begge deler. Det er klart at mikrofilminga kunne vært mer framsynt og hatt større oppmerksomhet rundt logisk rekkefølge på dokumentene.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.