Jump to content
Arkivverket

Anders Iversen Åberg frå Nord-Aurdal


Sveinung Eide

Recommended Posts

Denne personen er ein forfader til mine barneborn.

Fødd 1797, døypt 9. juli. Han finst i mange slektstre på MyHeritage, til dømes dette: 

https://www.myheritage.se/research/collection-1/myheritage-slakttrad?itemId=193869501-1-527732&action=showRecord&recordTitle=Anders+Iversen

I dette slektstreet, og i fleire andre med, er hans død notert: 18 jun 1878, Nord-Aurdal, Oppland, Norway. Mitt problem er at eg finn han ikkje i noka kyrkjebok for Nord-Aurdal prestegjeld. Så vidt eg har funne ut, budde han på Åberg i Vestringsbygdi, så eg venta å finne hans død i boka for Aurdal sokn, men det næraste eg har komme, er denne registreringa av ein Anders Iversen (løpenr. 42), som døydde på Bråten: https://media.digitalarkivet.no/view/6129/233. Han er her reg. som (enkjemann og) legdslem, og det kan jo tyda på at han flytta rundt frå gard til gard, men han er jo skriven med Braaten som etternamn og Åberg som "bopæl", det er litt merkeleg. At han var busett på Åberg er vel det einaste som stemmer med "min" mann.

Hans død finst også i klokkarboka: https://media.digitalarkivet.no/view/8987/94, der det står at han døydde 29.6.1880, vart gravlagt 6. juli, og jordfest den 5. juni, korleis dei no fekk dét til! (Det hende kanskje året etter?)

Datoane for fødsel og død stemmer heller ikkje heilt. Her står at han føddest 1801, men dåpen i 1797 har eg funne i kyrkjeboka, så den opplysninga er nok litande på:   https://media.digitalarkivet.no/view/9363/45294/105.

 

Sjølv har eg inga tilknyting til Valdres, og kjenner ikkje lokalgeografien. Problemet er vel kva for informasjon ein skal velja å lita på. At same opplysningane finst i fleire slektstre på MyHeritage er vel ingen garanti, for eg trur mange brukarar der berre kopierar kvarandres data, og kjeldeopplysningar er ikkje gjevne. Så mitt spørsmål er om denne Anders Iversen som døydde der på Bråten, er den rette personen?

Link to comment
Share on other sites

Kirkebøkene forteller at Anders Iversen døde 29.6.1880. Han ble begravet 6. juli, som må være en drøy uke senere, samme år. Jordfestelsen skjedde ikke før et år senere, 5. juni 1881.

Hva som er årsaken til utsettelsen er ikke angitt, men dødsfallet i 1880 bekreftes i dødsfallsprotokollen for 1880 her

Valdres sorenskriveri, SAH/TING-016/J/Je/L0001/0006: Dødsfallsprotokoller / Dødsfallsprotokoll, 1876-1883, s. 9
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10211209241010
 

Når det står Braaten med bosted Aaberg ville jeg tolket dette som at han bodde på Braaten, én av mange husmannsplasser under gårdsbruket Aaberg. Åbjør på dagens kart.

 

Det er bare én Anders Iversen i omtrentlig riktig alder i Aurdal ved folketellingen i 1875. Han bor på Braaten med datter og dattersønn

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052105005290

 

og i matrikkelen fra 1838 finner vi også Anders Iversen på Broten under Aaberg. 

Andre publikasjoner, PUBL/PUBL-999/0002/Bind-04: Christians amt, 1838, s. 154
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ma10061006092515

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.