Jump to content
Arkivverket

Nokre tingsvitne frå Nordfjord 1718-58


Steinar Furnes

Recommended Posts

Ved ein gjennomgang av tingbøkene for Nordfjord har eg samla tingsvitne frå ein 40-årsperiode. Dette er ikkje ei komplett liste (m.a. tek eg ikkje med alle odelslysingane her), og mykje av informasjonen er kjend frå andre kjelder. Men i fall detaljar i utgreiingane er av interesse for andre, legg eg ut lenkjene ut her. Meir kan kome etter kvart. Eg beklagar eventuelle skrivefeil 🙂

 

 

Olden 22.11.1718 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30928/85

Om slektskapen mellom Rasmus Olsson Tungøen og Jannike Rasmusdotter Rustøen. Dei var i slekt i tredje ledd (mormora hans; Mari Andersdotter Rustøen, og farfaren hennar; Halstein Andersson Rustøen, var sysken).

 

Stryn 13.03.1719 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30928/99

Om slektskapen mellom Ingebrigt Sverkesson Årheim («een fattig Krøbling og vanfør huusmand») og Brite Andersdotter. Dei var i slekt i tredje ledd (farfaren hans; Ingebrigt Simensson Årheim, og farfaren hennar; Jon Simensson Bø, var brør).

 

Gloppen 09.11.1719 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30928/143

Om Nils Andersson Heimsæter og Synnøve Villemsdotter Hjorteset. Synnøve og Nils si førre avdøde kone; Maritte Rasmusdotter, var i slekt i andre og tredje ledd: Synnøve sin morfar (Reiel Larsson Solheim) og Maritte si mor (Kari Larsdotter Heimsæter) var sysken.

 

Gloppen 09.11.1719 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30928/144

Om slektskapen mellom Lars Villemsson Hjorteset og Mildri Andersdotter. Dei var tremenningar (Lars si farmor; Marte Torgjersdotter Hjorteset, og Mildri si farmor; Maritte Torgjersdotter d.y. i Røyrvik, var systrer.

 

Breim 08.06.1720 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30928/163

Om slektskapen mellom Ole Jonsson Fossheim og Maritte Steffensdotter Bjørkelo. Dei var tremenningar (Ole si farmor; Magnhild Steffensdotter Fossheim, og Maritte sin farfar; Tore Steffensson Bjørkelo, var sysken).

 

Breim 08.06.1720 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30928/163

Om slektskapen mellom Nils Olsson Hole og Ane Larsdotter Kleppe. Dei var tremenningar (Nils sin morfar; Nils Larsson Hole, og Ane sin farfar; Jon Larsson Reed, var brør).

 

Breim 08.06.1720 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30928/163

Om slektskapen mellom Tore Steffensson og Ane Jonsdotter Jordanger. Dei var tremenningar (Tore si farmor; Mari Jonsdotter Bjørkelo, og Ane sin morfar; Jon Nilsson Kobberstad, var halvsysken).

 

Eid/Hornindal 22.07.1720 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30928/184

Om slektskapen mellom Ole Nilsson Hafsås og Ane Monsdotter Longård (Sevland). Dei var tremenningar (Ane sin morfar; Ole Nilsson Bjørhovde, og Ole sin farfar; Endre Nilsson Bjørhovde, var brør).

 

Eid/Hornindal 22.07.1720 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30928/186

Om slektskapen mellom Steffen Valdemarsson Myklebust og Elen Jakobsdotter. Dei var tremenningar (Steffen sin farfar; Peder Olsson Fannemel, og Elen si farmor; Eli Olsdotter Myklebust, var sysken).

 

Eid/Hornindal 03.04.1721 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30929/238

Om slektskapen mellom Rasmus Andersson Fannemel og Ane Knutsdotter Ytrehorn. Dei var tremenningar (Rasmus si farmor; Mari Valdemarsdotter Fannemel, og Ane si mormor; Ane Valdemarsdotter Lunde, var systrer).

 

Gloppen 24.04.1721 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30929/242

Om slektskapen mellom Kapt. Christian Bugge og Jomfru Else Beate Linde. Dei var tremenningar (Bugge si mormor; Maren Christensdotter, og Linde si mormor; Birte Christensdotter, var halvsysken).

 

Eid/Hornindal 19.06.1723 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30929/427

Om Harald Knutsson Otterdal og Ane Olsdotter Grodås. Harald og Ane sin førre avdøde mann; Kristoffer Klemetsson Grodås, var tremenningar: Harald sin farfar (Harald Olsson Otterdal) og Kristoffer sin farfar (Kristoffer Olsson Kirkhorn) var brør.

 

Gloppen 25.06.1723 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30929/434

Om slektskapen mellom Steffen Villemsson Hjorteset og Sylvei Andersdotter Heimsæter. Dei var tremenningar (Steffen sin morfar; Reiel Larsson Solheim, og Sylvei sin morfar; Lars Larsson Hope, var brør).

 

Gloppen 16.03.1724 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30930/281

Om slektskapen mellom Knut Andersson Hope og Alhed Larsdotter Straume. Dei var tremenningar (Knut sin farfar; Knut Nilsson Emhjellen, og Alhed si farmor; Alhed Knutsdotter Straume, var halvsysken).

 

Olden 16.08.1725 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30930/439

Om slektskapen mellom Peder Olsson Marså og Sigrid Rasmusdotter Løken. Dei var tremenningar (Peder sin farmor; Magdeli Ivarsdotter Brynestad, og Sigrid sin morfar; Arne Ivarsson Løken, var sysken).

 

Eid/Hornindal 05.11.1726 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30931/362

Om Ane Steffensdotter, fødd på Hundeide i Eid.  Ho var gift i Bergen med Bendix (med herkomst frå Sunnfjord). Dei reiste til Grønland, der Ane døydde utan born. Tingsvitnet opplyser om full- og halvsysken.

 

Stryn 17.04.1727 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30931/392

Om slektskapen mellom Sjur Rasmusson Lindvik og Sigrid Knutsdotter Lindvik. Dei var tremenningar (Sjur sin farfar; Sjur Pedersson Lindvik, og Sigrid sin morfar; Rasmus Pedersson Lindvik, var brør).

 

Stad 05.07.1728 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30932/306

Om Henning Nilsson Salt og Rakel Rasmusdotter. Rakel og Henning si førre avdøde kone var tremenningar.

 

Stryn 13.03.1730 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30932/502

Om Peder Jonsson, fødd på Grønfur i Stryn. Han døydde ved Kvikne Kobberverk (Tynset). Tingsvitnet opplyser m.a. om tre systrer.

 

Stryn 17.07.1730 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30932/555

Om Rasmus Antonisson med slekt i Stryn. Han var eit slegfredsbarn, døydde i Bergen. Tingsvitnet opplyser om fleire slektningar.

 

Eid/Hornindal 16.11.1730 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30933/339

Om slektskapen mellom Paul Fredriksson (fødd på Langeland) og Sofie Pedersdotter (fødd på Os). Dei var i slekt i andre og tredje ledd (Paul sin morfar; Absalon Hansson Osnes, og Sofie sin far; Peder Hansson Os/Lemmechen, var brør).

 

Gloppen 26.07.1731 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30933/415

Om slektskapen mellom Anders Markusson Øyestad og Ingeborg Knutsdotter Henden. Dei var tremenningar (Anders sin farfar; Ole Markusson Øyestad, og Ingeborg si farmor; Ingeborg Markusdotter Henden, var sysken).

 

Olden 18.07.1732 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30933/519

Om Halver Jakobsson Beinnes, som hadde reist til Holland og no var død. Tingsvitnet opplyser m.a. om foreldre og sysken.

 

Breim 17.10.1733 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30934/341

Om Nils Larsson Frøyset og Maren Stenersdotter Nes. Nils og Maren sin førre avdøde mann; Jakob Olsson Nes, var i slekt i andre og tredje ledd: Nils si farmor (Gunnhild Jakobsdotter Ulvedal) og Jakob sin far (Ole Jakobsson Nes) var sysken.

 

Eid/Hornindal 01.03.1734 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30934/388

Om Rasmus Rasmusson Nor og Eli Jonsdotter Bjørlo. Rasmus og Eli sin førre avdøde mann; Anders Jensson Bjørlo, var i slekt i andre og tredje ledd: Rasmus si farmor (Maritte Rasmusdotter Lien) og Anders si mor (Ane Rasmusdotter Bjørlo) var systrer.

 

Stryn 08.03.1734 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30934/401

Om Anders Arnesson Tonning, matros på eit skip som gjekk ut frå Amsterdam i 1731. No var han død. Tingsvitnet opplyser m.a. om foreldre.

 

Stad 12.07.1734 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30934/427

Om Jokum Jokumsson frå Raudeberg, som no var død «udj Nordlandene». Tingsvitnet opplyser om ei rekkje arvingar. To år etterpå (Stad 23.07.1736) vart det avlagt nytt tingsvitne: https://media.digitalarkivet.no/view/30935/344  Her er det m.a. nemnt at Jokum døydde i Numedal. Dette tingsvitnet nemner m.a. relativt gamle slektsrøter på Jokum si farsside.

 

Olden 12.11.1734 (tingsvitne om kjønn/kull)

https://media.digitalarkivet.no/view/30934/479

Arne Antonisson Oldeøyra let lyse slegfredsdottera si, Ane Arnesdotter (5 ½ år gammal), som rett barn og arving.

 

Stryn 15.11.1734 (tingsvitne for ekteskap)

https://media.digitalarkivet.no/view/30934/489

Om slektskapen mellom Ole Børgesson Holme og Ane Eriksdotter Ulvedal. Dei var syskenborn (Ole si mor; Kari Andersdotter Holme, og Ane si mor; Agnete Andersdotter Ulvedal, var systrer).

 

Gloppen 03.08.1735 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30934/555

Om Harald Jonsson frå Indre Henden «der tiente ved gvarden till hest udj Kiøbenhavn», som no var død. Tingsvitnet opplyser m.a. om sysken.

 

Stad 27.06.1741 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30936/299

Om Jeremias Alexandersson som døydde i Kongens teneste i København, juni 1740. Tingsvitnet opplyser m.a. om tre fullbrør, to fullsystrer og to halvsysken.

 

Stryn 16.07.1742 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30936/389

Om Anders Rasmusson, fødd på Rygg i Stryn, no død i Bergen. Tingsvitnet opplyser m.a. om 8 sysken (med forgreiningar til m.a. Sunnmøre og Røros).

 

Stryn 09.03.1744 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30936/508

Om Ingeborg Knutsdotter, fødd på Indre Haugen i Markane, gift på Åkre i Jørundfjorden, men no død utan livsarvingar. Tingsvitnet nemner m.a. fire sysken.

 

Stryn 09.03.1744 (tingsvitne om kjønn/kull)

https://media.digitalarkivet.no/view/30936/508

Jetmund Larsson Maurset/Faleide let lyse slegfredssonen sin, Rasmus Jetmundsson, som rett barn og arving.

 

Stryn 13.07.1744 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30936/531

Om Ane Jonsdotter, fødd på Dybevoll i Markane, seinare tenestejente i Romsdalen. No var ho død utan livsarvingar. Tingsvitnet opplyser m.a. om fire sysken i Nordfjord og på Sunnmøre.

 

Stad 05.06.1754 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30938/380

Om Margrete Jeremiasdotter, fødd i Håvik, død i Bergen. Tingsvitnet opplyser m.a. om fleire arvingar i Ytre Nordfjord.

 

Olden 14.06.1754 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30938/387

Om Kari Eriksdotter Loen. Tingsvitnet opplyser om arvingane hennar i Bødalen.

 

Stryn 17.06.1754 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30938/393

Om Peder Nilsson Tonning som drukna på sunnmørsfiske i 1753. Tingsvitnet opplyser m.a. om arvingar i Nordfjord og i Bergen.

 

Davik 29.05.1755 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30938/442

Om enka Lisbet Abrahamsdotter Søre Oppedal, som døydde i Bergen hausten 1754. Tingsvitnet opplyser om arvingar i Ytre Nordfjord.

 

Olden 06.06.1755 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30938/446

Om Hans Samuelsson Loen, som hadde sigla ut frå Bergen nokre år tidlegare, men no skulle vere bortkomen. Tingsvitnet opplyser om arvingar i Indre Nordfjord.

 

Stad 20.10.1758 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30939/407

Om Knut Olsson Kråkenes, som no var død «i Westindien». Tingsvitnet opplyser om arvingar i Ytre Nordfjord.

 

Gloppen 06.11.1758 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30939/422

Om Ane Olsdotter, død som enke i Bergen. Tingsvitnet opplyser om arvingar i Gloppen/Hyen.

 

  • Like 10
Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Steinar Furnes skrev:

Eid/Hornindal 05.11.1726 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30931/362

Om Ane Steffensdotter, fødd på Hundeide i Eid.  Ho var gift i Bergen med Bendix (med herkomst frå Sunnfjord). Dei reiste til Grønland, der Ane døydde utan born. Tingsvitnet opplyser om full- og halvsysken.

 

https://leksikon.fylkesarkivet.no/article/d38c0040-958c-4c1d-97f0-2a5b74369bcf/

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

På 30.1.2024 den 21.21, Steinar Furnes skrev:

Stad 27.06.1741 (tingsvitne om herkomst/arvingar)

https://media.digitalarkivet.no/view/30936/299

Om Jeremias Alexandersson som døydde i Kongens teneste i København, juni 1740. Tingsvitnet opplyser m.a. om tre fullbrør, to fullsystrer og to halvsysken.

 

Her er innførselen i Holmens kirke, København; gravlagt 27. juni 1740.

 

https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?bsid=151589#151589,25195516

Jeremias.png

Edited by Grete Singstad
  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Kjempebra, Steinar! Her er fleire ukjende forbindelsar for meg.

  • Like 3
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.