Jump to content
Arkivverket

Noe er helt galt i søk etter døpte i Sigdal 1815


Recommended Posts

Posted (edited)

Eg antar at kyrkjeboka 1812-1815 berre er transkribert til og med 1814 som ein del av dugnaden med å transkribere kyrkjebøkene 1801-1815. Deretter er neste kyrkjebok transkribert av AMF. Dermed manglar det meste av 1815.

 

Det var vel snakk om at transkripsjonar som er ein del av 1814-dugnaden skulle "skøytast" saman med AMF-transkripsjonar, men dette har så langt ikkje skjedd.

 

Kyrkjeboka frå 1815-1829 ser ut til å vere soknedelt, og ein har lagt ut kyrkjeboka som to separate kyrkjebøker. Dermed vil enkelte skanna oppslag som inneheld opplysningar frå begge sokn tilsynelatande førekomme i to kyrkjebøker, men det er altså snakk om ei og same fysiske kyrkjebok.

 

Klokkarbøker finst det vel neppe for perioden. Det kan enkelte stader finnast kyrkjebokduplikat både frå 1700- og tidleg 1800-tal, men krav om at det skulle førast klokkarbøker kom nok fyrst seinare.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

Det ser ut som du har rett Ellen!  Av en eller annen grunn er transkripsjonen av døpte i MINI 1812-1815 avsluttet på s. 48, mens protokollen fortsetter til s. 52. Her mangler det jo en del døpte. 

Ellers ser det ut som klokkerbøkene for Sigdal begynner i 1816.

 

(Jeg har dessverre ikke tid til å bidra til å rette opp dette nå, men jeg noterer meg mangelen. Jeg har gjort en del korrektur av AMF-materiale for Krødsherad sogn i Sigdal.)

 

mvh

Steinar   

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Vel, har jeg rotet meg inn i "AMF-land", stiller saken seg annerledes.  Jeg hadde overbevist meg selv om at det måtte være en feil i søkeindeksen.

 

Hilsen Ellen

Link to comment
Share on other sites

Som eg prøvde å forklare er problemet at dugnadsprosjektet berre transkriberte den delen av kyrkjebøkene som gjaldt 1801-1814. Dermed fall resten av dei kyrkjebøkene som dugnadsprosjektet byrja på mellom to stolar.

 

Om nokon ynskjer å fullføre slike kyrkjebøker er det nok mogeleg å kontakte Digitalarkivet og få databasen tilsendt, men då må ein vere snar. For AMF har så vidt eg veit transkribert desse kyrkjebøkene på eiga hand, og planen er som nemnt å skøyte dugnadsdatabasane med deler av tilsvarande AMF-databasar, og leggje resultatet ut i Digitalarkivet.

Link to comment
Share on other sites

Her er forresten det som står i kjeldeinformasjonen:

 

 
Periode (liste):
1812-1815
Transkriberingsgrunnlag:
Papirkopi
Bidragsyter:
Rettighetshaver (eier):
Arkivverket
Transkribert av:
Tond Sætre
Transkribert når:
Juli 2016
Korrekturlest av:
Tond Sætre
Korrekturlest når:
August 2016
Først publisert:
2016-09-16
Sist publisert:
2016-09-16
Filnavn:
MINI_Sigdal__I4_1801-1814_dp.xml
Fildato:
2016-09-16
TranskID:
15159

 

https://www.digitalarkivet.no/source/8504

Link to comment
Share on other sites

Takk for oppklaring, Torbjørn!

 

Lurer på

- om det er mange slike tilfeller av "to stoler".

- om det finnes noen oversikt hos Arkivverket.

 

Hvis det er store mangler på landsbasis, så er (vel) det også noe som påvirker Historisk befolkningsregister.  Som er det jeg holder på med for tida.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Posted (edited)

Ja, dette gjeld (slik eg har forstått det) svært mange av kyrkjebok-databasane som kjem innom perioden 1801-1814.

 

Her er eit eksempel på kva som kjem fram når eg leitar etter søkbare kyrkjebøker for Sogn og Fjordane 1814-1815 (legg merke til årstala for skanna/søkbar):

https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=&from=1814&to=1815&format=tab_ftr&archive_key=&sc[]=kb&c[]=14

 

Noko spesifikk oversikt finst nok ikkje.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

Dere har nok rett i at noe har falt mellom to stoler i dette tilfellet, og det er nok Arkivverket (ikke AMF) som må bære ansvaret for det. Slik det allerede er påpekt, var det i oppkjøringa til 1814-jubileet i 2014 et transkriberingsprosjekt med mål om å transkribere alle kirkebøker for perioden 1801-1814. Den senere samarbeidsavtalen med AMF gikk ut på at sistnevnte skulle transkribere kirkebøker f.o.m. 1815.

 

I de færreste tilfeller slutter ei kirkebok 31. desember 1814 og ei ny starter 1. januar 1815. Måten transkriberingsprosektet 1801-1814 ble innrettet på medførte dermed en mengde "deltranskriberte" kirkebøker, og dermed potensielt mange "diffuse" grenseganger.

Når det gjelder Sigdals ministerialbok 1812-1815 (arkivreferanse AV/SAKO-A-245/F/Fa/L0004) ser jeg at transkriberingsprosektet 1801-1814 har tatt med barn født i 1814, men døpt i 1815. Dermed har transkripsjonen fått navnet "Fødte og døpte 1812-1815", jf. kildeinformasjonen: https://www.digitalarkivet.no/source/8504

 

I forbindelse med samarbeidet med AMF har transkripsjonens navn antakelig ledet til en antakelse om at de døpte i Sigdals ministerialbok 1812-1815 allerede var transkriberte i sin helhet, og dermed falt resten av 1815 mellom to stoler og ble utelatt fra det som AMF fikk på sitt bord.

 

Arkivverket må komme tilbake til dette etter sommerferien.

  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

4 timer siden, Arkivverket - Kristian Hunskaar skrev:

Arkivverket må komme tilbake til dette etter sommerferien.

 

Då håpar eg at Arkivverket i same slengen også kan svare på kor tid ein forventar at alle dei andre deltranskriberte kyrkjebøkene vil bli lagt ut som komplette databasar.

Link to comment
Share on other sites

Posted (edited)

Ytre Holmedal/Fjaler prestegjeld har ei kyrkjebok som går frå 1814-1821. I Digitalarkivet er denne berre søkbar for 1814. Familysearch har kalla sin database for Norway church books 1815-1930. Når eg sjekkar den ser eg faktisk ikkje ein einaste dåp frå Fjaler i 1815:

https://www.familysearch.org/search/record/results?f.collectionId=4237104&q.birthLikeDate.from=1815&q.birthLikeDate.to=1815&q.birthLikePlace=Fjaler%2C Sogn og Fjordane%2C Norway

 

Dette tyder faktisk på at desse kyrkjebøkene ikkje er transkriberte av AMF i det heile. I så fall er den informasjonen som eg har fått med meg tidlegare feil, og det trengst i staden ein ny dugnad for å fullføre dei transkripsjonane som 1814-prosjektet byrja på.

 

Så prøver eg Sigdal, men det kjem stort sett berre opp feilregistreringar der også.

https://www.familysearch.org/search/record/results?count=20&q.birthLikeDate.from=1815&q.birthLikeDate.to=1815&q.birthLikePlace=Sigdal%2C Buskerud%2C Norway&f.collectionId=4237104

 

Summen av feilregistreringar og eit håplaust søkjesystem hos Familysearch gjer det vanskeleg å få oversikt over noko som helst.

 

Nytt forsøk. Prøver å søkje på nr. 34. Stener.

Buskerud fylke, Sigdal, Eggedal, Krødsherad i Sigdal, Ministerialbok nr. I 4 (1812-1815), Fødte og døpte 1815, Side 49
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070312640123
 

Han finst i databasen til Familysearch, og kjem opp som fyrste treff:

https://www.familysearch.org/search/record/results?count=20&q.birthLikeDate.from=1815&q.birthLikeDate.to=1815&q.birthLikePlace=Sigdal%2C Buskerud%2C Norway&q.givenName=Stener&c.collectionId=on&f.collectionId=4237104

 

Då må AMF ha innførslene frå 1815 i denne kyrkjeboka med i databasen.

 

Så går eg tilbake til Fjaler. Kyrkjeboka det er snakk om er ei kronologisk liste.

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Holmedal, Guddal i Fjaler (Ytre Holmedal), Ministerialbok nr. A 4 (1814-1821), Kronologisk liste 1815, Side 6
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070507640475
 

Prøver å søkje på Abraham på høgre side. Familysearch finn han ikkje.

https://www.familysearch.org/search/record/results?count=20&q.birthLikeDate.from=1815&q.birthLikeDate.to=1815&q.birthLikePlace=Fjaler%2C Sogn og Fjordane%2C Norway&q.givenName=Abraham&c.collectionId=on&f.collectionId=4237104

 

Søkjer på Petrine. Nei.

https://www.familysearch.org/search/record/results?count=20&q.birthLikeDate.from=1815&q.birthLikeDate.to=1815&q.birthLikePlace=Fjaler%2C Sogn og Fjordane%2C Norway&q.givenName=Petrine&c.collectionId=on&f.collectionId=4237104

 

Prøver ein annan variant. Nei.

https://www.familysearch.org/search/record/results?count=20&q.birthLikePlace=Fjaler%2C Sogn og Fjordane%2C Norway&q.fatherGivenName=Torgjer&q.givenName=Petrine&c.collectionId=on&f.collectionId=4237104

 

Blar om og prøver enno eit søk. Nei.

https://www.familysearch.org/search/record/results?count=20&q.birthLikePlace=Fjaler%2C Sogn og Fjordane%2C Norway&q.fatherGivenName=Ellev&q.givenName=Marta&c.collectionId=on&f.collectionId=4237104

 

Fjaler 1814-1821 ser altså ikkje ut til å vere transkribert av AMF. Er det nokon som veit om AMF i det heile har prøvd seg på kronologiske lister?

 

Det ser uansett ut som at det er behov for at Arkivverket lagar ei liste over status på 1814-kyrkjebøkene, kva AMF har gjort og kva som må transkriberast frå grunnen av.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Nytt forsøk med ny kyrkjebok.

Sogn og Fjordane fylke, Førde, Vevring, Holsen, Naustdal, Haukedalen i Førde, Ministerialbok nr. A 5 (1803-1821), Fødte og døpte 1815, Side 31
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227250308
 

Denne kyrkjeboka inneheld separate lister for døypte osv. Etter ein del om og men får eg treff på Peder øverst på venstre side, treff nr. 2 i oversikta:

https://www.familysearch.org/search/record/results?count=20&q.birthLikeDate.from=1815&q.birthLikeDate.to=1815&q.birthLikePlace=Førde%2C Sogn og Fjordane%2C Norway&q.fatherGivenName=Anders&q.givenName=Peder&c.collectionId=on&f.collectionId=4237104

 

Dette viser at AMF har transkribert (deler av) denne kyrkjeboka.

Link to comment
Share on other sites

Posted (edited)
Link to comment
Share on other sites

23 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Eg tippar at status er at AMF har transkribert 1814-kyrkjebøkene frå 1815 og utover, men at kronologiske lister er utelatt.

 

Det tror jeg du kan ha rett i. Det var Arkivverket som "plukket ut" hva AMF skulle transkribere, og jeg mener å huske at indekseringsdataene til de skanna kirkebøkene ble lagt til grunn for maskinell utplukking. Jeg ser ikke bort fra at muligheten for kronologisk førte lister etter 1814 da ble oversett.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

I tilfelle noen skriver en liste:

 

For Ål ser det ut til at kirkebøkene ikke var med i prosjektet for 1801-1814.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

På 5.7.2024 den 10.37, Ellen Fakset skrev:

I tilfelle noen skriver en liste:

 

For Ål ser det ut til at kirkebøkene ikke var med i prosjektet for 1801-1814.

 

Selv om 1814-prosjektet hadde som målsetting å transkribere alle kirkebøker (avgrenset til døpte, gifte og gravlagte) 1801-1814, var det nok enkelte kirkebøker som pga. manglende kapasitet og ressurser ikke ble transkribert. Dette bør imidlertid Arkivverket ha grei kontroll på, fordi det fra Digitalarkivets metadatabase må gå an å liste ut kirkebøker fra tidsrommet 1801-1814 (eventuelt andre tidsrom) uten tilknytta transkripsjoner.

 

Det som kan være mer komplisert, er å finne enkel oversikt over kirkebøker fra tidsrommet 1801-1814 (eventuelt andre tidsrom) som har tilknytta transkripsjoner, som ikke er komplette. Det er dette som er tilfellet med Sigdal, og som vi så her, kan det være nødvendig med "nærsynte undersøkelser" for å avdekke mangler.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Jeg forstår.  Framover noterer jeg bare om jeg skulle snuble over mangler som skyldes ufullstendig transkribering.

 

Og så håper jeg at Arkivverket organiserer en dugnad for å få transkribert det som mangler. 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Hei igjen,

 

Holum (bl.a. fødte og døpte) er i følge beskrivelsen transkribert for hele perioden 1780-1821.

 

Det ser ikke ut til å stemme.  Hvis jeg har skjønt problemstillingen korrekt, er "bare" 1801-1814 transkribert, mens beskrivelsen viser noe annet.

 

 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

På 8.7.2024 den 10.41, Ellen Fakset skrev:

Hei igjen,

 

Holum (bl.a. fødte og døpte) er i følge beskrivelsen transkribert for hele perioden 1780-1821.

 

Det ser ikke ut til å stemme.  Hvis jeg har skjønt problemstillingen korrekt, er "bare" 1801-1814 transkribert, mens beskrivelsen viser noe annet.

 

 

Skal korrigere dette

  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Det ble spurt Er det nokon som veit om AMF i det heile har prøvd seg på kronologiske lister?

AMF transkriberte ikke fra kronologiske lister;  der altså hendelsene kommer "hulter til bulter" 

Utgangspunktet deres var de kirkebøkene som har listeinndeling etter 1814. 

  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

På 5.7.2024 den 10.37, Ellen Fakset skrev:

I tilfelle noen skriver en liste:

 

For Ål ser det ut til at kirkebøkene ikke var med i prosjektet for 1801-1814.

Ål kirkebøkene var med i prosjektet, men det kan se ut som at de aldri ble levert inn ferdig. Siste status jeg har var at filene var hos Remi Pedersen til korrektur. 

 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.