Gå til innhold
Arkivverket

Ole Endre(sson) Bøe frå Valdres, f. ca. på 1760-talet


Kåre A Belsheim
 Del

Recommended Posts

I folketeljing 1801 for Bergen by finn vi ein mann registrert som bødker Ole Endresen 36 år, gift med Anne Marie Hendrichsdatter, sjå https://www.digitalarkivet.no/ft20090807610753  

Ole og Anne Marie hadde då tre born. Ved søk på Ole Endresen i Bergen kjem det opp eit nytt treff i "Undersøkelseskommisjonens rulle over sjømannskap i Bergen 1804-1805". Der er Ole registrert som Ole Endresen Bøe (f. Wallers).

Ole og familien flytte til Bodin (Hundholmen, som seinare vart Bodø by) ein gong mellom 1808 og 1810. Her livnærte Ole seg som bødker. I "Gårds- og slektshistorie for Kirkegrenda" (Kirkegrenda i Bodin) står det at Ole vart kalla Ola Vallers etter distriktet han kom frå. Det står også at kona var frå Hallingdal.
I  militærmanntalet 1810 er han registrert som Ole Wallers. I militærmanntalet 1815, 1816 og 1817 og i folketeljing 1825 står det Ole Endre Bøe.

Ole vart gravlagt i 1826. Då vart han registrert i kyrkjeboka som Ole Endressen Bøe.

I skifteprotokollen for Salten sorenskriveri står det Ole Endre Bøe.

 

Eg går ut frå at "Vallers" betyr Valdres, altså at Ole stamma derifrå, sannsynlegvis frå ein gard som heitte Bø. Det er mange Bø-gardar i Valdres. Eg har leita i kyrkjebøker og bygdebøker for Vang, Slidre og Nord-Aurdal etter ein Ole Endresson, fødd ca 1760-1765, men finn ikkje noko sikkert svar på kven Ole kan vera.

 

Er det nokon som veit?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tja. Det er Valdersnes på  Radøy, og Bø ligger ikke så langt der fra. KB Lindås Lygra eller KB for Bø.

Ottar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Vallers" er og har vore ein utbreidd uttale av ordet Valdres, særleg blant innfødde i sørre del av Valdres og på flatbygdene som t.d. Toten. Difor tenkjer eg at Vallers og Walders er det same som Valdres.

Slik har nok også bygdebokforfattar Terje Gudbrandson tenkt. Han skriv s. 353 i "Gårds- og slektshistorie for Kirkegrenda" (1989) i Bodin om "valdrisen Ole Endresson Bøe".

Endret av Kåre A Belsheim
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
6 timer siden, Kåre A Belsheim skrev:

Kan nokon tyde kva ord det er som står bak "Ole Endresen" ?

 

Det står på flere – Dagl eller Dagløn: Tror det er forkortelse for Daglønner. Altså à la ‹løsarbeider› .

 

Mvh

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg prøver å spore Ole Endresen lenger bakover, og finn ein kar med dette namnet som konfirmant i Korskirken menighet i Bergen i 1786.

Der er han innført som "Dræng" nr 7 på venstre side her:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070321630325

Så langt eg forstår, er det om kvar konfirmant opplyst om namn og alder.

Deretter muligens om fødestad eller dåpsstad? (for mange ser det ut som det står X.k., som kanskje står for Korskirken?)

Og til sist ein opplysning om Hos(?) og så eit namn?  Kva fortel dette?

Kva er det som står om Ole Endresen?

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

41 minutter siden, Kåre A Belsheim skrev:

Kva er det som står om Ole Endresen?

 "Sogndal  hos Davi Hetman"  

Det første er vel kvar han er døypt; det andre kven han bur/tener med (det er nokre, t.d. nr. 2, 4 og 5,  som er "hos Forældre")

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 21.11.2024 den 9.58, Ivar S. Ertesvåg skrev:

 "Sogndal  hos Davi Hetman"  

Det første er vel kvar han er døypt; det andre kven han bur/tener med (det er nokre, t.d. nr. 2, 4 og 5,  som er "hos Forældre")

 

God kandidat denne karen ref din lenke til hans konfirmasjon.
David Heitmann var bødkermester i Bergen, og Ola Endresson Bøe ( Ola Vallers) var bødkermester ref BB Bodin og Hundholmen.

David Heitmand, mesterkypper, junior - død 1799 - begravet fra NK (Nykirken).

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Burde vel først og fremst takke deg, Belsheim. for at du tar tak i hans bakgrunn. Mange etterkommere i Nordland.

Vi er så heldige å ha Terje Gudbrandson som forfatter i alle Bodin BB - en gullgruve fra jeg først kjøpte første bindene primo 2000.

 

Her i BB, som du henviser til, er ikke barna nevnt med fødselsår og sted.
Kikket litt på KB og dere dåp spes ref faddere, men finner ingen ledetråd...

 

Lenker i neste innlegg - litt opptatt i kveld så kjappe lenker.

 

image.png.cb1c257cd41217ff74086240ee3d84fb.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gurine Martine 1791:

 

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1820), Fødte og døpte 1791, Side 8
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070321610453
 

Henrdriche Bergitte  1808:

 

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1820), Fødte og døpte 1808, Side 124
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070321610569


Finner ikke lysning i DK for paret. Forlovere kan gi et hint....

 

Slekt? Endre Endresen Bøe i FT 1801 Bergen:

Bergen fylke, Bergen, Statlig folketelling nr. 43 (1801-1801), Protokollside, Side 130b-131a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft20090807610676


Lysning:

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Forlovererklæringer nr. II.5.1 (1767-1792), Lysninger 1792, Side 186
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060621100189

 

Flere hint i Bergen, men kommer tilbake - spennende "hard nøtt"!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.