Jump to content
Arkivverket

Habilitet i skifteoppgjer - kan bror av avdøde oppnemnast som ein av dei "tvende uvillige dannemænd"?


Aase R Sæther - Gloppen

Recommended Posts

Bruk av DNA i slektsgransking kan rett som det er utfordre vedtekne sanningar. Eg har no ei sak der tre personar som både i min eigen base og på geni.com har ein felles forfar tidleg på 1600-talet - men som kjem ut med ulike Ydna-grupper. To av dei matchar kvarandre og den tredje matchar testarar frå ein heilt annan familie.

 

I dei fleste tilfella der eg har funne noko slikt, har eg etter litt analysering kome fram til at det er anetavla som er feil - som at det same namnet fanst på to bruk på same garden samtidig, og at ein har valt feil Ole Olsen.

 

I saka eg ser på no, er det ikkje ei jamn brukar-rekkje vi har føre oss, men ein person som er funnen i 1666-manntalet på heimegarden, og nokre år seinare dukkar opp som brukar og familiefar på ein annan gard i same prestegjeldet.

 

Når eg ikkje har funne andre feil i rekkja, er det nærliggande å føreslå at denne overgangen ikkje er rett - at denne siste er ein annan mann med same namn, sjølv om namnet ikkje er av dei vanlegaste. Eg har derfor leita fram skiftet etter han og ser at ein av dei tvende uvillige har eit namn som eg ikkje har funne på andre enn BROR til avdøde.

 

Eg tenkjer då umiddelbart at dette betyr at eg må leite etter eit anna opphav for min Anders - eller KAN ein bror brukast til dette embetet? 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Jeg skulle gjerne ha kunnet svare på det du spør om, men alt jeg kan si er at jeg ikke kan huske å ha vært borti noe lignende tidligere.

Men jeg blir jo nysgjerrig på hvem disse folkene er?.

Link to comment
Share on other sites

Det høres veldig rart ut. En bror kan da ikke være habil.

 

Jeg har ikke sett at en bror har blitt oppnevnt som en av vurderingsmennene i et skifte på Nordmøre. Og jeg har gått gjennom alle på 1600-tallet og de første tiårene på 1700-tallet. 

Men en som var enkas lagverge, eller til stede på vegne av de umyndige, kunne også være en av de to vurderingsmennene. Naboer ble ofte oppnevnt som en av de to vurderingsmennene  på 1600-tallet. Men jeg har ikke sett at en bror, eller svoger, har vært en av de to.

  • Like 3
Link to comment
Share on other sites

Det var eit sterkt vitnemål - og eg trur ikkje tilhøva i Nordfjord er annleis enn på Nordmøre. 

  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Dersom eit skifte i Gloppen har 3 brør frå Kirkhorn i Hornindal som formyndarar for borna, så kan vel kanskje det peike i ei anna retning enn det oppgjevne?

Link to comment
Share on other sites

Spørsmålet var i utgangspunktet prinsipielt, men når eg no vil seie eg har fått eit godt svar på det, kan vi sjå på sjølve skiftet. 

 

http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24218/61

 

Rasmus Kirkhorn er formyndar for den umyndige dottera Brite, medan brørne Anders og Abraham har Ivar Sætre og Peder Sunde som tilsynsmenn.

 

Ein etterkomar etter Anders Abrahamson Holvik har Y-dna treff med etterkomarar etter denne mannen - 

 

https://www.geni.com/people/Daniel-Hunskår/6000000023402675914

 

og etterkomarar etter Jakob Abrahamson Henden som til no har vore rekna som bror av Anders, har ei heilt anna haplogruppe.

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Inge Nygård skrev:

Dersom eit skifte i Gloppen har 3 brør frå Kirkhorn i Hornindal som formyndarar for borna, så kan vel kanskje det peike i ei anna retning enn det oppgjevne?

Som du heilt rett påpeikar:  Dei tre oppnemnde er brør, søner av Knut Pederson Kirkhorn. 

 

https://www.geni.com/people/Knut-Kirkhorn/5045534559740040731

 

Når eg krokar meg rundt på Geni kjem eg fram på denne Abraham'en som muleg bror av Knut Kirkhorn - https://www.geni.com/people/Abraham-Indre-Haugen/6000000007562012225

 

Kan han ha hatt ein son Anders som kom til Holvik?

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
Link to comment
Share on other sites

Dette var et litt artig sammentreff. 

Jeg var akkurat ferdig med farsslekten til et søskenbarn av meg. Våre mødre var søstre, så det er ikke min direkte slekt.

Men slekten går tilbake til Kikhorn via Rasmus Knutson's datter, Ingeborg Rasmusdtr. Kikhorn/Frislid.

  • Like 3
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.