Anne Marie Bøtun Øyri Posted February 8 Share Posted February 8 Endre Tolleivson Bøtun i Fresvik i Sogn vart fødd truleg tidleg på 1720-talet i Fresvik og var bygslar i Bøtun. Han blei sinnsjuk I 1784 har futen teke opp om det offentlege kan ta kostnaden med tilsyn og stell av Endre. Det heiter no at «Han i mange Aar har været berøvet Forstandens Brug og dels formedelst i lang Tid maatet bevares i Jern». Sonen Sjur Endresen hadde til denne tid hatt tilsyn med han men klarte ikkje hanskast med han leger. Eg finn ikkje dødsfallet i kyrkjebøkene for Leikanger, men han kan ha blitt sendt vekk. Me veit heller ikkje når han døydde. Er det mogeleg å finna ut noko meir om kva som skjedde med Endre? Anne Marie B Øyri Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/370656-endre-tolleivson-b%C3%B8tun/ Share on other sites More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Posted February 8 Share Posted February 8 kanskje Dollhuset/Dårekista i Bergen? https://www.bergenbyarkiv.no/oppslagsverket/2008/06/13/dollhuset/ i så fall gjerne gravlagd i kyrkja nærast rådhuset. Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/370656-endre-tolleivson-b%C3%B8tun/#findComment-2759547 Share on other sites More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Posted February 9 Author Share Posted February 9 Viss han vart gravlagd der, kva kyrkje vart han i tilfelle gravlagd i? Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/370656-endre-tolleivson-b%C3%B8tun/#findComment-2759580 Share on other sites More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Posted February 9 Share Posted February 9 1 time siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev: Viss han vart gravlagd der, kva kyrkje vart han i tilfelle gravlagd i? Det er eit spørsmål for lokalkjende ... Det gamle rådhuset ligg vel i Vågen https://no.wikipedia.org/wiki/Det_gamle_rådhuset Dei næraste kyrkjene er Domkyrkja og Korskyrkja; om lag same avstand - 3-4 kvartal - til begge. Kyrkjegardar på slutten av 1700-talet må andre svare på - eller du må leite litt sjølv. Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/370656-endre-tolleivson-b%C3%B8tun/#findComment-2759592 Share on other sites More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Posted February 9 Author Share Posted February 9 Eg lurte på om det kunne vera domkyrkja, så eg har leita i kyrkjebøkene der utan å finna noko. Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/370656-endre-tolleivson-b%C3%B8tun/#findComment-2759595 Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now