Jump to content
Nasjonalarkivet

Marion, - kven er ho?


Recommended Posts

Underteikna får eit DNA-treff med Marion Ramsay, ho bur i USA og er truleg fødd rundt 1937. DNA-treffet er slik at eg kunne ha interesse av å komma i kontakt med Marion. Dette har inntil no ikkje lukkast. Diverse søk på nettet kan tyda på at ho eigentleg heiter Marion Janet og er gift med ein Harold Gordon Ramsay. Dei bur i Minnesota. DNA-treffa til Marion er slik at eg har danna meg ein teori om opphavet hennar.

 

I notatane til Randi Bjørkvik finn eg at Niels Henriksen Røysum, 32 år frå Gran, i 1847 blei gift med Randi Hansdatter, 30 år gml. Ved folketellinga i 1865 er Niels død, og enkja, som no vert kalla Ragnhild, etterlet seg 6 søner, fødde i tidsrommet 1847-1859.

I Ulvik i Hardanger finn me ekteparet Tormod Olsen og Kari Nilsdotter, begge truleg fødde rundt 1835. Dei får etter kvart 11 barn, fødde i tidsrommet 1858-1880. Av desse barna er det 5 jenter. Brita vert buande i Ulvik etter det eg kan sjå. Men så er det Gjertrud (-58), Durdei (-60), Marita (-71), Anna (-75) og Kari (-77).

 

Teorien min går no altså ut på at ein av sønene til Niels og Randi (Ragnhild) frå Gran har emigrert og i USA blitt kjend med ei av døtrene til Tormod og Kari frå Ulvik. Saman har desse fått barn. Eitt av desse barna har då gifta seg med ein emigrant som er i slekt med Ole Olsen Kittelsrud, fødd 1824 i Gran. Dette ekteparet trur eg er foreldra til Marion Ramsay. (Ole Olsen har eg funne ut må vera min tippoldefar).

 

Finst det opplysningar om at ein av sønene til Niels Henriksen frå Gran har emigrert til Minnesota og der blitt kjend med ei jente frå Ulvik??

 

Edited by Reidar O. Meling
Link to comment
https://forum.arkivverket.no/topic/372563-marion-kven-er-ho/
Share on other sites

Jeg tenkte det kanskje kunne stå noe om barna da Ragnhild døde (september 1903 i Brandbu), men det gjør det ikke:

https://media.digitalarkivet.no/view/34401/81

 

I 1900 bodde hun sammen med sønnen Hans. Han er det nok ikke:
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037096003157

 

Hans, Fredrik og Erik bor sammen med moren i 1875:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052101002353

 

Edited by Lars Kittilsen

Ja hei, Lars

 

Eg finn at fleire av "kandidatane" frå Ulvik emigrerer frå 1880 og utover. Gjertrud emigrerer i 1883. Eg finn ei Anne Tormodsdatter Varberg, f. 1875, som emigrerer i 1892. Kari Tormodsdatter Varberg, f. 1877, emigrerer i 1903. Men dersom Kari giftar seg etter 1903 i USA, så er ho vel for ung til å vera bestemor til Marion. Men Gjertrud og Anne (Anna) er definitivt gamle nok. 

Edited by Reidar O. Meling

Etter det eg les frå notatene til Randi Bjørkvik, så emigrerer Hendrik Nielsen (f. 1852, son til Niels Henriksen) til USA i 1876. I prinsippet kan det vel tenkjast at han giftar seg i USA og får barn på 1880- og 90-talet, barn som kan vera forelder til vår Marion?

Nils og Ragnhild er nemnde på Geni:

https://www.geni.com/people/Nils-Henriksen-Røysum/6000000012497819854

 

Sonen, Henrik Nilsson manglar (så langt).

 

Tormod Olsson Varberg og Kari Nilsdtr. finn eg her:

https://www.geni.com/people/Tormod-Varberg/6000000026264916911

 

Det ser diverre ut til at dødsfallprotokollane for området ikkje startar før 1906.

https://media.digitalarkivet.no/sk/browse?archive_key=&municipalities[]=1232&start_year=1902&end_year=&text=

Edited by Torbjørn Igelkjøn

Kari Nilsdtr. Varberg var blant dei omkomne då amerikabåten D/S Norge grunnstøytte utanfor Skottland i 1904.

 

Tormod Olsson døydde i 1902:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000005249117

Edited by Torbjørn Igelkjøn

Legger inn en obit fra Familysearch der både Marion og Harold Ramsay er oppført. Ifølge denne skal Marion være datter til Tillie O. Varberg Russum (1896 - 1990)

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QV5W-5WKJ?lang=no

 

Navn Tillie O Varberg Russum
Kjønn Female
Alder 93
Fødselsdato 09 Apr 1896
Fødested Fosston, , Minnesota
Dødsdato 07 Apr 1990
Dødssted Brooklyn Center, , Minnesota
Relasjon til husstandens overhode Head
Type hendelse Obituary
Hendelsesdato 09 Apr 1990
Sted for hendelse North Dakota, United States
Sted for hendelse (Original) North Dakota, United States
Tilknyttet navn NewsBank, Inc.
 

Tillie O Varberg Russums foreldre og søsken

Åpne alle
Nels Varberg
Far
M    
Signe Varberg
Mor
F    
Estelle O'Neil
Søster
F    
 

Tillie O Varberg Russums ektefeller og barn

Åpne alle
Mrs Edith Myhre
Datter
F    
Elvin Russum
Mann / ektemann
M    
Mrs Marian Ramsay
Datter
F    
Mrs Annabelle Gregory
Datter
F    
 

Tillie O Varberg Russums utvidede familie

Åpne alle
Frank Gregory
Svigersønn
M    
Arnold Myhre
Svigersønn
M    
Harold Ramsay
Svigersønn
M    
  • Like 1

Nils Tormodsen Varberg og Siri Tjøstolfsdatter Hovland gift i Evje 12. juni 1891 https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002861408

Emigrantliste fra Kristiansand juni 1892, Nils og Sigrid med to barn (1595 - 1598) https://media.digitalarkivet.no/view/43605/148

image.thumb.png.9bdfa397a304a98c58e5b4fd74ef5a9e.png

Relevante graver:
Elvin Gilbert Russum (1888–1965) – Find a Grave

Anne Olsdatter Russum (født 12. feb. 1850).

Anne Olsdatter Russum (1850–1920) – Find a Grave
Det skulle da være henne:
https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004499592

 

Edited by Lars Kittilsen

Hallo alle! Takkar så mykje for alt de har funne. Denne Marion Ramsay har vore eit mysterium for meg i fleire år. Så har eg hatt eit anna mysterium med å finna ut kven som var far til mi oldemor Oline på Jevnaker. Det står jo eit namn på ein barnefar i kyrkjeboka for Jevnaker i 1848. Diverse DNA-treff gjorde at eg etter kvart byrja tvila på opplysninga i kyrkjeboka. Eit av DNA-treffa var med to tvillingbrør Haukness i USA. Nettet snørte seg etter kvart saman rundt den personen som idag framstår som sikker barnefar, Ole Olsen frå Kittelsrud i Gran, fødd i 1824. Me veit at vinteren 1848 var "beinkald", isen låg sjølsagt tjukk på Randsfjorden, og om mi tippoldemor Dorthe Thomasdtr. har overnatta på Kittelsrud, eller om Ole har overnatta på Rolvsbråten på andre sida av Randsfjorden, kan ein berre spekulera over. Så var det dette med Marion Ramsay. Eg får eit solid treff med henne, og dette kunne eg ikkje forstå. Men eg kunne sjå at Marion og får klare treff med Haukness-brørne, - like mystisk. Men no er fasiten her. Etter tildragelsen vinteren 1848 gifta Ole Olsen seg i 1849 med Kjersti Nilsdtr., ho og frå Gran. Første barnet deira var Anne, fødd i februar 1850. Anne er halvsøster til mi oldemor Oline, og bestemor til Marion Ramsay. Treffet eg og alle mine slektningar frå Jevnaker får med Marion stadfester difor nok ein gong at Ole Olsen frå Kittelsrud i Gran er vår tippoldefar.

Edited by Reidar O. Meling
  • Like 3
  • 2 weeks later...

Vyrde kollega;

Dette var interessant.

Marion Ramsøy er på mi liste over personar eg ynskjer å finne korleis ho er i slekt med meg.

Ho er lista som femmenning på onkelen min si treffliste, med to store DNA treff. Desse stammar truleg frå Hadeland/Toten området. Det er fleire gode treff som triangulerer.

Så, mykje godt arbeid på «Labben» frametter…

 

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.