Gå til innhold
Arkivverket

[Naustdal] Peder Elias Slettehaug og Anne Sofie Nilsdtr.


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Eg etterlyser opplysningar om Peder Elias Andreassen Slettehaug og kona Anne Sofie Nilsdtr.

Peder var f. på Fitje i Naustdal (Førde) 29.04.1881 Foreldrer: Andreas Madsen Fitje og Judithe Arnedtr.

Anne Sofie var f. på Fauske i Førde 05.04.1884 Far: Nils Akselsen Fauske og Marie Bendiksdtr.

 

Dei gifte seg i Naustdal 26.10.1911 par nr. 9 Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6842&idx_id=6842&uid=ny&idx_side=-74

 

Nokon som veit kvar dei busette seg og når dei døde ?

(Finn ingen av dei i gravminner )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Harald.

 

Familien til Anne Sofie er registrert under Svinevika (Haugen) i BB Førde. Her har dei hatt ein husmannsplass på plassen Hauganeset. Av BB Førde kjem det fram at dei flytta hit i 1884, og det må vel då være rett etter at Anne Sofie blei fødd. Nils Olaus og Marie Sofie er oppgitt med 10 barn, der Anne Sofie er den eldste. Nils Olaus var fødd på Fengestad (nabogard til Fauske) i 1847 og døde på Haugen i 1915. Han blei gift ii 1883 med Marie Sofie. Ho er frå Furevika (nabogard til Svinevika) og blei fødd i 1863 og døde på Haugen i 1941.

 

Så til det du spør om. I flg. BB Førde blei Anne Sofie gift (som du også opplyser) i 1911 med Peder Elias Andersson Fitje. Dei buset seg i Tysvær, der Anne Sofie dør i 1937. Det er ikkje oppgitt dødsår på Peder Elias, men dei opplysningane finnes vel i Tysvær.

 

Marie Sofie (mor til Anne Sofie) var den siste som budde på Hauganeset.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det står da vitterlig at Peder Elias er født 29. september og ikke april. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6839&idx_id=6839&uid=ny&idx_side=-7

Kan det da være han som er begravet her som Peder Elias Fremmersvik: http://www.disnorge.no/gravminner/global1.php?eksakt=off&ordalle=peder=elias&start=60

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det stemmer at han er f. september og ikkje april.

Det var ein glipp av meg.

 

Og det er nok rett mann du har funne død i Tysvær - Då brukte han altså gardsnamnet der mora kom frå som etternamn.

 

Takk skal du ha, Bengt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut til å være so nært at det må stemme. Eg ser ved giftemålet i 1811, så er Anne Sofie oppgitt til å være tenestejente på Frammarsvika. Kan dei ha budd der i ein periode før dei flytta til Tysvær, og tatt namnet med seg derifrå?

 

OK, då fann du ut av det. Eg brukte litt lang tid på å bla i bøker (og dermed fekk eg høve til å prøve redigeringsfunksjonen).

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Egil:

Det er vel mulig utan at eg kan verifisere det.

Foreldra fekk ein son Mads Johannes i 1874 heile 7 år før dei gifte seg i 1881 og Peder Elias kom til, men Peder Elias var fødd på Fitje iflg. kyrkjeboka så eg kan ikkje sjå at foreldra har budd i Frammarsvikja etter at dei var gifte.

Dei har eg registrert busett på Fitje 1881,1884 på Åmot 1887,1889 og 1892 så flytte dei til Slettehaug i 1896 (iflg. Naustdal bygdebok).

Om dei har vore ein tur inn om Frammarsvikja og før dei flytte til Slettehaug veit eg ikkje.

 

Mads Johannes f. 1874 drog til Amerika (1899) brukte også namnet Fremmersvig då han emigrerte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Beklager, her burde eg brukt redigeringsfunksjonen meir. Eg meinte brullaupet i 1911 (Eg klarer aldri å venne meg til dette 1900-talet). Altså brullaupet mellom Peder og Anna Sofie, der Anne Sofie var tenestejente på Frammarsvika.

 

Altså meinte eg at Anne Sofie og Peder kan ha budd på Frammarsvika ein periode.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og eg ser at eg har svart deg på noko anna enn det du ville fram til.

Kansje Peder Elias og Anne Sofie budde i Frammarsvikja - godt mulig det.

Eg kan iallefall ikkje finne at dei har fått barn i Naustdal mellom 1911 og 1915.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.