Gå til innhold
Arkivverket
Jan Sæthre

Bygdebok for Kjølsdalen krins i Eid - interessert i oppslag ?

Recommended Posts

Jan Sæthre

I 2010 kom det ut ei bygdebok for Kjølsdalen krins i Eid kommune, Sogn og Fjordane. Den omhandlar dei noverande gardsnummera i Eid frå nr Gnr 99 til Gnr 122, som alle tidlegare tilhøyrde Davik kommune (med andre gnr) og Gnr 67 Lund frå tidlegare Eid kommune.

Boka har ein temadel om kyrkje, skule, helseteneste, samferdsle, organisasjonar, kunstnarar, kommunesamanslåing, næring. Den er rikt ilustrert med både gamle og nye bilde.

Gardsoversikta er bygd opp slik som mange andre bygdebøker. Den viser kronologisk kven som har vore brukarar opp gjennom åra, kven som er fødde på garden og kven desse gifter seg med. Den viser kva gards- og bruksnummer ektefellen kjem frå, eller til kva gard dei flytter til, også kommune / stad for dei som har flytta til andre deler av landet. Fødd og død er oppgjeve med årstal i oversiktlege kolonner, og boka er oppdatert med fødde fram til våren 2010.

Kjeldene er oppgjeven i ei eiga liste, men der er ingen henvisningar til den enkelte person eller hending.

Eg har boka og kan gjere oppslag dersom det er interesse. ( Selja forlag - ISBN 978-82-303-1558-3)

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Svein Egil Sørland

Hei!

Eg søkjer hejlp til å finne ut meir om slekt i familien som mulig er omtala i Bygdeboka for Kjølsdalen. Har prøvd å få tak i boka.

Det eg veit er at Rasmus Grov 1874-1967 og kona Marit Joramo 1876-1950 budde truleg på Reksnes. De hadde barna Lars Grov 1895-1907, Elias Grov 1898-1997 (Utvandra til Amerika), Johannes Grov 1898-1972 (tvillingbror til Elias) og Mathias Grov 1900-1988.

Rasmus, Marit (Margit), Johannes og Mathias er alle gravlagd i Kjølsdalen. Difor har dei truleg budd der. Det eg søker er om Johannes og Mathias gifta seg og fekk barn?

mvh

Svein Egil Sørland

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×