Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Svante Herdin Andersson, fødd i Sverige - gift i Wisconsin 1882 - opphav og lagnad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette ekteskapet fann stad i Stoughton, Dane Co., WI 1.12.1882: http://search.labs.familysearch.org/recordsearch/start.html#marriageYear=1882&searchType=close&givenName=Svante&p=recordResults&surname=Andersson

 

Bruri Bertha Ingebrigtsdotter var fødd på Hillestad i Hafslo 12.5.1837 og utvandra til Amerika som ugift i 1867. Me veit ho framleis levde i Stoughton, WI i 1893, men eg har ikkje greidd å finna korkje Svante eller Bertha i nokon amerikanske folketeljingar!

 

Inger alder er oppgjeven for Svante Herdin Andersson; alt me veit om han, er at han var fødd i Sverige og at foreldri heitte Anders Svensson og Maria. Kan han vera identisk med den Svante Andersson som var fødd i Stangsered, Älvsborgs län, Sverige 4.2.1832 (http://search.labs.familysearch.org/recordsearch/start.html#father.surname=Svensson&searchType=close&p=recordResults&surname=Andersson&mother.givenName=Maria&givenName=svante%20herdin&father.givenName=Anders&birthPlaceId=1927041&birthPlaceLoc1=Sweden)?

 

Eg kjenner heller ikkje til born etter Svante og Bertha!

 

Kanskje er det augo mine som sviktar på ny? Kanskje er det nokon der ute, med tilgjenge til svenske kjelder, som kan hjelpa meg:

 

* identifisera det svenske opphavet til Svante Herdin Andersson?

 

* fortelja om lagnaden (i Amerika) til Svante og Bertha?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette temaet som enno ikkje har vekt reaksjonar i Brukarforum. Kanskje er desse spørsmåli heilt umogelege å svara på? Eg vel likevel å vona på svar frå ein eller annan svenskeekspert... Dette Herdin-namnet er vel ganske so spesielt, eller...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Lene Hagen.

Hei. Blir litt vanskelig dette her. Litt lite info å gå på. Har det ikke kommet frem noe sted hvor i Sverige han kan være født, eller hans alder ? Hilsen Anne Lene

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne Lene for innlegg om Svante Andersson.

 

Nei, det som eg har skrive i første innlegget, er absolutt alt eg veit om denne karen. Eg tenkte kanskje når me hadde namni til foreldri og det sjeldsynte mellomnamnet HERDIN, at det skulle vera mogeleg...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Chris Bingefors

Herdin är ett efternamn i Sverige. I 1880 års folkräkning finns ett antal kvinnor med förnamn Herdina, men ingen man med Herdin. Efternamnet är inte speciellt vanligt. Kan ha ha haft efternamnet Herdin? Det är vanligast i Dalarna och Hälsingland, men det finns även i ett par stycken i södra Sverige 1880. Svante är absolut vanligast som namn i Västra Sverige.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Lene Hagen.

I 1880 tellingen finnes det en Anders Herding f. 1819 Sävare, Skaraborg. Han er da skomakermester, enkemann og bor i Stadsträdgården no 4, Katarina Rote 14, Stockholm.

 

Han kunne jo være interessant å følge, men jeg har ikke funnet noe mer om han. Hilsen Anne Lene

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Chris Bingefors

Han står med namnet Hendin i Rotemansregistret i Stockholm, född 24/9 1819 i Sävare. Men det finns ingen i födelseboken med det namnet. Han finns i Maria församling från registrets början 1878, flyttar ut ett tag och återkommer 1880 från Vämdö. Änkling.

Han inflyttar till Maria från Katarina församling 1875, där finns antecknat att ha tidigare varit gift med Anna Charlotta Lundström som dog 1862, sedan trolovad med Mathilda Lundstedt men denna trolovning bröts av Stockholms konsistorium 1867 (?).

 

Han har en son, Carl Gustaf. född 1847, som emigrerar till Amerika 1879.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Chris og Anne Lene for nye spennande innlegg!

 

Herdin er altso eit ættenamn, og det er heller uvanleg. Men eg har opplevd at slike svenske ættenamn stundom er borte i fleire generasjonar, og so plutseleg dukkar dei opp att, kan henda etter dei utvandra til Amerika...

 

So dette er sikkert ikkje so lett...

 

MEN, kva med den Svante Andersson som var fødd i Stangsered, Älvsborgs län, Sverige 4.2.1832 (http://search.labs.f...laceLoc1=Sweden) (sjå innlegg #1)? Han har rett namn, og det høver òg på foreldri hans!! Kanskje denne Svante kan følgjast utover til 1880-åri...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Chris Bingefors

Den Svante finns inte i 1880 års folkräkning.

 

I 1900 års folkräkning finns ett par stycken med namnet Herdin som förnamn, men det är oklart om det är rätt avskrivet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Chris for nytt innlegg.

 

Eg tolkar det slik at Svante Andersson frå Stangsered IKKJE var i Sverige i 1880. Då KAN han jo godt ha vore i Amerika!? Er det mogeleg å følgja han? Eller kva finst av registrerte svenske emigrantar med namn Svante Andersson FØR 1882?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Lene Hagen.

Finner ikke noe Stangsered forsamling i Älvsborg, så hvor skal man da lete tro?

 

I 1880 tellingen for Sverige finnes det 2 stk Svante Andersson født i 1832 i Älvsborg län. Begge to finnes også i 1890 tellingen, så dermed er vel ingen av de heller noe å gå videre på.

 

Anne Lene

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Chris Bingefors

Strängsered heter socknen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter meir enn to år i "gløymsli" er det no dags å henta fram att dette emnet om svenske Svante Herdin Andersson. Eg har diverre INGEN nye opplysningar å komma med, men kanskje er nye svenske kjelder vorne tilgjengelege som gjer det mogeleg å identifisera Svante og/eller foreldri hans? Det hadde vore so alle tiders å ha funne tak i opphavet og ogso lagnaden til denne svensken, Er me nøydde til å gje han opp?

 

Alle gode tips vert mottekne med stormande jubel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Nye opplysningar er no komne frå Amerika om denne huslyden. Det syner seg at svenske Svante Herdin Andersson er kalla for SVEN ANDERSSON då han og Bertha hadde ein son Alfred Oscar til dåpen i 1883, fødd i Stoughton, WI 22.2.1883.

 

Og dessutan, det vert nemnt ein SVEN ANDERSSON som døydde i Stoughton, WI i 1895 eller 1896. Han er oppgjeven med to ulike fødselsår, 1851 og 1846.

 

Går me so til FamilySearch, finn me fleire kandidatar for Sven Andersson med foreldri Anders Svenmsson og Maria, mellom anna desse:

 

Sven Andersson

birth: 16 May 1846

christening: 21 May 1846 Augerum, Blekinge, Sweden

father:Anders Svensson

mother:Maria Svensdotter

 

Sven Andersson

birth: 23 December 1844

christening: 1 January 1845 , FORKARLA, BLEKINGE, SWEDEN

father:Anders Svensson

mother:Maria Persdr

 

Sven Andersson

birth: 23 September 1852

christening: 24 September 1852 , FORSHALLA, GOTEBORG OCH BOHUS, SWEDEN

father:Anders Svensson

mother:Johanna Maria Persdr

 

Swen Andersson

birth: 15 September 1851

christening: 16 September 1851 Kinna, Älvsborg, Sweden

father:Anders Svensson

mother:Maria Cajsa Pettersdotter

 

samt fleire med doble førenamn (men ingen Sven HERDIN!).

 

Kanskje er det mogeleg å leita etter utvandrarar med dette namnet?

 

Eg vonar at desse nye oppdagingane kan gjera det mogeleg endeleg å "avsløra" det svenske opphavet til denne karen og ventar i spenning!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for at du har lagt inn desse referansane frå FamilySearch. Det var gjennom denne vigsli til Alfred frå 1907 at oppdagingi vart gjort og som har fått "ballen" til å rulla vidare. Ella Higgins frå FT1905 var ei dotter som Bertha hadde i første ekteskapet sitt.

 

No er eg skikkeleg spent på om nokon greier å identifisera Sven/Svante...

 

Truleg er han den "Snow? Andeng?" som er nemnd i ei gravferdsliste frå fattigkyrkjegarden ved Riverside i Stoughton, WI. Gravferdsdato var 31.7.1895.

 

Eg reknar med å motta rapport i løpet av ettermiddagen frå Stoughton Public Library vedrørande dei avisartiklane som me veit finst om Sven Andersson!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for eit skikkeleg spennande og nyttig innlegg. Eg kan berre gissa på at det er den same "episoden" avisene i Stoughton, WI skriv om på same tidi, men i so fall er gravferdsdatoen eitt år feil!

 

Elles var jo dette ein svært so sørgeleg lagnad han hadde, Svante "Sven" Andersson...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Denne karen kan være greit å sjekke videre....

 

 

EDIT: Ser ikke ut til at denne hadde foreldre med de navnene du leter etter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for endå eit skikkeleg spennande innlegg! Til tross for at alderen kanskje ikkje heilt stemmer, ser denne karen svært so interessant ut, men her står det ikkje namn på foreldri hans!?

 

Elles tykte eg at gardsnamnet hans verka "snålt". Kanskje kan du finna fleire opplysningar om foreldri, bustad og huslyden elles? Hadde han kanskje søsken som utvandra?

 

Eg står på farten og vert borte nokre timer, men kanskje ligg det nye opplyningar på bordet når eg kjem att... Dette vert usigeleg spennande...!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Her er en liste over emigranter i svenske kirkebøker som er født mellom 1846 og 1851, med fornavn som begynner på "sv" og etternavn som inneholder "anders", - og som er emigrert mellom 1862 og 1881 til Amerika

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kari Aabelvik

Hei!

 

Har sett på de fire Sven Andersson nevnt i # 14.

De tre første kan avskrives,to døde tidlig,tredje døde i Sverige etter 1900.

 

Den siste,Swen Andersson f. 15/9 1851 i Kinna finner jeg i 1880:

 

Post 1880-14-214-1651

 

Andersson, Sven

Åkaredräng

 

f. 1851 i Kinna (Älvsborgs län, Västergötland)

 

Ogift man, ensam i familjen

 

Egendom N:o 30 Skolgatan

Göteborgs Masthugg-Haga — Östra Haga (Göteborgs och Bohus län, Västergötland)

 

Registrerad födelseort: Kinna Älvsborgs län

 

Har ikke funnet husforhør mellom 1880 og 1883 der han bodde.

I 1883 på adr. eiendom 30,skolgatan,Østre Haga bor han ikke.Finner han heller ikke utflyttet i Emibas,og heller ikke i telling 1890.

Skal se om jeg finner den adr. mellom 1880 og 1883.

 

Hilsen Kari

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kari Aabelvik

Så var det Sven Andersson nevnt i # 19.

Født 20/6 1857 i Svärdsjø,Kopparberg.

Han reiste til Amerika 31/8 1878 sammen med sin bror,Gustaf Andersson f. 5/6 1860.

 

De hadde en søster,Margreta f. 27/4 1842 som reiste til Amerika 14/5 1871.

Og så,enda en bror, Anders Andersson f. 17/5 1845,reiste til Amerika med hustru og seks barn 6/8 1886.

 

Deres foreldre var Anders Olsson f. 4/6 1808 og Anna Andersdtr., f. 8/1 1818.

Familien bodde hele tida på Lumsheden i Svärdsjø.

 

Hilsen Kari

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ulla Bagge

En kandidat Sven Andersson som har en son Svante.

 

"United States Census, 1900," index and images, FamilySearch (https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/MMKX-B4P : accessed 25 Oct 2013), Sven Anderson, ED 90 Menominee town (excl. Menominee city), Dunn, Wisconsin, United States; citing sheet 4A, family 70, NARA microfilm publication T623, FHL microfilm 1241787.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven, Kari og Ulla for nye spennande og delvis avklarande innlegg!

 

Etter det eg kan forstå, kan det IKKJE vera Sven Hedin Andersson fødd 1857. Namnet var riktig "nøre på", og denne Sven utvandra til Amerika, men alderen er nopk feil, og namni tiol foreldri stemmer heller ikkje. Eg er ganske so sikker på at foreldri til "vår" Sven eller Svante Andersson heitte Anders Svenson og Maria. Dette går mellom anna fram av kyrkjeboki for vigde i Christ Lutheran church i Stoughton, WI der presten har ganske "solide" namn på foreldri til alle brurefolki!

 

Samstundes har Kari "eliminert" dei tre første alternativi som eg fann hjå FamilySearch (sjå innlegg #14), medan den siste framleis står "open", men med manglande utvandring...

 

Då er det eit spørsmål om nokon av dei mange utvandringskandidatane som Sven fann (sjå innlegg #21), kan ha dei rette foreldri. Det vil truleg vera ein skikkeleg stor "jobb" å sjekka ut alle dei som der er nemnde, men om me har noko alternativ til ei slik leiting, veit eg heller ikkje...

 

Drukningsulukka til Sven Anderson frå Stoughton, WI 1896 har eg enno ikkje motteke nørare opplysningar om, men slik eg tolkar databasen for "hendingar" i Stoughton, WI, so er det berre sagt alder, anten var han 45 (1851) eller han var 50 (1846), som båe sikkert berre er "gode anslag"...

 

Eg har ei kjensle av framleis å stå litt "i stampe" når det gjeld å løysa dette problemet, men kanskje kjem svaret "rekande på ein fjøl" likevel? Eg vil framleis tru og vona på ei løysing og takkar igjen for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×