Gå til innhold
Arkivverket

Slekt i Gloppen / Breim (Nordfjord) - Sogn og Fjordane


Aase R Sæther - Gloppen

Recommended Posts

Eg har ei fra Gloppen som vart gift med ein sambygding av meg. Lars Andreas Rasmussen Rekdal. Sjølv om dette er nyare historie limar eg inn det eg har notert om familien, Kanskje til interesse for nokon:

 

 

Lars Andreas f. 1868 ble 1896 i Bergen gift med Eline Augustdatter Vik fra Gloppen. I 1900 bor familien i Laksvåg og har 3 barn. (Klara, Randulf og Olivia). Lars er da titulert Maskinarbeider ved jernskipsbyggeri. Ved FT 1910 er familien i Oslo. Da er Lars "Formand A. P. Foss Jernskab og vægtefabr". Familien har da 8 barn, de 2 siste fødd i Kristiania. Familien må så ha flytta til Stavanger. Ved dødsmeldinga til kona Elise i Stavanger 1950 er det også en datter Elise f. 1916.

 

 

Ellers er her nokre frå Nordfjord som kom hit frå ca 1830 og utover, omtala i bygdeboka med navn som Brendefur, Davik, Taraldset, Tippen. Men det er jo ei anna historie :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, forsåvidt ei anna historie, men fjorden er så godt samanveven her nede at du kan gjerne nemne dei - !

 

Ja da skal jeg kort nevne dei eg i farta finn frå Nordfjord.

 

Ragnhild Larsd. Taraldset.(f. 1804?). Gift 1830 i Ørskog med Erik Hansen Rekdal. Her følger det også med ei ættetavle som eg ikkje kan garentere riktighet av:

"Dotter til Lars Kirkhorn Taraldset - son til Rasmus Kirkhorn - son til lensmann Knut Pederson Kirkhorn. Mor til Ragnhild var Anne Rasmusd Rørhus. Ragnhilds søster gift åt Hingara Fiksdal."

 

Lars Ellingsen Brendefur (1827-70). Gift med Andrina Olsd Rekdal. 6 barn.

"-Men Lars dø (drukna) i 1870 og 1874 vart Andrina gift med den 50 år gamle Honndals-Rasmes, Bror til Ragnild i Hansgara Rekdal" (Ragnhild ovanfor).

 

Maria Samsond gift 27.7.1887 i Buksnes i Lofoten med Anton Rasmusen Rekdal. De ble bosatt på Rekdal. I følge FT 1900 var ho fødd 1857 i Daviken Nordfjord. Ho hadde frå før dotter Gjertina f. 1885. "Gjertina reiste til Amerika. "Maria hadde ein bror i Ålesund som vi kalla Stopp-Skreddaren, han reiste frå kjerringa til Amerika - det var kanskje til han Gjertina Reiste"

 

So var det ho "Elling-Britt" som ei tid budde hjå dotter-dotter si på Rekdal. I følge bygdebok for Midsund heitte ho Brit Eriksdtr og var dotter til Erik Jonsen og Marit Larsd Svindset i Midsund som kom frå Horningdal.

 

Johannes Martinusen Tippen (1821-1902) 1848 gift med Ane Sivertsd Rekdal. 9 barn. Tar til slutt med litt (forkorta versjon) frå bygdeboka:

Johannes blei heitande Teppa-Johannes her. Han var ekstra god til å ordleggje seg, og då gjorde han det på sin eigen saftige måte og på eiga dialekt vart her etter kvart mange og oftast kostelege småstubbar på folketunga etter han Johannes - som då han var utpå Otrøyn og bygde og, uvant som han var med høns, høyrde kvinnfolk sei <teppa! teppa!>> når dei kalla på hønene - og so etterpå høyrde ei høne på verpehøns-vis, skryte ut etter å ha vorpe: <<tepp-tepp-teppa!>> - då skulle han Johannes ha utalt seg slik: - Eg hev da jamt høyrt at de ska vere eit ukristele folkeferd her ute på Otrøyijnne, men at de var so besetta at de lærte opp fuglane te å gjære narr tå folk, det hadde eg aldri trudd før eg høyrte det me mine eigne øyre."

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et spørsmål som muligens ligger litt på siden:

Oluf August Wiik f. 6. nov. 1853 i Ytre Vereide i Gloppen, var snekker og flyttet i 20-årsalderen til Gildeskål der han bl.a. fikk jobb som arbeidsleder på den nye kirka i Gildeskål (som var ferdig i 1881).

Når var det muligens slik at far til Oluf, som het Jon Olson Vik, f. i 1819 var født i nabokommunen til Gloppen, (Stryn), og der slutter mine spor. Har du Aase noen opplysninger om Oluf eller Jon?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje noko om desse. Når eg høyrer Vik-namnet i Gloppen tenkjer eg fyrst på Ålfoten, men der finn eg ingen som passar.

 

Det er vel kanskje denne Jon Olson i Stryn du tenkjer på ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Jeg aner ikke om dette har vært gjort før for å finne slekt fra Gloppen (og også Kinn bl.a.), men det lønner seg nok å se igjennom dødsfallene for Reknes hospital, her er det mange "fjordinger" også:

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_id=16061

 

Jeg har selv funnet mange "savnede" smølaværinger her, både tuberkuløse og spedalske, som bare har "forsvunnet" fra Smøla (Edøy), og ikke dukket opp i kirkeboka her.

 

Her kan det nok lønne seg å se gjennom for både tidligere og senere tid når det gjelder kirkeboka for Reknes.

 

Mvh. Kjell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje akkurat denne tilflyttinga då, men ho er registrert som pasient på St Jørgen nokre år seinare. Takk uansett!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hva får deg til å tro at dette gjelder lensmannen Nils Vereide? Nedenstående er kopiert fra bygdebok for Innvik og Stryn, og gjelder gården Maurset:

 

Om odel og ymse odelsstrid er det meldt i fleire gamle doku­ment. År 1588 sel Nils Olufson og kona Brite Jonsd. 9 mk. i More-setter til Anders Andersson. Skøyta (på skinn) er no i Berg. Mus.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser nå at det jeg trodde var Nils Oluffsson vereide like så godt kan være en annen Nils Oluffsson da det eneste som peker på at det kan være en sammenheng er likheten mellom navnene. Jeg fjerner derfor linken til diplomet i innlegg nr 114.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Ang. Ole Anderson født i Skjerdal, Gloppen.

 

Etter det eg har notert så vart han gift 3.7.1846 i Gloppen. Stemmer dette?

 

Eg har også notert ein son Jens f. 1754, men det er mulig dette er same person som Jakob (d.v.s. feilregistrering).

 

Men kven er Eli Ellingsdtr.? Eg har funne fram to kandidatar, men er usikker....

 

ELI ELLINGSEN

Christening: 17 MAR 1726 Davik, Sogn Og Fjordane, Norway

Parents: Father: ELLING BAERLI

 

ELEN ELLINGSEN

Christening: 24 MAR 1725 Gloppen, Sogn Og Fjordane, Norway

Parents: Father: ELLING NIELSON

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er Ola Andersson Skjerdal den eldre, gift med Eli Ellingsdtr Rygg. Han har også ein yngre bror Ola som eg ikkje kjenner lagnaden til. Dei har ein son i 1754, men han heiter Andreas, fødd og død same år, og erstatta med ein ny i 1755.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, Aase.

 

Lurer på om du har noko utfyllande informasjon om foreldra til Gyda (Giøde) Børres (Børge)datter Søreide (ca 1678-1722) som gifte seg i 1715 med Eillev Samsonsen Lodsberg. Eg veit at far hennar var Børge Knudsen (ca 1651-1729) og at mor hennar heiter Ane Arnesdatter. Har funne skifta etter begge.

 

Manntalet 1663-66 antydar at det var far til Ane som var den som sat med garden og at Børge var tilflyttande frå ein annan stad. Er dette tilfelle?

 

Har du meir om besteforeldre til Gyda tek eg gjerne imot informasjon om det også.

 

mvh

Morten Sylte

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom dette er di slekt så heng vi saman langt ute.. Byrge Knutson var frå Skår, og mora Anne Arnedtr var frå Ryssdal, min gard. Kva dei eigentleg gjer på Søreide er ikkje så godt å seie.

 

Byrge sine foreldre var Knut B(yrge)son Skår og Gjøde Lassedtr Sande. Far til Knut blir omtala som Berdor - EG trur det er same namnet som Byrge, sidan bygde-uttalen er Bærå kan ein tenkje seg Berdor som eit mogeleg skriftbilde. Anne sine foreldre var Arne Rasmusson Ryssdal og Marte Tordtr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk skal du ha, og hei slektning Aase :-)

 

Dette er "mitt" folk ja! Via Brithe Eillevsdatter frå Lotsberg sitt ekteskap til midtre Isane. Min tippoldefar Ole M Isane kom flyttande til sunnmøre som so mange andre davikarar/nordfjordingar, og fann seg kone og gard.

 

mvh

Morten

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Håpar eg har opplysningar du kan gjere deg nytte av!

 

Eg har brukt opplysningar frå forumet på DIS-Norge til å guide meg i forskninga. Denne tråden http://www.disnorge....pic.php?t=84542 har vore svært aktivt brukt som rettesnor i dette arbeidet. Men eg har heile tida forsøkt å sjekke mot kildene og etter beste evne forsøkt å verifisere dei opplysningane eg har fått der.

 

Slik eg har forstått dette vart Brithe gift med Josef Hansen I. Isane i juli i 1753. Eg har funne forlovelsen den 22 April same året. http://www.arkivverk...ny&idx_side=-56 som "bekreftar" dette. Eg les denne som "Joseph Hansen Indre Isene med Brithe Ellefsd Lootsberg. cav Henrich og Jens Isene". Eg har også funne noko eg trur/trudde var giftemålet for paret (sjå her http://www.arkivverk...ny&idx_side=-57 fyrste innføring i juli) No når eg ser ein gong til ser eg at det faktisk står Thorem etter Brithe Hm! (eg les "1st Copuleret U.K. Joseph Hansen Isene med p Brithe Eilefsd. Thorem). So då vart eg faktisk litt usikker. Eg har desverre ikkje funne noko skifte so langt som kan gje svar. Brithe døyr i 1795 http://www.arkivverk...y&idx_side=-350 innføring 14 august.

 

Stemmer dette med det du veit? Eller har eg gått i den klassiske fella det er å "anta"??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

DIS-tråden med svar frå Einar Rygg kan du stole så trygt som noko på, han har laga brukarlister til bygdebøkene i Gloppen og er påliteleg - men som kjent, du skal aldri stole 100 % på noko som du ikkje har kontrollert sjølv.. At Brite står ført som Thorem kan kanskje forklarast med at ho har ein bror, Torleiv, på Torheim; kanskje har ho vore i teneste med han akkurat denne sommaren, kven veit.

 

Eg hadde faktisk ikkje fått med meg at Brite var gift - det siste eg har hatt på henne er frå skiftet etter broren Byrge i 1745, då ho framleis er ugift. Så eg takkar for nye opplysningar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjekt å vere bringar av nye opplysningar. Takk til Einar Rygg!

 

Kan eg vere freidig nok til å påpeike ein annan tråd på DIS-Norge ... som gjeld eit giftemål og eit ektepar under garden Vik (6) i Ålfoten og er ein oppklaring i kven "Synnøve Monsdatter" gift med Peder Olsen Thorem er... sjå etter innlegget til Inge Asbjørn Nygård.

 

http://www.disnorge....ic.php?t=105940

 

Veit ikkje om du har sett den tidlegare?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.