Jump to content
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Slekt i Gloppen / Breim (Nordfjord) - Sogn og Fjordane

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen
På 17.2.2018 den 23.58, Geir By Strømsnes skrev:

 

Mail sendt.

 

Mvh Geir

Har du fått epost frå meg?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Geir By Strømsnes

Hei Aase!

 

ja, jeg fikk mailen din og ble kjempeglad.

 

Tok litt tid før jeg fant den, det viste seg at den hadde gått i søppelposten. Jeg sendte deg en takkemail tilbake med en gang, om du ikke har fått den i retur må den ha feilet (prøver å sende deg en ny mail for å se om det virker).

 

Det er ingen tvil om at din hjelp var helt avgjørende for å løse denne gåten, igjen - tusen takk!

 

 

/ Geir

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Flott! Til overmål hadde takke-svaret blitt sortert som søppel også :-)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Aase!

 

1815-manntalet for Gloppen syner på garden Abildsæther denne huslyden:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01072227001006

 

Ole Martin Rasmusson Liedahl, fødd i Bergen 14.6.1806, var son av kjøpmann Rasmus Jetmundson Liedahl i Bergen, opphavleg frå Volda, og kona Inger Sirene Manassesdotter Storm frå Arendal, men vart farlaus alt i 1809 og voks opp i Nordfjord der han òg budde då mori døydde på Skjolden i Luster i 1823.

 

Ole Martin Liedahl døydde i Bergen i 1831:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000003035

 

og dødsmeldingi hans syner det vart halde skifte etter han i Nordfjord:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/23995/109

 

Kjenner du, Aase, nærare til lagnaden til Ole Martin Liedahl?  Han er sagt vera gardbrukar, men på kva gard?

 

Og veit du om han hadde ættetilknytting der han voks opp?  Eg mistenker Martha Jørgensdotter Bruland for å vera «linken».  Ho budde vel i Bergen i 1801 og kan ha hatt ei søster Ingeborg Jørgensdotter som var mormor til Ole Martin?

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for interessante ofg nyttige innlegg!

 

Då synte det seg å «halda stikk» med skyldskapen mellom Ole Martin Liedahl og Martha Jørgensdotter Bruland.  Men då er eg veldig spent på kva Aase kan seia om opphavet til Martha (og Ingeborg) Jørgensdøtrer...  Var dei frå Gloppen?

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Eg har ingen systre Marte og Ingeborg Jørgensdøtre som ikkje er plasserte i Gloppen. Eg vil føreslå at du ser mot Utvik, der Marte sin mann kjem frå.

 

 

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Såpass ja! Artig å få dette på plass også.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for kjempemessig oppklaring av opphavet til desse Jørgensdøtrene!  Det var sanneleg litt av ei flytting for den tidsperioden, frå Arendal til Bergen og vidare til Gloppen!  Høgst uvanleg...

 

Uansett, p.g.a. den tilknyttingi som Ole Martin Rasmusson Liedahl har til Luster (der mori levde i mange år), kjem han inn som ein del av manuskriptet mitt, og no er det eit spørsmål om du Aase kan fylla nokre av dei «hòli» som framleis står òpne?

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Martin Rasmusson Liedahl, f. i Bergen 14.6.1806,

Ole Martin Liedahl flytte i ung alder til Nordfjord og voks opp som fosterson hjå mosteri til mori på garden Apalset i Gloppen.  Han gifte seg i Gloppen 23.1.1825 med Martha Endresdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – kalla Korsvigen 1825, men fødd på Henden!)

 

Ho var dotter av gardbrukar Endre Gulbrandson på

 

##### (bustaden hans? – kalla Henden 1805 – kalla «Hundvig i Eid» 1832)

 

opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Henden ytre?)

 

og kona Martha Johnsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – Henden indre?)

 

og vart døypt i Gloppen 15.1.1805.  Ole Martin vart innsett som eineerving etter mosteri til mori og tok over som gardbrukar på Apalset i Gloppen, men miste livet då han 3.7.1831 under ei vitjing til Bergen fall i sjøen og drukna.  Martha gifte seg 28.12.1832 att som enkje i Gloppen med Jacob Jacobson frå Sande i Gloppen.  Han var son av gardbrukar Jacob Knutson på Sande og kona Anna Olsdotter frå Rygg og vart døypt i Gloppen 13.3.1805.  Jacob og Martha heldt fram som gardbrukarar på Apalset i Gloppen der

 

##### (dei må ha delt garden med sonen Rasmus!)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Martha fekk i alt åtte born; av dei var tre frå første ekteskapet med Ole Martin Liedahl:

 

##### (dei fem borni frå andre ekteskapet var:

       * Ole Martinus Jacobson, f. Gloppen 12.9.1833,

       * Knut Jacobson, f. Gloppen 5.10.1836

       * Jacob Jacobson, f. Gloppen 29.5.1840 – n. 1865

       * Severin Jacobson, f. Gloppen 17.11.1842

       * Andreas Matias Jacobson, f. Gloppen 17.6.1846 – n. 1865)

 

a. Rasmus Olson, f. i Gloppen 1.12.1825, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1865)

 

     Rasmus gifte seg i Gloppen 12.7.1847 med Christiane Larsdotter frå Væreide i Gloppen, f. i Gloppen 14.8.1823.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1865!)

 

     Rasmus og Christiane tok over som gardbrukarar på Apalset i Gloppen og fekk ni born i lag.

 

     ##### (sjekka at alle er medkomne – inkl.:

            * Martha, f. Gloppen 20.7.1847 – n. 1865

            * Ole Martin, f. Gloppen 27.7.1849 – n. 1865

            * Lars, f. Gloppen 4.10.1851 – n. 1865

            * Jacob Elias, f. Gloppen 20.7.1854 – n. 1865

            * Karoline, f. Gloppen 14.9.1856 – n. 1865

            * Else Malene, f. Gloppen 5.8.1858 – n. 1865

            * Inger Serine, f. Gloppen 17.4.1862 – n. 1865

            * Rasmus, f. Gloppen 19.12.1863

            * Rasmine Kristine, f. Gloppen 4.12.1865 – n. 1865)

 

b. Inger Serene Olsdotter, f. i Gloppen 12.5.1828, d. i Gloppen 24.1.1829.

c. Endre Olson, kjend som Endre Abelset, f. i Gloppen 27.8.1830, flytte til Bergen og gifte seg i Krosskyrkja 14.8.1853 med Petrine Tollefsdotter frå Furseth i Askvoll, f. i Askvoll 2.1.1831.  Endre var understuar, og han og Petrine vart buande i Bergen der

 

     ##### (budde der i alle fall 1875! – i fattigmanntali kring 1890!)

 

     Dei fekk ni born i lag.

 

     ##### (sjekka at alle er medkomne – inkl.:

            * Marthe Serene, f. KK, Bergen 29.5.1853

            * Oluf Christian Fredrik, f. KK, Berfgen 5.2.1855, d. KK, Bergen 18.6.1856

            * Birgitte Tollefine, f. KK, Bergen 10.6.1858 – n. 1875

            * Oluf Christian Fredrik, f. KK, Bergen 3.1.1861

            * Christine Sofie, f. Bergen 1863 – d. DK, Bergen 9.12.1865

            * Severin Johan, f. DK, Bergen 30.8.1866

            * Severin Johan, f, KK, Bergen 1868 – n. 1875

            * Kristine Sofie, f. KK, Bergen 2.7.1871 – n. 1875

            * Anne Christine Godtfredine, f. Bergen 2.7.1872 – n. 1875 – d. DK, Bergen 2.5.1876)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg treng ikkje detaljar om dei 18 barneborni etter Ole Martin!  Eg har berre nemnt dei her som «hjelpeopplysning»

 

Hjarteleg takk for hjelpi!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Marte Endresdotter sine foreldre var Endre Gullbrandson Ytre Henden og Marte Jonsdtr Ytre Henden - begge frå Ytre, altså.

 

Marte Endredtr var som du skriv, fødd på Ytre Henden, men foreldra flytta til Hundevika i Eid, også kalla Stårheimsvik. 

Mora Marte Jonsdtr gifte seg oppatt som enkje med lensmann Kristen Wittrup i Korsvika, så dermed blir Marte d.y knytt til Korsvika. 

 

Marte Endredtr døydde i 1891, og mannen Jakob i 1883, begge på Apalset.

 

Ole Martin sin son Rasmus fekk skøyta på garden i 1860.

 

Opplysningar om Marte sine born i dei to ekteskapa har eg ikkje, fordi eg ikkje sit med komplett base etter 1815. Eg har dessverre ikkje høve til å leite dei opp til deg heller for øyeblikket.

 

 

 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase for nyttige opplysningar!

 

Eg har då berre to tilleggsspørsmål til deg:

 

** På kva gard i Gloppen var Endre Gulbrandson fødd og oppvaksen - Henden yttre?

 

** På kva gard i Gloppen var Martha Johnsdotter fødd og oppvaksi - Henden indre?

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med desse opplysningane!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Begge var frå Ytre Henden.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar Moe

Litt tilleggsopplysninger  fra slekts boka til Rune Apalseth

 

 

ccc.PNG

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase og Ivar for nye gode innlegg!

 

Då er eg kjempenøgd!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Tor Kvien
På 7.5.2013 den 15.19, Hogne R Nilsen skrev:

Som innflyttarar er vel ikkje denne familien for Glopparar å rekne, men dei oppheldt seg i Gloppen fyrste halvdel av 1600-talet,

og kanskje kan det finnast etterkomarar?

 

Morits Jensson (1585-1639) på Rygg i Gloppen, lensskrivar og seinare fut i Nordfjord, fekk 12 born med kona Margrete Jensdotter:

 

 

Lisbet Moritsdtr. f. 18. juni 1614

"Anno 1614 Den 18 Junij Bleff min Datter Lißbett Mouritzdatter föd paa Effuebache i Nordfiord om Morgenen Klocken Ved 8 slett, gud Lade hinde Wdi gudtz frÿgt opuoxe."

 

Jens Moritss. f. 2. august 1615

"Anno 1615 2 Augustij bleff min Sönn Jens Mouritzen föd paa Eluebacke i Nordfjord om Morgenen ved 6 slet, och strax kom til Daaben i Wærrits Kierke. Waar hans fadere her Absalon, Niels Wærede, Erik Houge, Anne Abelsdater, Lisbet Absolonsdatter. Gud lade hannom opuoxe Wdi guds fryct, gud almectigste thill ære, hannom och hans foreldre till glede, och Euig sallighed, Amen."

 

Jens bruka Rygg frå 1649-1655. Er nemnd i Tingboka 1656 som "Jens Morisen vdj Bergen":

"Fougden Jens Pedersen haffuer vdj Rette Steffnett Christen Abelsen Røg, och haffde hannem thil At thale for 29 Rdlr, som hand thill Jens Morisen vdj Bergen haffuer vdlagt for det gods vdj Røg som be'te Christen Abelsen fra Jens Mourisen indløst haffuer...."

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n..._read/28609/57/

 

også nemnd som "Bundelensmand" i 1650

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n..._read/28607/51/

 

Ei dotter Anne vart gift med Peder Hanss. Sande

 

Anne Moritsdtr. f. 6 desember 1617

"1617 bleff min Konne Margrette Jensdatter forlöst med tuinde Döttre och kom till Doben om Andendagen som faldt paa en Söndag, och bleff Naffngiffuen Diriche och Anne. Gud lade dennem udj Guds fryget Opuoxe, Amen."

 

Gift 18. juli med Jakob Olss. Bjørkedal, Volda

"Anno 1641 Den 18 julj stod Jacob Ollesens Brölups Kost paa Ryg i glopen Medt Anne S: Moridtz Jensis Datter."

 

Død 17. april 1661 Søre Bjøekedal, Volda

"Anno 1661 Ibm [17. april] Døde min S Quinde Anne Moridtz Datter. Gud giffue hinde En glad Och ære Fuld Opstandelse. Hindes gansche Allder Ehr 43 Aar Och 19 Wger Och 3 Dager."

 

Didrikke Moritsdtr. f. 6 desember 1617

"1617 bleff min Konne Margrette Jensdatter forlöst med tuinde Döttre och kom till Doben om Andendagen som faldt paa en Söndag, och bleff Naffngiffuen Diriche och Anne. Gud lade dennem udj Guds fryget Opuoxe, Amen."

 

Agnete Moritsdtr. f 30. september 1619

"Anno 1619 Bleff min Datter Aganetha Mouritz datter föd paa Eluebache i Gloppen. Gud unde hinder att op uoxe udj guds frÿct. Saligen att leffue och sallig hed at Död. Amen Amen"

 

Agnete er nemnd i Tingboka i 1657 angåande ei sak mot Anna på Seime

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...read/28609/114/

 

Maren Moritsdtr. f. 14. juni 1621

"Anno 1621 Den 14 Junij bleff min Datter Maren Moritsdatter föd paa Elbache ii plet effter Midag. gud lade Hinder til guds æve och Euig Sallighz opuoxe, Amen"

 

Gift før 1645 med Frans Olss. (Bror til jakob Olss. Bjørkedal) Volda

 

Kristi Moritsdtr. f. 22. oktober 1622

"Aoh 1622 Bleff min Dater Krijsti Mourizdater föd paa Elbache. Gug Lade hinder i guds frÿcht opuoxe"

 

Er fadder for systerdotter Kirsten Jakobsdtr i Volda 30. juni 1642

 

Nemnd under Rygg i koppskatten 1645

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...ad/rk/15044/31/

 

Gabel Moritss. f. 23. mai 1624

"Aoh 1624 bleff min Sön Gabel Mourizßen föd paa Elbache. Gud Lade hannom opuoxe Wdi guds frÿchtt

Da indfald H: 3 foldighz Söndag"

 

Peder Moritss. f. 5. november 1625 d. desember 1625

"Den 5 Nouemb: ved Midnats tid Bleff min Sön Peder föd paa Rÿg och [gud] faderligen hannom fra Dinne Jammer Dall Kaldet wngefer fem Wgger efter hans födsell Dag. gud Wnde oss at findes i de wdualdes forsambling. Amen Amen"

 

Morits Moritss. f. 18. desember 1626 d. 7. mai 1627

"1626 Den 18 Decemb: Bleff min Sön Moritz Moridzenn födt. gud lade hannom i Herrens frÿct opuoxe Amen"

"Anno 1627 den 7 Maij döde ... min Sallig Sön och bleff begraffuen i Gimmestad Kirke [9 Maij] Gud unde os at findes i de Euige gledelige kolliger Amen"

 

Aseline Moritsdtr. f. 20. februar 1629

"Anno 1629 Den 20 februarj Bleff min Datter Aselina Mourizs Datter födt paa Rygland. Gud Lad hinder i Herrens fryct opuoxe Erligen at leffue och Salligen At Død"

 

Nemnd under Rygg i koppskatten 1645

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...ad/rk/15044/31/

 

og i pantebrev 1649 då ho og broren Morits lånte pengar til Jørgen Panter

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n..._read/28606/23/

 

Morits Moritss. f. 12. august 1630

"1630 Den 12 bleff Min Sön Mourids Mouridß födt paa Rög i Norfior och om Sundagen Nysteffter Kom til Daaben

hands fadere war her Jörge abelsen och hans bang och errick houge Mallene wareedt och Berretta houge

gud lade hannom opuoxe wdi guds frÿct gud all Mectigste till ære hannom och hans foreldre til glede och euige salighedt amen"

 

Nemnd i pantebrev 1649 då han og systera Aseline lånte pengar til Jørgen Panter

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n..._read/28606/23/

 

 

Med unntak av "futedøtrene" Anne og Maren, som vart gifte i Volda, har eg ikkje funne noko om lagnaden til dei andre borna som vaks opp.

Om du Aase eller andre skulle "kome over" opplysningar om nokon av desse, hadde eg satt stor pris på denne informasjonen.

Hogne R Nilsen: Hvor har du funnet sitatene til disse personene? Kanskje du kunne legge ut lenker?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Tor Kvien

Avklart.

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grete Singstad
Posted (edited)

Dette er kanskje kjent, men legger inn følgende funn fra Danske Kanselli - Kongebrev:

 

Aksel Larsson Jordanger og  Karen Olsdatter Sætre fra Gloppen var beslektet i 3. ledd, og fikk tillatelse til å gifte seg 6. feb. 1697.

 

Danske kanselli, norske registre nr. 16 (1692-1697), Protokollside, Side 396a

Edited by Grete Singstad

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Nei, dette visste eg ikkje frå før - mange takk! 

Korleis slektskapen er, kan eg ikkje utan vidare sjå..

 

Aksel sine foreldre er Lars Rasmusson Jordanger og Mari Akseldtr f.Sårheim).

Kari sine foreldre er Ola Hansson Sætre og kona Brite Larsdtr (f.stad ukjend)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Hanne W. Ringseth

Vet du noe om dette paret? Peder Pedersen Ravnestad, f. ca. 1744, gift 1786 med Synnøve Rasmusdatter Hauge. Finner ingen av dem i bygdeboken for Gloppen under de 2 gårdene.

Hun var enke når de giftet seg og var da bosatt på Holvik hvor han bosatte seg, de fikk 1 sønn som het Elling Pedersen Holvik.

(regner med Tor K.) har hatt kontakt med deg om dette, men tenkte jeg kunne legge det inn her da det kan ha interesse for flere.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen
Posted (edited)

Synnøve Rasmusdtr var frå Ytre Hauge; henne har eg kontroll på; foreldra var Rasmus Jonson Holvik, g.Ytre Hauge, og kona Kari Mikkelsdtr. Hopland. Om eg får ei epostadresse med deg kan eg sende deg nokre led vidare bakover.

 

Synnøve si fyrste mann, Elling Tueson Holvik, er også grei, men den andre mannen er eit problem for meg. Han dukkar opp fyrste gongen som konfirmant i Vereide i 1762 - her:

 

SAB, Gloppen Sokneprestembete, H/Haa/Haaa/L0004: Ministerialbok nr. A 4, 1758-1784, s. 31
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228300181

 

Teorien min er at han er ein av dei opptil fleire som er fødde av mor (stundom far) frå Gloppen,  men utanfor Gloppen, og så sendt heim att pga dødsfall, fattigdom e.l. Kanskje er mor frå Ravnestad, men eg har ikkje funne ut av det.

 

Namnet Peder Pederson kan kanskje tyde på at han er fødd utanfor ekteskap, med ein far som ikkje tok ansvar. Då var det vanleg å kalle opp barnefaren for å "hengje han ut".

 

Dessverre rekk ikkje Peder å få døtre, så vi får ikkje eit hint om kva mor heiter. Fadderane til sonen Elling gjev heller ingen leietrådar.

 

Skiftet etter han i 1790 er heller ikkje til hjelp.

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0018b: Skifteprotokollar, 1786-1790, s. 647b-648a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081201640656
 

 


 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Hanne W. Ringseth

Tusen takk for hjelpen, melding sendt 🙂

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Aase !

 

15 juli i år publiserte DA at dei hadde skanna Ministralboka for Gloppen prgj, Vereide sokn, 1906-32.

Men alle sidene er sperra !

 

Er THE BOSS, Aase, vorten sløv med tida ? Eller har du mange ballar i lufta, og føler  at det er for lite med 24 timer i døgnet ??

————

Eg veit ikkje kven som er SJEVEN i Sogndal, men der kom maaaang kyrkjebøker som vart skanna i slutten av september.

Felles for dei at dei er Sperra !!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.