Gå til innhold
Arkivverket

John og Nels Benson - frå Stavanger til North Dakota - opphav?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette temaet vart alt drøfta for eitt år sidan som #77562 der desse innleggi vart skrivne:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

77562: John Richard or Edward Benson, fødd Noreg 26.2.1882 (1877?) - til Amerika 1890?

Fylke: Brukarforumet

 

~~~~~~

 

Stikkord: Benson North_Dakota Lars E. Øyane, 82442 Saulgrub, Bayern, 11.4.2010 16:22 (1)

 

Frå Amerika kjem dette problemet:

 

WW1 draft records (1918) syner ein John Benson, fødd 26.2.1882, bustad Wyndmere, Richland Co., ND. Næraste slektning Nels L. Benson frå Max, McLean Co., ND

 

FT1930 for West End township, Richland Co., ND syner at John Benson (48) utvandra til Amerika i 1890.

 

Ei kjelde frå Amerika seier at John Benson hadde Richard som mellomnamn og at faren heitte Nils Benson. Fødselsåret vert der òg oppgjeve til 1877 (men same dato!)

 

Einaste attlevande dotteri meiner faren heitte John Edward Benson.

 

Eg er ikkje i stand til å påvisa John i andre folketeljingar frå USA.

 

Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å finna det norske opphavet til John Benson?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

~~~~~~

 

Kirsti Rye, Ålesund, 11.4.2010 17:09 (2)

 

Jeg kaster inn denne kandidaten, Johan f 26 jan 1878.

 

Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Fiskum, Ministerialbok nr. 2 (1878-1890), Fødte og døpte 1878, side 1. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: Lenke.

 

Faren heter Nils Laurits Bentsen, men datoen stemmer ikke med det du har. Får se om vi finner igjen denne familien et sted.

 

~~~~~~

 

Kirsti Rye, Ålesund, 13.4.2010 09:07 (3)

 

Johan hadde en bror Karl Bernhard, som døde i 1957 i Washington.

 

Lenke America&frompage=99.

 

Her er dåpen hans.

 

Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Kongsberg, Ministerialbok nr. 11 (1876-1877), Fødte og døpte 1876, side 3. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: Lenke.

 

Jeg finner ikke Johan konfirmert eller i ft 1900.

 

mvh Kirsti

 

~~~~~~

 

Lars E. Øyane, 82442 Saulgrub, Bayern, 15.4.2010 00:33 (4)

 

Hjarteleg takk til Kirsti for spennande innlegg om denne huslyden! ''Kandidaten'' din frå Fiskum er so absolutt ein relevant person; mykje liknar... Men kan ein syna at han utvandra til Amerika?

 

Og kva med faren Nils? Utvandra han? Eller hadde John ein bror med same namn? (Næraste slektning i 1918...)

 

Eg har no fått gjort ein ''dobbelsjekk'' av dødsattesten til John, og ein nekrolog er òg funnen. Her er dødsattesten:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

John was born February 26, 1877 in Norway to father Nels Benson (Norway) and mother unknown. He was married to Nellie and they were residents of Backus. His occupation was farmer. He died at the Pine River Hospital in Pine River and was buried at Ponto Lake Township.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Og her er nekrologen:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

John Benson was born February 26, 1878 at Stavanger, Norway. He came to Ponto Lake in 1938 where he resided until his death on Wednesday, April 29 at the age of 64 years, 2 months and 3 days.

 

He leaves to mourn his loss his wife and two children, Bertha and John Jr.; one sister, two brothers, other relatives and friends. One daughter Laura, passed away last November.

 

Funeral services were held from the Northland Funeral Home on Saturday, May 2 with Rev. G.W. Fish officiating. Interment was made at the Ponto Lake Cemetery.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nekrologen seier han kom frå Stavanger, men me veit av erfaring at ein ikkje alltid kan stola på slike utsegner. Derimot kan me vel kanskje tru på at han hadde ei søster og to brør som levde att etter han; berre so synd dei ikkje er namngjevne...

 

Elles er fødselsåret svært so ''varierande''...

 

Hjelper dette med å stadfesta identiteten til John Benson?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

~~~~~~

 

Kirsti Rye, Ålesund, 15.4.2010 11:06 (5)

 

Ifølge FS hadde Johan disse søskena i tilleg til Karl Bertil.

 

Ben f 1880.

 

Lenke.

 

Ole f 1882.

 

Lenke.

 

Marie f 1884.

 

Lenke.

 

Laura f 1886.

 

Lenke.

 

Jeg har ikke funnet ut om dette stemmer, finner ikke noen av disse døpt i Fiskum. Men jeg regner med at disse personene har eksistert, og at opplysningene på FS ikke kommer fra intet.

 

Særlig at Johan skal ha hatt en søster Laura kan kanskje tyde på at det KAN være riktig familie, men det et for tynt grunnlag å konkludere med.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg trur det må vera mogeleg å finna opphavet til John, eller kanskje det er enklare å finna Nels L Benson? Om me berre kjente alderen hans!?

 

Eg krossar fingrene på ny og vonar at Benson-brørne endeleg kan finna heimen sin i Noreg...

 

Hjarteleg takk for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for spennande og utfordrande innlegg. Alderen til Johan Benson er jo so usikker, so han kan godt ha vore fødd i 1872! Og namnet til far hans passar jo òg svært so godt!

 

Men, kan ein føra denne ætti vidare i Eiker?

 

FT1920 for Donald precinct, Marion Co., OR syner denne huslyden:

 

BENSON, Ole 37 Nor Nor Nor farmer em. 1887

BENSON, Inga 33 Nor Nor Nor wife em. Unk

BENSON, Lillian M 7 Can Nor Nor dau em. Unk

 

BENSON, Nels L 71 Nor Nor Nor farmer em. 1886 widowed

 

Ole og Nels er naboar, men mykje talar vel for at Nils er far hans Ole...? Og dei må kort tid før vera komne til Oregon...

 

Kan dette vera far og (halv-)bror av Johan?

 

Dette vert skikkeleg spennande...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Karl Bertil ble døpt i Kongsberg 4. juni 1876 Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Kongsberg, Klokkerbok nr. 4 (1876-1877), Fødte og døpte 1876, side 4.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1102&idx_id=1102&uid=ny&idx_side=-9

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051114030432.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no på ny studert dei opplysningane som ligg føre ovanfor, og eg tek til å tru at Kirsti kanskje tross alt har funne fram til rett huslyd! Nils Laurits Berntson og kona Karen Sophie har mellom anna òg sonen Ole fødd kring 1882, og det høver jo svært so godt med Ole Benson i Oregon 1920!

 

Men denne skomakaren har tydeleg vore av det rastlause slaget...; dei flytte nok ein god del kring i delar av nedre Buskerud til dei kring 1886/1887 må ha utvandra til Amerika! Kunne me endå ha funne denne utvandringi!!?

 

Men om dette er riktig huslyd, må John Benson vera identisk med Johan fødd i Fiskum 26.1.1878 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4170&idx_id=4170&uid=ny&idx_side=-4), som Kirsti har nemnt i tema #77562

 

Kirsti nemner òg broren Karl B. Benson som døydde i Seattle, WA i 1957. Han finn me i FT1910 som pensjonateigar i Ryder, Ward Co., ND, 34 år gamal og utvandra 1887. Og i same hushaldet broren Ole Benson, 28, likeins utvandra 1887.

 

Eg finn Carl og Ole Benson òg i FT1900; då farma dei to i lag i Linden township, Winnebago Co., IA, Carl fødd Noreg mars 1876 og Ole fødd Noreg oktober 1882, men utvandringsår er ikkje oppgjeve!

 

MEN, kvar er utvandringi deira?? Og kvar er Nils og Johan mellom 1887 og 1918?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nils Laurits Bentsen døpt i Modum 20.april 1848 Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Modum, Ministerialbok nr. 7 (1841-1850), Fødte og døpte 1848, side 113.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1106&idx_id=1106&uid=ny&idx_side=-117

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051114020567.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for nyttig innlegg!

 

No har eg funne Nils i FT1900 i Wesley, Kossuth Co., IA:

 

BENSON, Nels Mar. 1850 Nor Nor Nor em. 1883 shoemaker widowed

BENSON, Bertha Aug. 1889 IA Nor IL daughter

 

Og frå Vigselsregisteret for Kossuth Co., IA:

 

Nels Benson, son of Bengt Nelson and Magdalene Minson

Carrie Olson, daughter of Nels Olson and Anna Olson

married at Algona, Kossuth Co., IA July 28, 1888

 

Altso var Bertha ei halvsøster av Johan, Karl, Ole og dei andre borni!

 

Men, so var det denne utvandringi då... Kanskje Nils Laurits utvandra som enkjemann med borni sine?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No ser eg at desse opplysningane frå vigsli ikkje stemmer med opplysningane frå fødsli på Modum i 1848 - kan det likevel vera ein annan Nels Benson..., som òg var skomakar...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Hello, I am also researching the Benson family in North Dakota. My 2nd great grandmother was named Bertha Benson and I believe she may be a daughter of Nils after he came to America. I would love to share any information on this family to determine if I am on the correct path in my research. I do know that Bertha was a sister to Karl Bernhard Benson as I knew presonally Karl's grandson. Thanks

 

Chris Vicary

Lethbridge, Alberta, Canada

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Thank you very much, Chris, for your latest contribution to this family question. I have received your emails, and as I have responded to you directly, I am pretty sure that "your" Bertha belongs to the same Benson family, but I am not too sure that Karen Sophie was Bertha's mother....

 

As for my research, I am still wondering when the family emigrated to the US. No emigration has been found this far!

 

Very sincerely yours,

 

Lars E. Oyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.