Jump to content
Arkivverket

Aner til Erik Fredrikson Hoff, fødd ca 1700 på Romerike(?)


Johan Hjortås

Recommended Posts

Erik Fredrikson Hoff (Hoft, Hof, Hov?), gift med Birgitte (Berte?) Pedersdatter Hammer, overtok bygsel av kremmarstaden Sundavikjo i Tysnes, Sunnhordland ca 1745. Birgitte døydde ca 1749 og i skiftet etter henne (http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081112650491.jpg) er nemnt 7 born: 1) Peder, grenader i København. 2) Fredrik (ca.1724-75), bur i Bergen. 3) Bertel (1727-76), underoffiser og smed på Tysnes, gift 4 gonger. 4) Henrik (1731-76), bur i Fusa, g.1754 m. Karen Treubler Lindbech, 5)Catharina, bur i Trondheim, 6) Dorthea, død før 1749, g.m. sersjant Ole Handeland, Fjelberg, Kvinnherad. 7) Ellen, bur i Bergen, g.1749 m. Ole Jørgensen. Fleire av desse har stor etterslekt i Sunnhordland, m.a. underteikna.

 

I 1750 vart Erik gift igjen på Tysnes med Marte Guttormsdatter, av ukjent opphav. Dei fekk dottera Berte Dortea i 1751. Kort tid etterpå forsvinn både Erik og Marte frå Tysnes, det er ikkje registrert dødsfall på dei på Tysnes. Sonen Bertel fekk bygsel på Sundavikjo i 1752.

Ifylje Skaathuns bygdesoge for Fusa, Hålandsdal og Strandvik skulle ”slekta Hoff vera komen frå Romerike”, men han gir ingen kjelder. Erik Hoff var kjent som ein svært flink smed. Min teori er at Erik Hoff hadde ei fortid i militærvesenet, enten som underoffiser eller kanskje som smed tilknytta eit kompani, og difor levde eit omflakkande liv.

I kyrkjebok for Etne, Hordaland har eg funne at ”Hendrick Eriksen” vart døpt 2/2-1731 og faren var ”Erich smed”. Min teori at dette truleg gjeld den yngste sonen til Erik, årstalet stemmer og Etne var standplass for ”Søndhordlandske kompani” på den tida. Eg har ikkje funne fødsel på nokon av dei andre borna.

 

Eg har sjekka bygdebøker for Hov i Fet på Romerike utan i finne sikre spor, men:

I Horgen: Bygdehistorie for Fet, bd.3 er der under gardsnr 28/6- Holter nordre nemnt ein Auen Pedersen Hammer frå Lørenskog gift med Berte Pedersdatter. Auen døydde i 1739 og Berte dreiv garden eit par år, før ho makeskifte den mot gardsnr. 30 – Haga. I 1743 selde ho Haga for 400 Rd og forsvinn ut av bygdehistorien. Både Haga og Holter ligg i nabolaget til Hov i Fet.

 

Ein usikker teori: Erik Fredrikson Hoff stammar frå Hov i Fet, eller har vore busett der. Han har vore gift med NN, som han har fått 7 born med, og er blitt enkjemann i tidsrommet kring 1740. Han er da i tida omkring 1743-45 blitt gift med enkja Berte Pedersdatter Hammer, som han kjende frå Fet, og begge flytta til Tysnes ca 1745, der Berte døydde i 1749.

 

Problem: Anene til Erik Fredrikson Hoff , Berte Pedersdatter Hammer og Marte Guttormsdatter? Og kvar vart det av Erik Fredrikson Hoff, Marte Guttormsdatter og dottera Berte Dortea etter 1751?

Det var fint om nokon har opplysningar om desse, og om nokon som er sterkare enn meg i gotisk skrift kunne sjekke i kyrkjebøkene for området i eller omkring Hov i Fet.

Link to comment
Share on other sites

Ein usikker teori: Erik Fredrikson Hoff stammar frå Hov i Fet, eller har vore busett der. Han har vore gift med NN, som han har fått 7 born med, og er blitt enkjemann i tidsrommet kring 1740. Han er da i tida omkring 1743-45 blitt gift med enkja Berte Pedersdatter Hammer, som han kjende frå Fet, og begge flytta til Tysnes ca 1745, der Berte døydde i 1749.

I følge skiftet hadde Birgitte Pedersdatter Hammer 4 sønner og 3 døtre. Hvis ikke dette hadde vært hennes barn, ville de ikke blitt nevnt.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.