Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jan Oldervoll

[#298] Vil du testa nytt landsomfemnande søk?

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Du har kanskje oppfatta at me har nytt søkesystem under utvikling? No er første versjon klar til uttesting. Prøv her. Feil og forslag tilforbetring er det plass til her. Ver merksam på at systemet er under utvikling og kan difor til tider vera noko ustabilt.Men i alle høve, takk for hjelpa.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Kan du forklare litt om kva vi kan forvente av dette, pr no? Kva kjelde er det som blir søkt i, td.? Er ÆØÅ-problemet løyst? Når det ikkje kjem fram noko namn, er det fordi den aktuelle kombinasjonen føre/etternamn ikkje finst, eller?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Inntil vidare er det berre 1801. ÆØÅ burde vera løyst. Du kan søkja på fleire variablar. For 1801 er det berre namn, men alder skal nok også koma på plass. Når det ikkje kjem noko namn, er det fordi kombinasjonen ikkje finst. Eg skal nok leggja inn litt meir hjelpetekstar, men no har eg tenkt å ta pause. Det er annonsert lappar i heimehusa!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Velbekomme!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Britt Frank

Det ser ikke ut til å fungere helt som det skal: jeg søkte på etternavn begynner på "Østen", og fikk opp en side der det kun står Etternavn (ingen navne-liste) - jeg trykket likevel på utvalgsknappen og får opp en lang liste med kommuner/sogn. Selekterte så Askvoll (langt nede på listen), men den samme listen kommer opp igjen - heller ikke her etternavn med Østen...Kan vi kanskje få søkemulighet på gårder også?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Britt Frank

Jeg glemte å tilføye at etternavnet Østensen finnes under FT 1801/Askvoll.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Det fungerer bra om du brukar liten ø. Det kan nemnast at i utgangspunkjtet skal det ikkje spela noko rolle om ein skriv små eller store. Men det gjer det tydlegvis for norske bokstavar. Eg skal elles finna ein måte for utlendingar å skriva norske bokstavar. Har ikkje heilt bestemt meg korleis.Det kjem nok også gardsregister ein av dagane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John Strøm

Fungerte bra for meg. Fikk treff på alle jeg søkte på i motsetning til før. Likte det å få flere søkeparametere til samme søket. Ser fram til gårdsregisteret.Mvh John

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Holck

En kommentar ang. søking med ?:For meg ville det vært naturlig å få opp også navn som bare inneholder de bokstavene jeg skriver inn foran ?, enten jeg benytter Begynner på eller Er lik. Eks:Tidligere mener jeg at "holterman" ga tilslag både på: holterman holtermand holtermannHvis jeg nå søker på "holterman?" får jeg bare tilslag på holtermand og holtermann ( og går glipp av 30 holterman.) Poeng: Kanskje ? i tillegg til å kunne være alle bokstaver også bør kunne være blank?Jeg skjønner ikke helt forskjellen på søk med ? og *. Skal ? bare brukes i slutten av ord, mens * skal brukes inni ord?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Spørsmålsteikn kan bety kva som helst bokstav, men det må vera eitteikn. Holterman kan altså ikkje bli funnen av holterman?. Den blir derimot funnen av holterman*, fordi * erstattar eit fritt antall teikn, inkludert ingen teikn.Både spørsmålteikn og stjerne kan stå kvar som helst i ordet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Britt Frank

Ja, det ser ut til å fungere fint med små bokstaver. Ellers hadde jeg også ved første søkerunde innstilt tastatur på norske bokstaver, så det var ikke utenlandske bokstaver som var problemet. Søker jeg nå etter sæbiørns, får jeg opp 2 Bergen og 2 Haram. Selekterer jeg så Bergen for å se personene, blir Bergen og Haram fortsatt stående til venstre på skjermen - ved aktuelle landsomfattende søk, vises bare navnene.At stedsnavnene blir stående, er vel ikke så forvirrende, når det gjelder bare to steder. Men jeg søkte også på fornavn begynner på sør - valgte så søren. På listen som kommer opp valgte jeg Askvold (38 personer). Siden som da kommer opp viser til venstre for alle søren'er fortsatt listen over alle stedsnavn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Det er faktisk meininga at dei skal stå; eg tenkte at det ville vera lettare å bla gjennom dei forskjellige prestegjelda på den måten. Men eg kunne kanskje spandera ei overskrift her og der. Eg har eigentleg ikkje starta på pynten enno.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Britt Frank

Ja, du har rett - sånn er det lettere å hangle seg igjennom prestegjeldene. Jeg ble bare litt irritert over at listen i sin helhelt kom opp igjen, men da fantes det vel Søren'er overalt. Og alt ser ut til å fungere bra, både med ? og * og det hele. Personlig har jeg ikke savnet pynten her, men når den nye versjonen blir lagt ut, kan vel noen overskrifter ikke skade.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Eg har prøvt systemet på ein del personar som ikkje budde "der dei skulle" i 1801, og fann dei utan for store problem, så dette ser bra ut. At dei opplista kommunane blir ståande til venstre, tykte eg var heilt greit, men den eg har framme til ei kvar tid kunne godt vore markert med annan farge. Eg har dessutan sukka over at det ikkje har vore korrigert meir i avskrivinga; det vart utruleg mange mogelege skrivemåtar å velje av t.d. Antonsdtr, og ein god del av dei er heilt openberre feil, men eg veit akkurat kva svaret blir: 1.kjelda skal attgjevast som ho her, og 2.det er for dyrt med korrektur - og det verste er at eg er enig. Med det systemet de etter kvart har gjeve oss gjennom DA, er det færre og færre utfordringar att for oss som leitar, og då treng vi nesten å ha ein del skrivefeil å forholde oss til for at det ikkje skal bli altfor lett :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Eg gløymde å stille følgjande spørsmål: Kan ein kombinere fleire sortar ukjende? Eg søkte etter etternamn som "børjar på" Ant[h][uo]n og fekk opp ei heil rekkje med namn. Skreiv så Ant[h][uo]n*s utan å få noko tilslag. Er det kombinasjonen av fleire typar ukjende som er årsaka, eller?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Først til feil: Søkjer ein i etternamn på anders får ein ca 40 tilslag. Av desse er ca 10 feil, eller 25%. Det høyrest mykje ut. Men bak dese 40 termane skjuler det ca ca 43.000 personar. Bak dei med feil skjuler det seg kanskje 40 personar. Det vil sei at i eit av 1000 tilfelle har det kome inn ein feil. Det er akseptabelt.Når det gjeld kombinasjon av *? og [] er det i utgangspunktet lov å kombinera med ein vil. Men ein del av kombinasjonane er vanskelege å handtera reint programmeringsmessig. Og sidane heile funksjonen vart skriven ein sein fredag ettermiddag, kan eg ikkje garantera at det går greitt i alle tilfelle. Eg er glad for tilbakemelding om tilfelle der det ikkje går. Ant[h][uo]n*s burde gå, sidan Ant[h][uo]ns. Stjerna skal bety at det kan eller ikkje kan vera ein bokstav, og burde ikkje spela noko rolle. Men det gjer ho. Eg skal sjå på det i morgon.Eg skal syta for at den kommune ein er i blir skikkeleg markert.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Andersen

Bra jobbet!!Jeg har et forslag (som har vært brukt før) om å åpne et nytt/nye vindu når man skal se på enkeltpersonene som kommer opp i en kommune. Det blir da enklere å sammenligne.En lenke tilbake til nytt landsdekkende søk kommer vel når pynten er på plass.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Løkkebø

Jeg gjorde et forsøk med å søke på gårdsnavn, begynner med løk. Da kunne jeg velge og valgte Løkebøe som ligger i Kind. Da jeg trykket på "trykk her" kom det opp en haug med kommuner, men det var ingen mulighet å komme til riktig gård.Hva er galt?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Andersen

'abcd*' med '*' som avslutning på et ord fungerer ikke, men 'abcd' og 'Børjer på' gir tilslag som før. F.eks. Holterman* som beskrevet tidligere gir ingen navn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Thorud

Som påpekt før er det er problem (vel, i alle fall meget tungvindt) med mange varianter av spesielt etternavn som det må krysses av for - søkte på christiansdatter med christ* og det er et utrolig antall måter å skrive dette "etternavnet" på.Mulige løsninger 1 - ta hensyn til søkekriterium i andre felt. Ser ut som lista med etternavn inneholder alle etternavn i hele databasen, det tas ikke hensyn til hva som spesifiseres i fornavn. Krever mye prossesering - avhengig av databasemotor? 2 - ha et valg øverst i lista som angir "alle". Selv om dette gir mange tilslag, vil det totalt sett være mindre arbeidskrevende hvis man regner med at personen finnes i f.eks 5-6 prestegjeld eller færre. (Ofte vil variasjonen i skrivemåte skyldes variasjoner over "datter" - og da kommer det ut på ett om en klikker på alle variantene eller velger "alle" - man må ha med alle uansett.) 3 - tillate avgrensning av søk til amtDe 3 løsningene kan i teorien kombineres, men kanskje nr 2 er å foretrekke. Når mulighet for å velge på alder vil vel problemet også reduseres noe.Insisterer ikke på noen av disse løsningene, men det hadde vært fint om noen la hodet i bløyt for å finne en løsning.mvh Geir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Lars sitt problem vart løyst omtreng samstundes med at han skreiv innlegget sitt.Tor sitt stjerneproblme skal eg sjå på i morgon. Å opna eit nytt vindauge er eg litt tvilande til; eg veit at mange urutinerte brukarar har problem når det opnar seg nye vindaugo. Det fører m.a. lett til at når ein ser på neste person, vil ein ikkje sjå den fordi vidauget er minimalisert. Me har hatt så mykje trøbbel med denne måten at det freistar ikkje.Så til Geir. Grunnen til at du får opp dei lange listene uavhengig av om du har informasjon i andre felt, er av kapasitetsmessige grunnar. Så lenge eg søker berre på namnet utan omsyn til kvar dei finst, går det fort, så fort at eg til og med har kunna tillata søk inne i ord, t.d. *holm. Men så snart ein vil vita kvar dei er eller om eit etternamn finst i kombinasjon med eit førenamn. Blir det noko anna. Då må det søkast gjennom alle. Om du kryssar for to namn, tek det i prisnippet om enn ikkje heilt i praksis, dobbel så lang tid. Å tillata t.d. søk etter alle førenamn som børjar på a i kombinasjon med etternamn som børjar på b går bra om ein listar. Om ein derimot vil ha alle som har førenamn som startar på a og har ettersnamn som startar på b, stiller det seg heilt onnorleis. Då får maskinen noko å gjera, som gjera t ingen andre kjem til på ei stund.Det vil også sei at å ha ein knapp som gjer at alle automatisk blir avkryssa fører til det same.Kort sagt kan ein sei at prisen ein må betala for å bruka ei svært populær teneste og ha svært fleksible søkemuligheter på enkeltermar er at ein mister noko anna. Manuelle inngrep fører til to ting; det eine er at det blir færre tunge oppgåver og at det blir lengre mellom dei.Løysinga på dette problemet er at me standardiserer namn i utgangspunktet. Dette er under vurdering. Det finst to måtar å gjera det på; ein automatisk og ein manuell. Me har ikkje bestemet oss for korleis det skal gjerast, og heller ikkje når me får kapasistet til å gjera jobben.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kari Larsen

Jeg prøvde å finne Jørgen Jenssen e.l. i Trondheim. Han er kanskje død eller flyttet - skal være født i 1785. Problemet er at jeg får så mange ulike tilslag på sted og må klikke gjennom hvert enkelt. Stedslisten er ikke alfabetisk, men numerisk. Er nummereringen ordnet geografisk? Jeg kunne godt tenkt meg å kunne merke av flere aktuelle i stedslisten også - ellers virket det jo helt greitt. Eller kunne man alternativt fått opp en "aldersliste", slik at man kunne klikke på den aldersgruppen man ønsket?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Nummerering er i utgangspunktet geografisk, etter kommunenummer. Eg burde kanskje setja på fylkesnamn over kommunane. Eg er samd med deg i at det kunne vera greitt å merka av fleire samstundes. Men me står overfor problemet at me til tider har svært stor trafikk, eg har sett 6 søk i sekundet over lengre tid. Då er me svært avhengig av ein god miks av ressurskrevjande søk og mindre ressurskrevjande søk. Det kan vera irriterande å trykkja to gonger. Men om det fører til at alle får betre responstid, er det likevel det beste.og i tilegg er det også eit spørsmål om kva ein skal bruka programmeringstid til; noko som også er ein mangelfaktor.Alder vil koma ein av dagane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Morten Lange

Jeg savner nettop det som ble nevnt nederst i siste innlegg, nemlig å kunne søke på alder / fødselsår med slingringsmonn, helst for alle folketellingene :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Det skal nok koma. Men nett i denne perioden kan eg ikkje avsetja særleg med tid til DA. Om eit par veker kjem det seg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.