Gå til innhold
Arkivverket

Hjælp til at lokalisere Matr.nr/Gnr: 99 i Naustdal S&F.


Hans Falch
 Del

Recommended Posts

Hjælp til at lokalisere Matr.nr/Gnr: 99 i Naustdal S&F.

 

I Folketælling 1910 for Naustdal herred

Naustdal (gaard) ejet af Petra Knagenhjelm

 

Matr.nr/Gnr: 99

Løpenr/Bnr: 12, 2

http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036732001241/

 

Spørgsmål:

Findes Bruget/gården i dag?

Hjælp til at udpege beliggenheden på et kort over Naustdal.

Hvad meddeler bygdebogen om bruget?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er muligens bilde av huset til Petra Knagenhjelm i Naustdal

 

Kommentar ved bildet:

"06 Sentrum mellom 1902-05.jpg"

Nyeskulen er bygd (1902). Kleivabua ikkje bygd. Det er sagt at M&S Kleiva starta handel i 1903, men det var truleg i eit anna bygg. I

bakgrunnen th. ser vi at Fauske sitt hus ikkje er bygd. (1905). Huset vi ser der er doktorhuset. Huset i framgrunnen må vere Petra

Knagenhjelm sitt hus, og bakanfor der er Garsløa. Det kvite til v. er truleg huset som Sivert Reed seinare bygde på og starta bakeri midt

i 20 åra, seinare Kyrkjelydshuset. Det umåla huset i framgrunnen er ukjent. det må ha stått mellom Kyrkjelydshuset og Kleiva-bua.

Vidare innover Berrvellene Prestehuset, og husa på Bøen.

Foto frå Rolv Haugnes

 

 

http://utvandring-naustdal.info/Gamle%20Naustdalsbilder.pdf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Garden Naustdal (gnr 99) er det som i dag blir kalla Naustdal sentrum. Enkelt sagt det flate området nedanfor garden Jonstad, på begge sider av elva, mot fjorden i Naustdal. Det er ikkje særleg gardsdrift igjen i dag. I 1939 var det 25 bruk som hadde dyr, i 1993 var det berre fire.

 

Håpar linken til kartet virkar.

 

Bruket som Petra Knagenhjelm hadde låg så vidt eg kan sjå inne med Bærelva.

 

mvh Egil

post-585-0-76287900-1298160256_thumb.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter å ha sett gjennom bilda i Ann-Mary sitt innlegg og bilde i bygdeboka, trur eg at eg skal endre "forklaring" litt.

 

Petra Tomasdotter Knagenhjelm var drivar på bruksnr. 2 og 12 i perioden 1886/1887 til 1911. I 1907 blei dei to bruka slått saman. Bruksnr. 12 var i 1876 skild ut frå bnr 10 og 11. Eg finn ikkje opplysningar om kor dette bruksnr. 12 har vore plassert, men i følge bygdeboka var det ein handelsmann som hadde det før Petra, så då låg det truleg nede i "sentrum", og kanskje har det ikkje vore nokon gardsdrift knytt til bnr 12. Det var dette bruket Petra overtok først, og det kan jo tyde på at ho har "ekspandert" frå huseigar til gardbrukar heller enn at ho har kjøpt bnr 12 som tilleggsjord.

 

Som Gaute også fortel, så ser det ut som om dei gamle bruka i Naustdal har hatt teigane sine spredd rundt omkring. Det finnes i dag svært lite igjen av dei "lave" bruksnummera nede i sentrum, og mest truleg har bruksnr. 2 også hatt ein del av sin eigedom nede ved kyrkja, i tillegg til blant anna eit område ved Bærelva.

 

Om vi tar utgangspunkt i bilde som Ann-Mary viser til (bilde nr 06 i bildeserien), så finn området til bnr 2 ved Bærelva igjen bak doktorbustaden, og husa som står på bnr 2 no, ligg då bak og til venstre for doktorbustaden. Som du ser på bildet, er det ikkje noko hus der kring 1905. I framkanten av bildenr. 06 ligg det som då er rekna for å være Petra sitt hus. Utan at eg skal ta på meg å vite korleis huset til ein handelsmann på 1800-talet såg ut, så ser dette meir ut til å være eit hus for ein bonde enn for ein stad der ein dreiv handel. Eg vil difor tru at dette må være det opprinnlelege tunet til bnr. 2. Så vidt eg kan sjå på bilde, så må dette tunet då ha stått nord (kanskje ein tanke vest) for kyrkja. Bakan for huset til Petra står "Garsløa". Eg er usikker på om dette referer til at det er løa til Petra eller om denne har tilhøyrt garden "Garden". I alle fall må Petra mest truleg ha hatt ei løe nede ved huset. På bilde nr. 08 frå 1920 vil du sjå dette tunet tydelegare, her framfor kyrkja og til venstre for det kvite huset.

 

På eit bilde frå 1950-åra i bildeserien til Ann-Mary ser eg at "Gardsløa" og tunet til bnr. 2 er borte. På eit bilde frå 1963 i bygdeboka er det kome opp ein driftsbygning på området til bnr 2 ved Bærelva, men det er vanskeleg å sjå om det står oppført noko bustadhus. I dag ligg det som sagt eit bustadhus her. Eigedomane nord for kyrkja har i dag bruksnr på mellom 55 og 68, og det kan tyde på at dei har vore utskilt kring 1950/1960. (bnr 64 var utskilt i 1957).

 

Eg trur det rette vil være å sei at det som i dag er tunet på bruksnr. 2 er området ved bærelva. (Dersom du somar inn på det gul/rosa feltet nede ved elva på kartet til Gaute, så ser du det tydelegare). Det kan sjå ut som om dette området opprinneleg har vore større. Eg finn at både bnr 24 og bnr 26 (doktorbustaden) blei skilt ut frå bnr 2 ved Bærelva i 1908. Eg vil difor tru at tunet til bnr 2 har blitt flytta frå området nord for kyrkja til området ved Bærelva på 50- eller 60-tallet.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Egil, jeg kan se du nævner brug 24 og 26 ” Eg finn at både bnr 24 og bnr 26 (doktorbustaden) blei skilt ut frå bnr 2 ved Bærelva i 1908.”

 

Moren til Petra, Johanne Marie Falch gift Knagenhjelm, født 1804, død 1900, flyttede til Naustdal tidlig på 1840 tallet og boede der til sin død.

I folketællingen 1865 er brug 23, 24, og 26 nævnt.

 

Er det de samme brug som du nævner?

Jeg har hele tiden regnet med at Petra arvede moderens brug?

Nævner bygdebogen noget om Johanne Marie Knagenhjelm?

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=2&filnamn=f61432&gardpostnr=594&personpostnr=4087&merk=4087#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Hans. Talla du viser til i 1865 gjeld nok skuledistrikt (prestegjelda var oppdelt i ulike skuledistrikt).

 

I Bygdeboka for Naustdal om bnr 2 finn eg følgande: "I 1875 budde Petra saman med mora, Johanna, som då var kalla huseigar og levde av pensjon".

 

Det kan sjå ut som om det er ein annan familie som budde på bnr. 2 før 1887, så kvar Johanna då budde, det veit eg ikkje, men altså ein stad i Naustdal i følge FT 1865.

 

Eg skal sjå om eg kan finne meir om ho.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje så lett å finne ut noko, men eg trur eg kan sjå for meg eit hendelsesforløp.

 

Johanne bur ein stad i Naustdal i 1865, der ho er huseigar. I 1875 budde petra og Johanne i lag ein stad i Naustdal, der Johanne er huseigar. I 1876 blir bruknr. 12 skilt ut og Nils Andreas Steffenson Horstad overtar dette bruket, fram til han dør i 1885 (eg ser no at han i 1885 budde på Hafstad, og at det var der han var handelsmann, jf det eg har skreve om kva for ein type hus som viste på bilde 06). I buet etter Nils Andreas kjøper altså Petra bnr. 12.

 

Spørsmålet er om det kan være her dei har budd heile tida. Kan Johanna ha bygd eller kjøpt eit hus mellom 1840 og 1865 og festa tomt på det som seinare skulle bli bnr 12. Mellom 1865 og 1875 flyttar Petra hit og bur i lag med mora. Nils Andreas kjøper tomta og kanskje huset i 1876, og eig denne fram til 1885. Johanna og Petra kan framleis bu her. Ein gong før 1885 flyttar Nils Andreas inn til Hafstad, der han dør i 1885. Petra kjøper så bnr 12 av dødsbuet.

 

Litt spekulasjoner, men .....

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tak Egil, det hændelsesforløb du skitserer kunne være et godt udgangspunkt, selv om du skriver” Litt spekulasjoner, men .....”. Vi får se hvad som kommer frem af arkiverne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kan ta ein mogelegheit til.

 

Dersom vi ser på einingsnummeret (eller kva det heiter dette nummeret) i 1865 så bur Johanne i nr. 594. I nr. 593 finn vi Anders Sjurson som er gardbrukar og sjølveigar på bnr. 2. På nr. 595 finn vi Rasmus Mathiassen som er husmann på plassen Øyra under bnr. 2. Det kan difor godt være at Johanne har festa ei tomt på bnr. 2 mellom 1840 og 1865, der ho har kjøpt eller bygd eit hus, mest truleg det som no er nede i sentrum.

 

Når Petra kjøper bnr. 2 i 1887, så er det ein Anders Andersen fødd i Stryn som eig den, etter at han overtok den i 1875.

 

I 1874 er det ein Anders Andersen som får skilt ut bnr. 10 frå bnr 9. I 1876 selde han det vidare til Korlius Kristianson Eikenes, som nokre månader seinare selde det tilbake til bnr. 9. Dette året blei også bnr. 11 utskilt frå bnr. 10 og bnr. 12 frå bnr. 10 og 11. Om det er den same Anders Andersen som kjøper bnr 10 i 1874 og bnr. 2 i 1875 er uvisst, men det er vel truleg. Den eine sonen til Rasmus Mathiasen på husmannsplassen Øyra overtar bnr. 11 i 1891 etter å ha gifta seg med dattera til den tidlegare eigaren.

 

Kanskje har då Johanne og Petra budd i Johanne sitt hus på ei festa tomt på bnr. 2 i 1875, og at Petra så har kjøpt bnr. 12 frå Nils Andreas Steffenson i 1886, og flytta dit.

 

Framleis spekulasjoner, men ....

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tak Gaute, men jeg kan ikke finde navnet Knagenhjelm nævnt i 1886 under nogen brug?

 

Når det gjeld Johanne, så festa ho mest truleg berre tomt til huset sitt, og er difor ikkje komen med.

 

Petra kjøpte bnr 12 i 1886, men sidan det framleis er den tidlegare eigaren som står oppført her, så må matrikkelen ha vore nedskreven før kjøpet.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har funne litt meir opplysningar som kanskje kan kaste lys over kor Johanne budde. Eg ser av Naustdal bygdebok at Johannes Falch var eigar (men ikkje brukar) av garden Naustdal bnr. 2. Han var vel far til Johanne så vidt eg har funne ut. Han overtok eigedomen kring 1840, og det kan jo passe bra med det tidspunktet du har opplyst at Johanne flytta til Naustdal, og det var vel då naturleg at ho busette seg på garden til faren.

 

Eg har funne eit skjøte som kan kaste meir lys over saken i forhold til kor Johanne budde. Dette er Karen Falch, som er ei yngre datter av Johannes, og dermed vel søstra til Johanne. Eg har litt vanskar for å lese alt, men det gjeld så vidt eg kan sjå eit skjøte i 1857 for Matr 99 løpenr. 250 (som tilsvarer bnr. 2) frå Karen Falch til Christian Olsen Nøstdal. Det kan sjå ut som ho sjølv har overtatt denne garden frå faren i 1854. Så kjem det som er spennande. Det blir i skjøte gjort forbehold om fru? Knagenhjelms Ret til fritt bruk sålenge hun lever av det stykke jord som hun inntil no har brukt, og ?????? ?????? rett etter bygselsbrev av 2. ????? 4/7 1853.

 

(nederst på høgre side) Kildeinformasjon: Protokollnummer: II.B.14, Sted: Sunnfjord sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB

Merknader:

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20070813201283.jpg

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=11875&uid=ny&idx_side=-422

 

Johanne må då ha budd ein stad på bnr. 2, og skulle framleis ha rett til det. I BB Naustdal kjem det fram at Johannes Falch bygsla vekk bnr. 2 til Anders Sjurson i 1853. Dette bygselsbrevet kan kanskje ha meir informasjon. Anders Sjurson kjøpte bruket i 1862.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser spændende ud Egil.

Du får lidt slægtssammenhæng:

 

Forældrene til Johanne var Peter Falch 1759-1821 i Vaagene og Ædel Dorothea Diche 1765-1828 (mine tip2oldeforældre)

 

Lensmand Johannes Falch 1793-1855, han boede på Falchensten i Førde. (min tipoldefar) han var fætter til Johanne Marie Falch gift Knagenhjelm og hun var søster til Johanneses kone Franciska Marie Dorothea Falch, 1792-1868 (min tipoldemor) (min oldefar og farfar er født på Falchensten)

 

Karen Falch 1820-1906 var en datter af Lensmanden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er bygselsbrevet av 1853, men eg ser ikkje noko om Johanne i dette (tredje nederst venstre side) Kildeinformasjon: Protokollnummer: II.B.13, Sted: Sunnfjord sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB

Merknader:

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20070813200809.jpg

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=11874&uid=ny&idx_side=-426

 

Her er skjøte frå Johannes til Karen Falch i 1854. Her er det litt meir interessant, men ikkje alt er like lett å lese. Så vidt eg les det, så er det snakk om at garden som brukes av Anders Sjurson, nå skal selges og tilhøre min forranmeldte datter (altså Karen Falch) med ???? og eiendom, paastaaende Huse, fru Knagenhjelms ???????? (kan det være bygning) undtagen.

 

(nederst venstre side) Kildeinformasjon: Protokollnummer: II.B.14, Sted: Sunnfjord sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB

Merknader:

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20070813201224.jpg

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=11875&uid=ny&idx_side=-363

 

Det skulle då bety at Karen i 1854 overtar eigarskapen av bnr. 2, og råder over heile eigedomen untatt "bygningen" til fru Knagenhjelm (altså Johanne).

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når eg først er i gang. Her er skjøte til Petra på bnr. 2. Her ser eg ikkje nemnt noko om Johanne sine rettar (midt på venstre side) Kildeinformasjon: Protokollnummer: II.B.24b, Sted: Sunnfjord sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB

Merknader: fol. 286-455

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20070813231029.jpg

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=11890&uid=ny&idx_side=-142

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.