Gå til innhold
Arkivverket
Gjest John Strøm

[#409] Søkekriterier på fylkesnivå

Recommended Posts

Gjest John Strøm

Hei Jeg vet ikke om spørsmålet er reist før, men kunne det være en ide å ha den muligheten man har ved søk på hele landet også på et enkelt fylke ?Dette vil jo redusere antall personer å lete gjennom når man skal prøve å finne en person som ikke lenger befinner seg i hjemkommune ved folketellingen. Veldig ofte bosatte de jo seg i en nabokommune. Jeg vet at ved landsøk så blir personene sortert fylkesvis. Men ved søk på hele landet så blir valgene for navnevarianter veldig mange.På forhånd takk John

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Slik søkinga er lagt opp vil søking på fylkesnivå vera meir ressurskrevjande enn søking på landsnivå. Forskjellen er forholdsvis dramatisk. Me vil ikkje kunna tilby ei slik teneste med det utstyret me har. Det me då måtte gjera er å ta bort fleksibiliteten i søket (haker og stjerner). Så inntil vidare må det nok vera som det er. Men eg spekulerer på ein måte å få opp hastigheten på søka enno meir. Og då kan det vera aktuelt å ta ut vinsten på mange slags måtar.Eg minnar stendig på at me må har mange søk. Nett no ligg me jamt på kanppe tre søk i sekundet, eller kanppe 10.000 i timen. Og alle desse søka skal gjerast på ein vanleg PC. Då kan ikkje kvar enkelt få altfor mykje ressursar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John Strøm

Tusen takk for utfyllende svar Jan.Jeg har ingen problemer med argumentasjonen din. Og jeg hadde en mistanke om at det du skriver var årsaken.Du får ta en tur på Stortinget med statistikkene for den PC'en og insister på å få ordenlig server(e) med flere prossesorer. Jeg tror du driver og tyner ressursene dine. :-)Jeg ser kommentarene om søkeproblemer dukker stadig oftere opp. Og det er jo litt synd å måtte bruke så mye tid på service istedenfor andre ting.Og vi snakker jo om småpenger hvis de ser på hvor mange som har glede av tjenestene dere tilbyr oss.Med ønske om en fin dag imorgen og at maskinen holder seg gjennom nok en natt med besøk av våre slektninger fra "over there"John

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Om eg ville kunne eg nok fått ein ny server. Problemet er at det berre hjelper ein tanke. Fleire prosessorar hjelper ikkje i det heile til den typen oppgåver me har; programma kan rett og slett ikkje utnytta dei. Ein raskare prosessor ville hjelpa; kanskje. Problemet er at at toppbelastinga er gjennom ein svært kort periode av døgeret; frå ca 9 om kvelden og nokre timar. Kapasitetsauken me ville fått med ein raskare prosessor ville svært fort blitt spist opp dersom ein t.d. gjorde det mogeleg å søka direkte på fylke.No har me ein 350MHz maskin med så mykje minne (RAM) som det er råd å utnytta og så raske diskar det er råd å få. Maskinen er ca eitt år gamal. Eg ser ikkje at me kan forbetra tenestene våre særleg ved å byta maskin, sjøl om me nok har pengar til det. Me kan børja bruka fleire maskiner (meir effektivt enn fleire prosessorar i same maskinen). Men dette fører til ymse slags administrative problem som gjer at me helst ikkje vil før me må.Slik det no er er det ein del oppgåver som er svært lite ressurskrevjande og andre som krev mykje. Om me kan halda talet på det siste slaget nede, har me rikeleg med kapasitet, om det aukar vil me aldri ha nok, uansett kva me kjøper av utstyr. Søk der du får alt nett slik du vil ha det er gjerne ressurskrevjande. Når du klikkar for å sjå personar kostar det svært lite. At du blir tvungen til å gjera det mellom dei 'verkelege' søka fører til at systemt tikkar og går. M.a.o. det er viktig for meg å passa på miksen sjøl om det irreterer både meg (som brukar) og andre.Det einaste verkelege alternativet er å forbetra dei oppgåvene som no er ressurskrevjande slik at dei ikkje lenger er det. Det er dette eg no tenkjer på. Om eg finn fram til ei brukande løysing, vil du koma til å oppleva at landsomfattande søk blir mykje meir fleksibelt. Men det skal både tenkjast ut og programmerast.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfinn Småli

Tips til John Strøm: På siden til RHD kan du søke fylkesvis på personer, i folketellingene, også for 1875.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.