Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Arne Pederson Ekanger (1816-1898) snikkar i Haugesund

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Arne Pederson Ekanger, f. p Eikanger i Hamre 25.11.1816, flytte i 1838 som snikkar til Sogndal der han gifte seg første gongen 4.1.1841 med Elisabeth Malene Sunde, kjend som Malena Hansdotter Ross, f. i Sogndalsfjøra i Sogndal 29.9.1817. Men ho d. i Sogndalsfjøra alt 25.12.1841, og Arne gifte seg att i Sogndal 17.10.1842 med Britha Nilsdotter, f. i Sogndalsfjøra i Sogndal 2.11.1821. Arne og Britha flytte i 1844 til Hafslo og busette seg på Smedegarden under Hafslo prestegard. Arne er skriven byggmeister og budde elles på plassen som strandsitjar fram til kring 1849. Då flytte huslyden først attende til Sogndal og i 1853 vidare til Viks-Håland i Torvestad på Karmøy. Kring 1860 flytte dei so til Haugesund der Britha d. 24.11.1871. Arne flytte sidan attende til Sogndal der han 23.10.1876 gifte seg tredje gongen med Kari Monsdotter, f. på Lyssand i Os 12.9.1839. Kari d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

og Arne flytte i 1884 til Aurlandsvangen i Aurland der han 16.5.1884 gifte seg fjerde gongen med Kari Torstensdotter, f. på Bjelde i Aurland 1.1.1836. Arne og Kari vart buande på Aurlandsvangen i Aurland der Arne d. som snikkar 21.2.1898. Kari d. som snikkarenkje same staden 24.6.1913. Arne fekk i alt ni born, eitt frå første ekteskapet og åtte frå det andre. To av borni har ukjend lagnad:

 

* Malena Arnesdotter Ekanger, fødd i Hafslo 20.9.1844

 

* Mandius Olai Arneson Ekanger, fødd i Haugesund 11.11.1864

 

Her er huslyden in Haugesund i 1865 (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1106&kenr=000&bnr=0146&lnr=00).

 

Som ein ser er korkje Malena eller Mandius nemnde i 1865, so Mandius må truleg vera avliden kort etter fødsli. Eg trur at ogso Malena er avlidi på same tidi, men eg har ikkje greidd å finna nokon av dødsfali i Haugesund. Er det eg som ser dårleg, eller døydde dei ein annan stad?

 

Eg har òg vore på leiting etter dødsfallet til Kari Monsdotter (Lyssand), men finn ikkje dette heller, i alle fall ikkje i Sogndal...

 

Eg vonar kanskje nokon med lokal kunnskap kan bidra med gode tips og takkar so mykje på førehand for desse!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

For ordens skyld, Rogaland fylke, Skåre i Torvastad, Ministerialbok nr. A 11 (1857-1866), Fødte og døpte 1865, side 69, nr. 202: MandiusOlai

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Carsten for spennande innlegg! Då er dødsfallet til Malena på plass, men det er merkeleg kor vanskeleg det skal vera å finna Mandius...? Det er jo so mange sokn i og kring Haugesund...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Johan Arthur Hansen

Utrolig at Mandius ikke er å finne blandt døde i Skåre/Torvastad eller Torvastad. De bodde på Vibrandsøy (dengang i Torvastad) og blandt fadderne til Berte Petrine f.1854 er Nils Jørgenson som også er blitt ¨kalt "byen Haugesund sin far" Av andre faddere er også en Rasmus Magnesen Ekanger fra Osterfjorden som også var bosatt på Vibrandsøy uten at dette førte til løsning på hvor og når Mandius døde.

Får lete videre!

Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Johan Arthur Hansen

Det ser ut som om det mangler en del i kirkebøkene for Skåre/Torvastad i 1864. Mellom sept.1864 og des.1864 så er det ikke skrevet noe inn.

Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til ein kjekk ung mann med namn Johan Arthur for interessante innlegg!

 

Eg er òg svært forundra over at ikkje dødsfallet til Mandius er å sjå nokon stad. No vart vel ikkje Mandius døypt før 26.12.1864, so då fell han vel kanskje utanfor den "lakunen" som du Johan Arthur nemner...

 

Kan det tenkjast at DØDSMELDINGSLISTENE for Torvastad/Skåre kan vera til hjelp? Dei er jo (normalt) so innhaldsrike, at eg reknar med de har kopiar av dei i Haugesund?

 

Eller, kan det tenkjast at FT1865 er feil og at Mandius framleis levde i 1865? Dødsmeldingi etter mori frå 1871 ville då vera til hjelp...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Johan Arthur Hansen

Hei!

Det bilde er visst tatt lenger tilbake enn for to uker siden! Det ser ikke ut som om det manglet noe i kirkebøkene allikevel uten at det hjalp på mysteriet. Tenkte også på om han kunne være i live i 1865, men har ikke funnet ham.

Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.