Gå til innhold
Arkivverket

[#486] Stor trafikk


Gjest Jan Oldervoll
 Del

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

I dag hadde me 142.898 oppslag i databasane våre. Dette er ca 25.000 meir enn me nokon gong før har hatt på eit døger. Det er mykje. Men me har hatt det travlare før. Korleis heng det saman? Eg oppdaga på torsdag at teljerutina vår var feil. Då me oppretta landsomfattande søk i 1999 gløymde eg tydlegvis å forandra teljeprosedyren slik at også dei vart med i totaltalet. Fram til torsdag låg dei verkelege tala 30-40 prosent høgare enn dei registrerte. Dermed kjem me jamt til å liggja på over 100.000 oppslag i døgeret.Eg har også laga betre rutingar for å sjå kva land brukarane våre er frå. Denne helga har me hatt ein ivrig brukar frå Niger, og ein frå Mexico. Han frå Christmas Island og han frå Samoa var her ikkje så lenge, men dei tok no ut nokre sider. Det gjorde heller ikkje han frå Saudi Arabia. Men elles er her brukarar frå alle stader der ein kan tenkja seg at nordmenn er.Det ville elles vera hyggeleg for oss alle om folk frå meir eksotiske land som les dette, sender oss nokre ord; enten i debattforumet eller også i e-post til digitalarkivet@uib.no, eller til meg oldervoll@hi.uib.no.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.